Wikipedia-diskusjon:Arbeidskontoret

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Endring i utsjånaden[endre wikiteksten]

Eg har lenge vore misnøgd med brukarportalen (dei få gongene eg har vore innom), og har no utbetra han på nokre av dei områda eg syntest han trengte det, med ein meir oversiktleg hjelpekolonne til høgre og ein meir interessant brukardel til venstre. Fleire utbetringar er velkomne. Det er òg eit nytt namn, men det kan me kanskje ta til nyåret. -- Ranveig 27. des. 2005 kl. 14:15 (UTC)

Inga kritikk meint mot dei som lagde førre designet, men eg syntest det kom seg no, ja. Kanskje det hadde vore ein ide å bytte ut lenkja Wikipedia:Vekas artikkel med Wikipedia:Vekas artikkel/2006 istaden? Dei fleste les vekas artikkel på framsida likevel... --Anders 27. des. 2005 kl. 23:46 (UTC)
Toppen av sida har eit stort blankfelt, like høgt som høgda på innhaldsboksen. Det er ikkje vidare fint. --Knut 15. desember 2008 kl. 18:26 (CET)[svar]
Betre no, men innhaldsboks rett under overskrifta, som på Samfunnshuset, er det beste. Synst eg. -Knut 15. desember 2008 kl. 19:38 (CET)[svar]

Sandkassen[endre wikiteksten]

Eg veit at kasse òg kan vera eit hankjønsord, men kor vanleg er det? Det skjer meg i augo at det er ein peikar til sandkassen i brukarportalen. --Ekko 24. juni 2006 kl. 19:52 (UTC)

Eg seier «sandkassen», men har ikkje noko imot å bruka hokjønnsforma. Derimot vil eg svært gjerne finna på eit godt avløysarord for «Brukarportal». Det skjer både her og der. -- Ranveig 25. juni 2006 kl. 11:06 (UTC)
Ja, «brukarportal» kling litt merkeleg... Hmm..... Kanskje Oppslagstavla? Eller Veggavisa? Kontoret? Arbeidskontoret? Redaksjonskontoret? Redaksjonen? Kommandosentralen? (Eg likar ikkje den varianten, men det er nok eit snev av sanning der.) Dugnadstavla? Bodstikka? Det finst mange potensielle namn. Om nokon andre legg til fleire mulege namn, så kan vi nok diskutere oss fram til eit namn som er treffande og betre norsk enn «brukarportal»... -- Olve 25. juni 2006 kl. 21:35 (UTC)
Eg fall for Arbeidskontoret! Og er tydeleg avhengig, eg sit i 35+ i Hellas nett no. --Ekko 1. juli 2006 kl. 11:37 (UTC)
Eg liker òg Dugnadstavla, men Arbeidskontoret er godt skildrande og i same stil som Samfunnshuset. Ikkje noko i vegen med det som eg kan sjå. Kos deg vidare i Hellas -- av og til kan ein trenga ein liten kontrast til sola, eller kva? -- Ranveig 1. juli 2006 kl. 16:08 (UTC)

Ikkje innlogga[endre wikiteksten]

Bokmål Wikipedia syner ei åtvaring om ein freistar å redigera ein artikkel utan å vera innlogga. Dette tykkjest meg eit turvande påfunn. Er det mogeleg å konfigurera nynorsk Wikepedia på same viset? Sigmundg, 24/9 2006.

Ein får ei åtvaring her òg. Ikkje så stor som på bokmål, men kanskje stor nok? -- Ranveig 21:50, 22 oktober 2006 (UTC)

Artikkelkonkurranse[endre wikiteksten]

Kva med å starte ein artikkelkonkurranse i samarbeid med bokmålswikipedia, eller aleine vis dei ikkje tør samarbeide med oss?

Omorganisering[endre wikiteksten]

Denne sida kunne ha godt av ei omorganisering. Det finst ein god del Wikipedia:-sider som det ikkje er lenka til her, og dei det er lenke til er ikkje lett å finna (lange lister). Å organisera sida på ein liknande måte som sv:Wikipedia:Deltagarportalen er kanskje ein idé. Martin NH 23. januar 2009 kl. 21:38 (CET)[svar]

Gjere artikkel synleg[endre wikiteksten]

Eg er heilt ny i Wikipedia, og arbeider med ein artikkel om det afrikanske fulfulde. Kva skal eg gjere for at artikkelen skal bli synleg for andre? Når eg skriv fulfulde i ruta søk, kjem han ikkje opp. Beste helsing, --Hrothawulfar 18. mai 2009 kl. 13:41 (CEST) (Rolf Theil)[svar]

Nett no ligg artikkelen på brukarsida di. Han må leggast ut i hovudnamnerommet under fulfulde. Det er truleg enklast å kopiera tekstan frå brukarsida di og legga han inn der du kjem når du trykker på lenka. Elles kan du også flytta det som ligg på brukarsida di (det står "flytt" øvst på sida). Flott arbeid! --Ranveig 18. mai 2009 kl. 13:43 (CEST)[svar]
Grunnen til det er at du har skrive heile artikkelen på din eigen brukarside. Brukarsidene er unntatt frå vanleg søk. Eg skal flytte artikkelen for deg. Veldig fin artikkel forresten. --KRISTAGAα-ω 18. mai 2009 kl. 13:46 (CEST)[svar]
Takk skal du ha! Det fungerte! --Hrothawulfar 18. mai 2009 kl. 13:49 (CEST)[svar]
Jepp, med litt rot på vegen. Skriv gjerne litt om deg sjølv på brukarsida di, det er alltid morosamt å vite litt om andre skribentar her (men bare viss du vil, det er lov å vera heilt anonym). --KRISTAGAα-ω 18. mai 2009 kl. 13:53 (CEST)[svar]
Sluttar meg til alt som er sagt her. Om du vil vera anonym, så er det forresten uansett fint om du skriv litt om interessene dine og liknande på brukarsida di.... :-) Olve Utne 18. mai 2009 kl. 14:03 (CEST)[svar]

Letter to the foundation[endre wikiteksten]

Hi!

I just want to make you aware about this letter to the founfation by parts on the global community and the discussion around it:

--Kmhkmh (diskusjon) 23. august 2014 kl. 15:39 (CEST)[svar]

Bør Operatør være en pekerside?
For øvrig brukes ordet på bokmål, om kommandosoldat og spesialsoldat,
og av media om "911-operatør" [1].
En kirurg som opererer, er på sett og vis en operatør. Sju hav (diskusjon) 20. februar 2018 kl. 06:51 (CET)[svar]