Wikipedia-diskusjon:Artiklar vi bør ha

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Denne lista er svært lang, og blir vel ikkje kortare. Kanskje me heller kunne delt henne opp i mindre tema? Eg ser for meg ein kategori med fleire lister over artiklar Wikipedia mangler. "Private" lister, som Eirik sine land og Ulf sine mange lister, kunne òg leggjast der. Ei slik samling vil gje inspirasjon og ikkje minst oversyn til alle. -- Ranveig 16. juli 2005 kl. 15:03 (UTC)

Ja, ei oppdeling av denne lista har eg òg tenkt på — helst ei med ein samanhaldande mal, slik som på sidene med bilete av kyrkjer i Noreg. -- Olve 16. juli 2005 kl. 19:44 (UTC)
Det ser ut til å vera ein feil i innhaldslista: Matematikk er blanda saman med fysikk. Det er vel berre superbrukarane som kan retta opp dette?
-- Sigmundg


Legge til symbol forann artikkellenkene[endre wikiteksten]

På bokmålswikipediaen ser eg at dei har sett eit symbol foran for å visa om det er ei spire, eller ein god artikkel osv. Kanskje vi kunne gjort det same? Lars 11:07, 4 april 2007 (CEST)


Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:06, 16 august 2007 (CEST)

Prinsippdiskusjon: Kva slags leksikon vil vi laga?[endre wikiteksten]

Klassiske norske leksikon inneheld som regel både djupneartiklar og såkalla ordboksdefinisjonar. Det har så langt vore ei opplesen og vedteken sanning at Nynorsk Wikipedia ikkje skal innehalde definisjonsartiklar. Eg har lenge vore i tvil om kor lurt det er å ekskludere slike artiklar all den tid vi er det einaste nynorske allmennleksikonet på heile Internett. (På dei fleste andre europeiske kulturspråka finst det allereie fulle allmennleksikon. Slik er det ikkje i praksis for nynorsk.) Etter å ha tenkt mykje og lenge på dette er eg kommen fram til det synet at det er nyttigare å ha eit «fullstendig» leksikon som inkluderer definisjonsartiklar (av type Norsk Allkunnebok og Store Norske Leksikon) enn eit reint djupneleksikon (av type Familieboka). I dette ligg det sjølvsagt at «ordboksartiklar» bør utvidast til djupneartiklar snarast muleg der dette går an og fell naturleg... Men eg er no berre éin person av mange her på Nynorsk Wikipedia, og her er det viktig at så mange som råd er med på diskusjonen og at vi kan komma fram til eit vedtak som flest muleg bidragsytarar og lesarar kan leva med og ha mest muleg nytte av. (Men ver snill og hald ein sakleg tonesærleg om du har sterke kjensler for eller mot dette...!) -- Olve 11:25, 18 januar 2007 (CET)

Eg er ikkje prinsippielt mot ordboksartiklar, men dei må ha like mykje kjelder som andre artiklar. Og nynorskordboka /Norsk ordbok gjer jo jobben bra. Er det nokon grunn til å gjera dette arbeidet om att, og trulegdårlegare (dersom me ikkje driv med avskrift)? --Ekko 13:26, 18 januar 2007 (CET)
[Redigeringskonflikt] Kjelder må til, ja. Ser du elles på Nynorskordboka, så er ikkje så reint få artiklar der som er upresise nok til at vi lett kan gjera ein betre jobb. Sjå for eksempel på sneisegl, på den manglande presisjonen i definisjonane av gardbrukar vs. bonde o.a. Vi har ein god del solide fagfolk her på Nynorsk Wikipedia og eg er så optimistisk at eg trur vi kan gjera ting betre i mange samanhengar. Det er for eksempel ikkje nødvendigvis slik at arbeidet med Nynorskordboka vart dagleg kontrollert av folk med doktorgradskompetanse i uralsk språkvitskap eller personleg bakgrunn frå hinduisk kultur...
Eg meiner ikkje at vi treng å tvihalde på fyrau, for eksempel — innhaldet der er greitt nok, men bør kanskje heller anten leggjast inn som ein del av ordtilfangsbolken i artikkelen om nordmøring eller flyttast over til fyrug (om vi finn det verdt å ha akkurat den artikkelen) som kommentar om uttalevariasjon.
Eksempel på artikkeltypar eg trur kunne vera nyttige her er lettdefinerte men truleg ikkje langskrivande ord frå landbruks-, havbruks- og sjøfartsspråk (hypping, talle, tynning, stikke til havs, setje på grunn o.l.), adjektiv og verb med utomskandinavisk opphav (estimere (har mange tydingar i norske dialektar), affisere, schpaa osv.), eit utval av sentrale ord frå ulike sjargongar osv. Enkelte av desse vil naturleg nok kunne bli ganske korte (inntil vidare?) — men er dette nødvendigvis slettingsgrunn? -- Olve 15:17, 18 januar 2007 (CET)


Eg er mot ordboksartiklar på Wikipedia, men for ordboksartiklar på Wiktionary. Eg er i det heile mot å vere anleis i den grunnleggjande strukturen. Slike ulikskapar skaper sand i det store Wikipediamaskineriet.
Om det er to ord som er nokonlunde synonyme, i kva av dei skal hovudtyngda av artikkelinnhaldet liggje, eller skal det liggje i begge to? Ta t.d. hause, gallure og gauder, eller gardbrukar og bonde, og kva for artikkel skal interwikilenkjast til hovudartikkelen om emnet på andre språk? --Jorunn 14:58, 18 januar 2007 (CET)
Ordboksartiklar på Wiktionary.... Om det hadde gått an å ha direkte omdirigeringar dit, så hadde det vore betre...
Når det gjeld problemet hause/gallure og interwiki, så har vi mykje av same problemet med jul vs. en:Yule/en:Christmas. Er einig i at dette er eit problem, men veit ikkje om det alltid kan (eller bør) løysast — språk kan ofte ikkje omsetjast ordrett.
-- Olve 15:23, 18 januar 2007 (CET)

Når det gjeld integrering av Wiktionary: Når vi søkjer på oppslagsord som ikkje finst her enno, så får vi opp ei side med forslag til søk på bokmål, svensk og dansk. Kanskje vi burde leggje til Wiktionary der? -- Olve 15:29, 18 januar 2007 (CET)

Eg sette slettemerket på fyrau, fordi eg har oppfatta at det er politikken her, men eg meiner dte bør vere plass til denne typen artiklar her. Dersom vi stikk hovudet i jorda så vil vi nok oppdage at det ikkje finst kreftar til å drifte så mykje meir enn eit wiki-prosjekt på nynorsk. I alle falll no. Det tyder at ei nynorsk wiktionary nok ikkje kjem til å blomstre med det første - trur no eg. Eg trur det vil vere lurt å samle kreftene her, og gjere plass til også ordboksartiklar. Dersom direktelenking til wiktionary var mogleg ville eg nok skifte meining. Men kanskje kunne vi merke på ein slik måte at slike ordbokartiklar på eit enkelt vis kunne migrere over til wiktionary. Så kunne dei som ønska det utnytte samfunnet her til og å bygge wiktionary. stykkjet 17:26, 18 januar 2007 (CET)

Ja nettopp.... Da vi mista bidragarar til WikiNytt gjekk produktiviteten her på Nynorsk Wikipedia tilsvarande ned, er inntrykket eg sit att med. Så lenge dei ulike wikibyggjeklossane ikkje er heilt opplagte for tilfeldige gjester trur eg òg vi gjer oss sjølve ei bjørneteneste ved å fragmentere innsatsen. -- Olve 19:16, 18 januar 2007 (CET)
I skrivande stund har Nynorsk Wiktionary 42 artiklar (sidan opprettinga 21. april 2005) og Nynorsk-bokmålske WikiNytt har til saman 112 artiklar (sidan 13. januar 2006). Eg trur vi gjer lurare i å konsentrere kreftene våre på å laga eitt godt og inkluderande leksikon. -- Olve 19:30, 18 januar 2007 (CET)
Einig i at det nok er like greitt å konsentrere seg om Wikipedia... Kva med å laga ein mal for å merke definisjonsartiklane? Så ville det vera lett å finne dei att dersom ein i framtida ønskjer å skilje dei ut att. --Erlend 16:29, 19 januar 2007 (CET)
Til dømes slik: Mal:Definisjon. --Erlend 16:37, 19 januar 2007 (CET)
Den malen likte eg! :-) Trur det er eit godt kompromiss som vi kunna gje oss eit skikkeleg løft og gjera NN:WP mykje nyttigare utan at vi treng å ha dårleg samvit for at ikkje alle artiklane er fordjupningsartiklar... Olve 18:41, 19 januar 2007 (CET)
Tja, kvifor ikkje. Berre kjeldetilvisingane er i orden så... --Ekko 18:52, 19 januar 2007 (CET)
Fint, da :) Var innom berre ein kjapp tur tidlegare i dag, og no når eg les nøyare, ser eg at stykkjet òg gjer framlegg om å merke definisjonane. Veit ikkje om det var ein mal han tenkte på? Dei som kan noko om bot-ar og sånn, kan jo tenkje gjennom om det er nokon annan type merking som gjer det enklare å føre over artiklar til Wiktionary - viss det går å bruke bot-ane på tvers av prosjekta. --Erlend 21:21, 19 januar 2007 (CET)
Dette løysingsframlegget er so godt at sjølv om eg prinsipielt er samd i at Wikipedia bør vera eit leksikon og ikkje ei ordbok, stør eg Erlend sitt framlegg!
--Verdlanco\ordskifte 21:29, 19 januar 2007 (CET)
Det vi diskuterer her er skilnaden mellom ordbøker og leksikon. I prinsippet er skilnaden klår: Trass i ytre likskap (mange relativt korte artiklar alfabetisk ordna etter oppslagsord) er den grunnleggjande skilnaden at leksika fortel om verda, mens ordbøker fortel om språket. Avgrensingsproblemet går begge vegar: I leksikonet mot ordboka: Språket er ein del av verda, og dermed fristande å ta med. I ordboka mot leksikonet: Ordboka er framfor alt eit hjelpemiddel til å forstå språket, og då er ofte kunnskap om verda sentral (t.d. inneheld ein del tospråklege ordbøker informasjon om namn, for ein framandspråkleg lesar vil det vere viktig for forståinga av teksten at eit visst ord t.d. er eit personnamn, eit kvinnenamn, osb.). I ei ordbok vil eg finne opplysningar om valens, om reksjon, osb., dette vil eg helst ikkje sjå i eit leksikon.
Skilnaden mellom ordbøker og leksika blir dermed ikkje at den eine har korte og den andre lange artiklar, men at den eine handlar om språk og den andre om verda.
Det som er oppe i diskusjonen her er ordboksdefinisjonar, ein del av det vi finn i ordbøker. Ein ordboksdefinisjon fortel kva eit ord tyder, ved å erstatte det med (semantisk) enklare ord. Ein del av ein artikkel som bonde eller frukt kan vere å opplyse om kva desse orda faktisk betyr på norsk, og kva tilhøve desse tydingane har til objekta orda refererer til. Noko anna er reine synonymsamlingar, som nynorsk- og bokmålsordboka dessverre er full av. Vi går slett ikkje fri på wikipedia heller, og sitata ovafor overtyder ikkje: hause viser (dessverre) både til gauder og gallure, men det er berre gauder som er den relevante sida, med totalt defaitisktiske merknader som «om lag». Så kjem vi endeleg til gauder, sitat «eit ord som kan brukast om ein luring eller ein flåkjeft». Her er det to feil: For det første blir det implisitt sagt at ein luring er det same som ein flåkjeft, noko det som regel ikkje er. For det andre seier ikkje artikkelen noko om kva ein luring og ein flåkjeft er (lesaren har t.d. ein mistanke om at «luring» her er brukt i ei spesiell tyding). Dette er leksikografi på verste Nynorsk/bokmålsordboksnivå: Lesaren er like klok som før. Sjølv vil eg forsøksvis seie at «ein flåkjeft er ein som seier rett ut det han eller ho meiner, på ein måte som gjer at dei som høyrer på legg merke til det, og slik at dei det gjeld kan bli lei seg» og at «ein luring er ein som ikkje seier det han meiner rett ut, men seier det motsette, eller noko uventa, på ein måte som vi kan le av, og som vi kan syns er godt sagt, og som krev at vi tenkjer oss om for å forstå kva han/ho meiner". Kanskje treff eg ikkje heilt, men det er betre enn Nynorskordboka, som lar luring vise til lur, som som femte (!) tyding har snedig, listig, slu, ikkje dum; utspekulert.
Det er slike diskusjonar vi kjem inn i viss vi seriøst skal tenke over kva tyding ord har, om og i tilfelle kva skilnad det er mellom luring og flåkjeft. Argumenta for å ha dei i wikikpedia (= å ha eitt prosjekt heller enn to, og heller evt. flytte til eigen wiki-ordbok seinare) er gode, og dei gamle argumenta med at brukaren skal vite kva av dei ulike tokilos bøkene han/ho skal gå til gjeld som kjent ikkje i dag. Så sjølv om eg vil ha verda ut av ordboka er eg ikkje like oppteken av å få ordtydingane ut av leksikonet. Men gode definisjonar er altså noko anna enn eit synonym eller tre. Mitt ideal her er Svensk ordbok og Nationalencyklopedins ordbok, som med dette er tilrådd lesing. Trondtr 17:01, 27 januar 2007 (CET).
Slik det er no vert ordboksdefinisjonar sletta frå nynorsk wikipedia. Erlend sitt forslag er sers pragmatisk og gjer at det er enkelt å merke artikkelen som tilhøyrande i eit anna bokverk men la godt arbeid få leve. Om ikkje det går an å omdirigere til Nynorsk Wiktionary enno, så kan det jo ein gong bli mogeleg, og då får ein mykje større starthjelp med ei samling ferdige definisjonar. Med andre ord så stør eg framlegget til Erlend! Hogne 23:59, 2 februar 2007 (CET)
Etter å ha vore (alt for) aktiv på nn:wik- i eit par månader (har lovt å roe meg), har eg etterkvart oppdaga at ein av dei gode tinga ved wikipedia er at vi kan skifte mellom ulike språk og sjå kva dei skriv om eit emne i andre språk/kulturar. Men for å halde på dette, bør wikipedia på ulike språk organiserast etter høveleg like prinsipp. Eg har tru på korte artiklar (mange av dei engelske er etter mitt syn for lange); ein internettbrukar er kanskje ikkje ute etter å lese så mykje på ein stad. Men å skrive inn ordbokdefinisjonar over bygdemål har eg lite tru på. Slike korte artiklar ser eg berre nytten i om dei stør opp under ein annan artikkel.Knut 02:51, 11 februar 2007 (CET)

Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:06, 16 august 2007 (CEST)

New real time list of missing articles[endre wikiteksten]

I suggest that you give a look to the Mix'n'match tool by Magnus Manske, and that you recommend it from this page. Thanks to Wikidata, it's able to tell you in real time what articles you're missing out of several reliable lists of relevant persons. --Nemo 10. oktober 2014 kl. 19:06 (CEST)