Wikipedia-diskusjon:Babel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Basis - middels - avansert - morsmål[endre wikiteksten]

I eit forsøk på nytenkjing lét eg somme bolkar i lista over brukarspråkmalar innehalda sitat frå sjølve malane [1]. Det var kan hende litt for revolusjonært. Men forsøket viste at mange av malane følgjer skalaen basis - middels - avansert - morsmål, medan det no står basis - vidarekommen - avansert - morsmål i lista. Eg føreslår å endra praksisen frå vidarekommen til middels i trinn 2. --Eddi (Snakk) 17. august 2005 kl. 21:27 (UTC)

Multibabelmalar for innsetjing av babelboksar til høgre[endre wikiteksten]

Wikipedia:Babel
nn Denne brukaren har norsk som morsmål og skriv nynorsk.
en-3 This user is able to contribute with an advanced level of English.


et-1 Kasutaja suudab eesti keeles kaastööd teha algaja tasemel.
Kategori:Wikipedantar

Eg har laga multibabelmalane babel-2 til babel-15 som kan brukast for å setja inn fleire høgrestilte babelboksar på ein gong, t.d. {{babel-6 | nn | nb | en-3 | de-2 | da-2 | sv-2}}. I dømet til høgre er babel-3 brukt. Kan det passa å ha med noko om dette på prosjektsida? --Eddi (Snakk) 28. okt. 2005 kl. 22:50 (UTC)

Eg har no lagt inn bruksrettleiing for babelboksar på prosjektsida. --Eddi (Snakk) 29. okt. 2005 kl. 05:51 (UTC)
nb Denne brukeren har norsk som morsmål og skriver bokmål.

No finst òg babel-1 for lett å kunne plassera ein enkelt babelboks til høgre. Medan multibabelboksane har overskrifta Wikipedia:Babel, har denne boksen inga overskrift. --Eddi (Snakk) 29. okt. 2005 kl. 05:51 (UTC)



Malen {{Babel}} tok berre 1 argument tidlegare, men tek no opptil 30 argument. Eg har difor oppdatert rettleiinga for multibabelboksar på prosjektsida. Samstundes er Babel-2, Babel-3, ... Babel-15 blitt overflødige. Desse er no omdirigerte til {{Babel}} utan at funksjonaliteten er endra. Den einaste eg lot stå var {{Babel-1}}, som ikkje har overskrift og dermed er litt annleis. Eddi (Snakk) 28. oktober 2010 kl. 10:04 (CEST)[svar]

Kategori:Babelboksar[endre wikiteksten]

Kategorien Babelboksar er oppretta, og eg har byrja leggje nokre av malane dit. Men det står mykje att, og eg er glad om andre hjelper til. Det som må leggjast inn, rett etter <table>, er t.d.:

<noinclude>[[Kategori:Babelboksar|nn-3]]</noinclude>
NB! Det må ikkje vera linjeskift mellom <table> og <noinclude>

Samstundes kan det vera greitt å leggja <includeonly>...</includeonly> rundt brukarkategoriane i malane, slik at sjølve malane ikkje blir kategorisert som brukarar.

I multibabelmalane har eg lagt ei kort rettleiing med syntaks og tilvising til Wikipedia:Babel. Helsing Eddi (Snakk) 2. mai 2006 kl. 02:24 (UTC)