Wikipedia-diskusjon:Ballongnavigasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Dette er diskusjons- og spørsmålssida for ballongnavigasjon, både den stabile versjonen og testversjonen. For rettleiing om installasjon og bruk av ballongane, sjå her.

Spørsmål kan takast opp nedanfor eller på en:User talk:Lupin. Dersom du har problem med ballongane, sei frå kva versjon av nettlesar og operativsystem du brukar – t.d. Opera 8.50 på Linux – og kva versjon av ballongane du brukar – stabil (popups.js) eller test (popupsdev.js).


Obligatorisk med springvindauge?[endre wikiteksten]

Eg vonar dette kun er til bruk for dei som vil. Eg hatar springvindauge, det bare rotar til skriveborda mine. Eg nyttar fanebasert nettlesing, og trivast med det. --KRISTAGAα-ω 20. des. 2005 kl. 01:25 (UTC)

Javisst er det valfritt om ein vil bruka popups, og ein kan skru dei av og på ettersom ein ønskjer. Det er forresten ikkje popups slik ein kjenner dei frå påtrengande reklamebodskap som må lukkast med makt, men små ballongar som dukkar opp når ein svever over lenkjer og som blir borte når ein svever bort frå lenkja. :) Det er ganske morosamt, om ikkje anna enn for å ha prøvd. For å skru dei av og på redigerer ein sitt eige javascript med nokre få linjer, t.d. etter mønster av Brukar:Eddideigel/monobook.js --Eddi (Snakk) 20. des. 2005 kl. 04:20 (UTC)
PS: Kan henda du får overtydd meg om å skriva springvindauge etter kvart, men no har eg skrive popups opp og ned i dagesvis og er litt einspora...
Tjoho! Eg kan ikkje ha vore tolmodig nok, for no fungerar det heilt fint i Opera i alle fall! Eg var skeptisk, i og med at det var snakk om springvindauge, men det her er ikkje irriterande i det heile. Kjempetøft ;-) Applaus for Eddi/ Kurtber|Ordskifte 21. des. 2005 kl. 00:25 (UTC)
Kjekt å høyra. :) Fleire kommentarar på diskusjonssida for testversjonen. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 05:17 (UTC)

Fungerer ikkje[endre wikiteksten]

Flytta frå den tidlegare diskusjonssida for testversjonen av Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 13:41 (UTC)

Eg limte inn det som stod under Nynorsk i Brukar:Kurtber/monobook.js, og trykte på førehandsvising for å sjå om det fungerte. Under førehandsvisinga fekk eg heile koden på ei linje øvst på nettsida, og ingen sprettvindauge.

Eg prøvde å lagre, og so langt som eg forstår har det ikkje skjedd nokon ting her (når eg lagra fekk eg ikkje "kodelina" øvst på sida). Eg har prøvd i både Opera 8.51 og Firefox 1.0.6 i Windows XP. Skal prøve i Fedora Core 4 (linux) seinare når eg får tilgang til mi eiga maskin igjen..

Eg har ikkje brukt særleg mykje tid på det her, so det kan godt hende eg har oversett noko... Men sidan det står ein eigen "feilmelding/spørsmål"-seksjon her, so må eg jo berre skrive inn ;-) / Kurtber|Ordskifte 20. des. 2005 kl. 18:56 (UTC)

Det tar gjerne nokre minutt eller ein halvtime etter at nettlesarminnet (cache) er nullstilt, men eg har ikkje akkurat tatt tida. Eg kan nemna ventetid i rettleiinga. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 04:57 (UTC)
Funkar fint her. Firefox 1.0.7, Windows XP. --Bep 20. des. 2005 kl. 19:58 (UTC)
Tjoho! Eg kan ikkje ha vore tolmodig nok, for no fungerar det heilt fint i Opera i alle fall! Eg var skeptisk, i og med at det var snakk om springvindauge, men det her er ikkje irriterande i det heile. Kjempetøft ;-) Applaus for Eddi / Kurtber|Ordskifte 21. des. 2005 kl. 00:25 (UTC)
Kjekt å høyra. :) Eg tillet meg å sitera deg på diskusjonssida for den stabile versjonen – der det òg er kommentarar om popups vs. springvindauge, eller andre namn, og om administratorfunksjonar. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 04:57 (UTC)

Slutt på bolk flytta frå den tidlegare diskusjonssida for testversjonen

Administratorfunksjonar[endre wikiteksten]

Dei som er administratorar må eventuelt aktivera administratorfunksjonane ved å fjerna skråstrekane og mellomrommet føre popupAdminLinks=true i monobook.js. Då kan eg kanskje få tilbakemeldingar på korleis det verkar. Det er vel ikkje så ofte desse funksjonane blir brukte, men utan tilgang blir det uansett vanskeleg å gjera nokon validering. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 05:17 (UTC)

Popups, springvindauge, eller andre namn[endre wikiteksten]

Skulle me ha funne eit betre namn enn både popups og springvindauge, så det verkar meir innbydande? --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 05:17 (UTC)

Eg føreslår at me kallar desse vindauga for «ballongar» i staden for «popups». Det er nokså dekkjande for slik dei ser ut og oppfører seg, og så unngår me utilsikta kobling mot dårleg omtykte reklame-popups. --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 14:11 (UTC)
Eg tykkjer at ballongar kling noko dårleg. Kanskje eg er konservativ sidan eg på eit vis er innanfor fagfeltet. Tykkjer ein skal kalle ein spade for ein spade, og at pop-up (eller eventuelt sprett-opp (litt desp. oversettjing i mine auge)) er greitt sidan eg trur det er veldig innarbeidd hjå folk flest. Ein anna ting er at om reklamepopups er sperra, så vil vel våre popups vere sperra og? Men dette må eg prøve, det får bli i morgon. Microsoft har jo nytta ordet ballong for _veldig_ små meldingar som kjem opp frå systemlinja, det tykkjer eg likevel at blir noko anna enn når eit heilt vindauge kjem opp... (Ein slik ballong er ikkje eit fullverdig programvindauge, berre ei melding). -- Roger 5. jan. 2006 kl. 00:27 (UTC), som seier meininga si men likevel prøver å ikkje vere krass.
Popup-sperring verkar nok ikkje inn, for eg brukar det sjølv utan at det gjer noko. Når det gjeld Microsoft sin definisjon av ballong så lever eg i lykkeleg uvisse, men eg synest det bør vera oppførsla til vindauga og ikkje storleiken som avgjer kva me kallar dei. For mange er popups ubedne vindauge som krev meir enn ei svak røyrsle med musa for å forsvinna. Men me driv forsåvidt ikkje med vitskap her, så me kan setja namn på ting etter humøret – høyrest ikkje ballong meir morosamt ut enn popup? Elles er sjølvsagt alle namneforslag velkomne. --Eddi (Snakk) 7. jan. 2006 kl. 08:16 (UTC)
Vel, då har eg desa meg til å fått prøve tingen, og må seie eg vart imponert ja! Og då dette fell vel innunder det eg meinar kan kallast ein ballong eller ei boble... :-) Roger 19. januar 2006 kl. 22:24 (UTC) Det gjeld å vite kva ein prøver å uttale seg om...
Kanskje nokon kvar hadde vore mindre skeptiske viss det var snakk om bobler og ikkje popups. :D   Men då har me i alle fall eit nytt framlegg – eg må visst laga liste for å halda oversikt. --Eddi (Snakk) 20. januar 2006 kl. 00:48 (UTC)

Ymse framlegg, alfabetisk[endre wikiteksten]

  • Ballongar
  • Bobler
  • Popups
  • Sprettvindauge
  • Springvindauge

Resultat: Ballongar[endre wikiteksten]

Popups er no omdøypt til ballongar. Instruksjons- og diskusjonssidene er flytta til Wikipedia-rommet. --Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 13:44 (UTC)

Plassering av instruksjons- og diskusjonssidene[endre wikiteksten]

Sjølve javascriptet må liggja i brukarrommet for å vernast mot redigering, men mykje av instruksjons- og diskusjonssidene er typisk prosjektstoff som kunne passa betre i Wikipedia-rommet. På en: har dei instruksjon under en:Wikipedia:Tools/Navigation popups og noko diskusjon under en:Wikipedia talk:Tools/Navigation popups, pluss mange spørsmål og diskusjon på en:User talk:Lupin. Kva bør sidene heita her hjå oss? (Også med omsyn til om det skal heita popups, springvindauge, eller noko anna.) --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 05:17 (UTC)

Viss «ballongar» er greitt nok som namn på slike vindauge, så kan til dømes instruksen og diskusjonen for hovudversjonen flyttast til Wikipedia:Ballongnavigasjon og Wikipedia-diskusjon:Ballongnavigasjon, medan testversjonen kan ha ei enkelt side på Wikipedia:Ballongnavigasjon/testversjon. --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 14:11 (UTC)
Instruksjonar og diskusjon for både den stabile versjonen og testversjonen er no flytta til Wikipedia:Ballongnavigasjon. --Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 14:06 (UTC)

Alternative språkfiler[endre wikiteksten]

Omsetjing av tekst ligg no i eigne filer (t.d. Brukar:Eddideigel/strings-nn.js), der kvar brukar kan ha si eiga fil eller lasta inn frå ein annan brukar – eller bruka den engelske originalen. Dermed trengst ikkje lenger lokale kopiar av koden til sjølve javascriptet, og dei skripta som låg på brukarområdet mitt er omdirigerte til originalversjonane hjå en:User:Lupin. Instruksjonar for dei alternative språkfilene ligg på prosjektsida, men sei gjerne frå om det er spørsmål. --Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 14:06 (UTC)

Anna utsjånad i Firefox enn i Opera[endre wikiteksten]

Flytta frå den tidlegare diskusjonssida for testversjonen av Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 13:41 (UTC)

Det fungerar flott i Firfox i FC4 óg, men eg likte ikkje so godt funksjonen med springmeny (er det eit bra kallenamn?) inni springmenyen... Er det mogeleg å få Firefox til å sjå ut på same viset som i Opera? / Kurtber|Ordskifte 21. des. 2005 kl. 17:45 (UTC)

Det er visst ein bugg i skriptet som gjer at Opera og IE ikkje lagar menyar inni vindauget, noko som elles er standard [1]. Viss du legg inn følgjande linje i monobook.js, vil lenkjene visast utan menyar i alle nettlesarane:
popupStructure='original';
(Fnuttane trengst på variablar som ikkje er tal eller true/false.) Eit anna alternativ er vindauge med berre lenkjer, ikkje tekst og bilete. Då vil lenkjene òg visast utan menyar:
simplePopups=true;
Eg valde det første alternativet hjå meg sjølv. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 19:10 (UTC)
Det fungerte bra! (alternativ 1) Takk / Kurtber|Ordskifte 27. des. 2005 kl. 17:18 (UTC)

Slutt på bolk flytta frå den tidlegare diskusjonssida for testversjonen

Minnelekkasje?[endre wikiteksten]

Flyttet fra no:Wikipedia:Tinget#Ballonger for navigasjon og redigeringshjelp av Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 08:53 (UTC)

Mulig jeg bruker det samme scriptet du tenker på, men i noe annen form. Tidvis har dette scriptet problemer og lekker minne ganske kraftig. Jeg tror det er dette som lekker minne i alle fall. Hvis maskinen blir veldi treg over tid så restart. — John Erling Blad (jeb) 3. jan 2006 kl.16:20 (UTC)

På en: ser jeg du bruker den mer stabile versjonen, en:user:Lupin/popups.js. De norske testversjonene er nn:user:Eddideigel/popups-no.js og nn:user:Eddideigel/popups-nn.js. Minnelekkasje kan muligens avhjelpes med parameteren simplePopups=true; som skrur av forhåndsvisning av artikkeltopp og bilde. Skal si fra om jeg finner ut noe mer. --Eddi (Snakk) 3. jan 2006 kl.18:18 (UTC)
Jeg tror minnelekasjen (?) oppstår under parsing av store sider, typisk når en er på tinget og lignende. Muligens bygges det opp en eller annen struktur som er avhengig av siden en ser på. Antakeligvis er dette scriptet mest nyttig for administratorer som raskt trenger oversikt over hva brukere redigerer og om de troller. — John Erling Blad (jeb) 4. jan 2006 kl.03:34 (UTC)

Slutt på avsnitt flyttet fra no:Wikipedia:Tinget#Ballonger for navigasjon og redigeringshjelp

Har spurt på en:user talk:Lupin#Memory leak?, og Lupin mener javascriptet bør være OK mht. minnerydding. Han trenger evt. flere detaljer om browser og de konkrete situasjonene for å kunne feilsøke i skriptet. --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 08:58 (UTC)
Bruker du Firefox? En annen bruker på en: mener problemet kan være kombinasjonen av Firefox og diverse utvidelser, ikke utvidelsene i seg selv. --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 14:40 (UTC)

Ballongar for navigasjon og redigeringshjelp[endre wikiteksten]

Ballong for lenkja Noreg
Ballong for lenkja Brukar:Olve

Etter å ha sett dette javascriptet på en: måtte eg berre prøva, og no har eg laga nynorsk omsetjing av ballongar for navigasjon og redigeringshjelp. (Eller skal dei heita springvindauge...)

Med ballongar installert og ved å sveva over følgjande lenkjer kan du med eit einaste trykk til dømes sjå siste endring eller redigeringshistorikken for Noreg, overvaka, flytta eller redigera artikkelen, reparera ei omdirigering, starta eit nytt emne i brukardiskusjonen til Olve, senda han ein e-post, sjå bidragslista hans, eller redigeringsteljaren. Og masse meir. I overvakingslister og på historikksider er det fleire funksjonar, t.d. å omgjera endringar. Administratorar kan òg blokkera brukarar, sletta og verna sider, eller dei omvendte handlingane, med eit einaste trykk.

Den nynorske versjonen kan brukast anten med den stabile versjonen av javascriptet eller ein testversjon med nokre fleire funksjonar. Installasjon skjer ved å laga ei side med omlag 10 linjer under eige brukarområde. Installasjons- og bruksrettleiing finst på Wikipedia:Ballongnavigasjon. Spørsmål og tilbakemeldingar er velkomne på diskusjonssida. --Eddi (Snakk) 20. des. 2005 kl. 05:11 (UTC) / --Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 18:06 (UTC)

Skjermbileta til høgre viser korleis ballongane kan sjå ut i Internet Exploder. Layouten er finare til dømes i Opera og Firefox, der illustrasjonsbileta ligg øvst til høgre i staden for venstre. I Firefox og visse andre nettlesarar er funksjonane vidare grupperte i ballong-menyar inni ballongen. (!)
Sjølve javascriptet må forresten liggja i brukarrommet for å vernast mot redigering, men mykje av instruksjons- og diskusjonssidene er typisk prosjektstoff som kunne passa betre i Wikipedia-rommet. Vidare diskusjon om dette, og om det skal heita popups, springvindauge eller noko anna, føregår på diskusjonssida. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 05:48 (UTC)

Viss ingen protesterer høglydt vil eg kalla desse vindauga for «ballongar» i staden for «popups», og etter kvart flytta instruksjons- og diskusjonssidene til Wikipedia:Ballongnavigasjon. --Eddi (Snakk) 4. jan. 2006 kl. 14:19 (UTC)

Etter noko diskusjon trur eg no det er greit å flytta til Wikipedia:Ballongnavigasjon. --Eddi (Snakk) 11. februar 2006 kl. 09:26 (UTC)

Ei nyvinning gjer det no mykje enklare for kvar brukar å endra på tekstane både i ballongmenyane og i redigeringssamandraga. Tekstane ligg i ei eiga fil som er enkel å kopiera og vedlikehalda, og kan brukast saman med anten den stabile versjonen eller testversjonen. For nærmare informasjon, sjå Wikipedia:Ballongnavigasjon#Alternative språkfiler. --Eddi (Snakk) 11. februar 2006 kl. 09:26 (UTC) / --Eddi (Snakk) 1. mars 2006 kl. 18:06 (UTC)