Wikipedia-diskusjon:Commons

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

commons.wikipedia.org[endre wikiteksten]

Denne meldinga vart flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm 28. jan 2005 kl. 1408 (UTC) No eksisterer endeleg Wikipedia commons, ein stad der ein kan lasta opp filer (bilete, lydfiler o.l.) som deretter kan lenkjast til frå alle andre wikipediaer på Wikimedia sine servarar. Det vil seia ein treng berre lasta opp bilete ein gong for bruk på til dømes nn:, no:, se:, da:, en: osb. For å lenkje til bilete gjer ein dette på vanleg måte, altså [[Fil:Namn.xxx]]. Då vil programvaren først søke gjennom databasen til commons, og viss fila ikkje finst der, vert det søkt lokalt. Eit eksempel der dette er i bruk på nn: er Osama bin Laden.

På commons: kan ein og skriva artiklar som på ein vanleg wikipedia, men då berre med bilete og bilettekst(ar) (først og fremst på engelsk, men alle språk ser ut til å vera tillete). Dette gjer det mogleg for ein brukar å søke etter bilete og andre filer ein er interessert i. Eit godt eksempel er commons:Lund.

Dette prosjektet er ennå i startgropa, men eg føreslår at me frå nå av legg alle filer inn der, slik at dei vert tilgjengelege for alle andre wikipediar. Dette skulle gjera terskelen for å arbeida på meir enn ein wiki lågare, i tillegg til at det er eit steg framover teknologisk sett. Bjarte 3. nov 2004 kl. 10:56 (UTC)

Avsnittet nedanfor vart flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset --Gunnernett 16:11, 23 oktober 2006 (UTC)

Kasta ut av Commons[endre wikiteksten]

Eg er utsatt for nokon slags ostrakisme: Når eg går til Commons (med Opera sett som Internet Explorer og allslags cookies godteke) blir eg automatisk pålogga som altid før (og som altid no på nn:, nb:, en: og de:). Når eg vil lasta opp ei fil er eg plutseleg avlogga, når eg prøvar å logge på får eg melding om at dette ikkje går avdi eg ikkje godtek cookies! Kan nokon hjelpa? --Ekko 13. nov. 2005 kl. 21:08 (UTC)

Eg har hatt liknande problem tidlegare, men hugsar ikkje kva for nettlesar eg brukte nett då. Uansett trur eg Opera bør få vera Opera og ikkje ha på ulveklede. Så kan du gå inn og fjerna alle småkakene frå Commons manuelt, lukka og starta nettlesaren på nytt, og sjå om det går betre. Viss ikkje, bann og steik og prøv att om nokre timar. --Eddi (Snakk) 13. nov. 2005 kl. 22:43 (UTC)
Verka ikkje. Men eg fann ein annan bruker same problemet. Han hadde òg problemet berre på commons. (Og for meg har det vara i ei uke no!) Så kjeft ikkje på meg når eg lastar opp bilete lokalt! --Ekko 14. nov. 2005 kl. 10:50 (UTC)
Kan du redigera sider på Commons? Eg lasta opp eit bilete til Commons med Internet Exploder utan problem i dag (Windows XP), og redigerte fleire sider med Opera i går (SuSE Linux). Eg trur at Commons anten bakar andre slags kaker enn dei andre wikiane, eller så er bildeopplasting så forskjellig frå tekstopplasting at kakene ikkje er haldbare. Kanskje det er verdt å rapportera eit insekt viss det ikkje er gjort allereie. --Eddi (Snakk) 14. nov. 2005 kl. 10:59 (UTC)
Det viste seg at brannmuren min stoppa kjeksen. Kvifor desse og ikkje frå andre veit eg ikke. Løysinga (for denne gongen) blei å slå han av, få inn kjeksen, og slå han på igjen. --Ekko 14. nov. 2005 kl. 12:25 (UTC)