Wikipedia-diskusjon:Dugnad denne månaden

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva er det som skjer med dugnadane? Det er jo ikkje nokon dugnad i april! Eg vil foreslå at vi tek ein dugnad på å fjerne så mange raude lenker som rå frå Artiklar vi bør ha. Lars 11:53, 3 april 2007 (CEST)

Det skjer alt for lite med dugnadane, der har du heilt rett. Raudlenkefjerning er eit godt framlegg. Månadens dugnad er betre enn vekas dugnad, som vi i praksis ikkje har hatt på lenge. Dei som sett opp infrastruktur for oss andre kan sjå på om vi bør få månadens dugnad meir synleg opp på Arbeidskontoret. Trondtr 12:42, 3 april 2007 (CEST).
Eg kan ikkje sjå Månadens dugnad på arbeidskontoret. Kor er han? --Ekko 13:37, 3 april 2007 (CEST)
Den er ikkje lagt til endå. Eg trur det erstatta vekas dugnad utan at det har vorte endra på. Lars 13:43, 3 april 2007 (CEST)
Det er altså fiksa no.
To gode framlegg vart lansert for mai (nedanfor), eit langt steg fram samanlikna med stilla før i vinter. Eit tredje emne for dugnad kan vere å utarbeide ein liten infopakke om nynorsk wikipedia som vi som ein dugnad kan sende til folk vi meiner har noko å bidra med på ulike felt. Dette krev noko forarbeid, så kan finpussinga og utsendinga vere dugnadsemne ein gong til hausten. - Knut 13:13, 14 april 2007 (CEST)
Det hadde vore greit å få promotert nynorsk wikipedia i Norsk Målungdom og Norsk mållag sine avisar (motmæle og norsk tidend), kanskje gjennom ein artikkel eller eit intervju. Lars 17:40, 17 april 2007 (CEST)

Dugnad Juni[endre wikiteksten]

Eg fann ingen diskusjon om dugnad i Juni. Kanskje vi bør jobbe mot ein lang og god artikkel om Ivar Aasen? Lars 23:28, 31 mai 2007 (CEST)

Sjå Maldiskusjon:Dugnad juni 2007. Eg kopierer deg inn dit. --Ranveig 00:26, 1 juni 2007 (CEST)

Dugnad mars 2008[endre wikiteksten]

Bør dugnaden for mars knytast til arbeidet med Fjordar i Noreg? --Andreasv 13:55, 3 mars 2008 (CET)

Det ser ut til å vera eit emne som fenger, ja! Betra artikkelen Fjordar i Noreg og alle fjordarmane hans, kanskje? --Ranveig 01:01, 4 mars 2008 (CET)

Eg ser kommunar var månadens dugnad to gonger i fjor. Men mange kommunar har framleis uakseptabelt små artiklar, faktisk så små at det er flaut. I tillegg bør me ha artiklar om kvar einaste ordførar i heile landet, og gjerne meir enn dei frøa eg opprettar. Kva seier de? --Tannkrem 15:07, 9 april 2008 (CEST)

Høveleg dugnadsemne, sjølv om det kanskje ikkje er så spennande. Men vi bør dekkje viktige emne som dette. --Knut 22:38, 10 april 2008 (CEST)


Dugnad Mai 2008[endre wikiteksten]

Eg vil foreslå dei norske ungdomspartia, då det ser ut som eit gruppearbeid. Nokre av dei artiklane vi har er traurige småspirer. Vi manglar heilt KRFU og FRPU. Trengst det meir arbeid kunne vi kanskje kanalisert det til Wikipedia:Wikiprosjekt Norske politiske parti? Til Juni vil eg foreslå eit eller anna spesielt underhaldningstema, t.d. forfattarar av fabelprosa eller Alfred Hitchcock sine filmar. Vi manglar solide presentasjonar av "underhaldningsstoff". --Krekling 22:24, 15 april 2008 (CEST)

Flott! Eg har kopiert forslaget ditt til Maldiskusjon:Dugnad mai 2008. Anders 23:15, 15 april 2008 (CEST)
Er det nokon fleire som har synspunkt på dugnaden? Forslaga so langt er ungdomspartia eller å gyve laus på dei artiklane som alle dei forskjellige wikiane er anbefalt å ha. Det er veldig mykje å ta av på den anbefalingslista, så det kan hende vi bør velje eit avgrensa fokus på ein av underseksjonane. Når det gjeld artiklane om ungdomspartia er det også ein del arbeid. --Krekling 16:02, 4 mai 2008 (CEST)


Dugnad for juni 2008[endre wikiteksten]

Då ser det ut til å vere opent for forslag. Eitt eller anna ser ut til å vere slarkete med dugnadsmalen, då å trykke på diskuter inni oppsettet fører ein til diskusjonen for juni 2007. --Krekling 3. juni 2008 kl. 16:45 (CEST)[svar]

Det var visst nokon her som trudde 2007 skulle vara evig. Kva med Wikipedia:Kjerneartiklar? Desse må fyllast inn med blått, og om dei ikkje slepp gjennom det bittelitle nålauget til å bli «Gode artiklar» kan mange av det i det minste bli litt betre. --Ranveig 4. juni 2008 kl. 01:32 (CEST)[svar]


Er det andre som ser denne malen som buggete? Og kva er bugs på norsk? --Krekling 3. oktober 2008 kl. 04:56 (CEST)[svar]

Insekt? ;-)
Programfeil eller programlus er språkrådet sitt forslag. Eg veit kva ein bug er, men eg forstår ikkje heilt kva du meiner er feil i malen. --Frokor 3. oktober 2008 kl. 11:38 (CEST)[svar]
Eg lurer på om det er nettlesaren min. Av og til hopper det litt fram og tilbake mellom kva dugnad som er oppe. Har andre sett sånne kryp i motoren - eller liknande? --Krekling 4. oktober 2008 kl. 03:49 (CEST)[svar]

Kan det å rydda i Kategori:Wikipedia/Vedlikehald vera ein dugnad? Noko av det som ligg der er direkte dårlege artiklar, eller har mykje dårleg innhald. Kanskje det kan vera ein ide å leggja inn noko slikt (ein eller fleire kategoriar) som dugnadar når me har ein månad utan andre forslag. Det finst til alle tider kategoriar med relativt mange artiklar som har vore vedlikehaldsmerka og som kan betrast på ein eller annan måte, anten sletting, erstatting eller gjennomgang med språkvask o.l. Nokre kategoriar som vil ta nokre arbeidstimar å få has på:

--Tannkrem 23. april 2010 kl. 23:42 (CEST)[svar]

God idé. Om éin enkelt tek for seg ein av desse kategoriane er det bra. Om to gjer det er det storveies. Og om ein heil gjeng tek dei for seg, vil det til og med vera mogleg å reinska dei ut. Vel du ut kategori for dei siste dagane av april? (Me kan også slå saman april og mai.) --Ranveig 24. april 2010 kl. 09:24 (CEST)[svar]