Wikipedia-diskusjon:Filopplasting

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Første utgåva av denne artikkelen blei utvikla med støtte frå Noregs Mållag.

Bileteoppskrift[endre wikiteksten]

Eg har eit forslag: Kan ein eller annan laga ei enkel, idiotsikker, punktvis oppskrift (ei oppskrift i algoritme-format) for korleis ein lagrar eit bilete på commons med den romslegaste (mest frie) lisensen? Det hadde vore fint. Så slepp eg å setja meg inn i alt viss eg ein dag finn ut at eg vil leggja inn eit bilete eg har teke sjølv.

Eg ser for meg t.d. noko slikt som dette:

  • Ta eit bilete
  • Lagra biletet ditt på datamaskinen din
  • Gå inn på ditt og datt
  • Skriv blabla
  • Trykk på ei eller anna lenkja
  • Skriv blabla i eitt eller anna felt
  • osb.
  • osb.
  • osb.
  • Skriv [[Fil:Filnamn.jpg|mini|250px|bilettekst]] i den artikkelen du vil bruka biletet i

Så legg me det inn ein stad det er lett å hugsa, t.d. Wikipedia:Bilete. --Tannkrem 23:04, 14 januar 2008 (CET)

Godt forslag, Tannkrem. Eg har laga eit utkast, sjå test:User:Kjetil r/sandkasse. Kva trur du, kan ein omsette oppskrifta til nynorsk og nytte ho? --Kjetil_r 26. november 2008 kl. 00:32 (CET)[svar]
Det kan ein nok. Men treng lista kanskje ei oppdatering? Informasjonsboksen kjem i dag automatisk opp når ein laster opp, slik at det er unødvendig å klippa og lima. Commons har òg eit javasystem som skal hjelpa under opplasting. Det hadde sikkert ikkje vore dumt å få det òg på norsk, i tillegg til denne metoden. --Ranveig 26. november 2008 kl. 12:00 (CET)[svar]
Denne lisensboksen kjem ikkje opp når ein lastar lokalt på nn, så eg ser ikkje noko gale i å ha det der, med mindre nokon snart finn ut korleis fikse lisensen. Anders 26. november 2008 kl. 12:19 (CET)[svar]