Wikipedia-diskusjon:Gode nynorske uttrykk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Under oppslagsordet «morges» har Norsk ordbok forma «i morges». Om godt nynorsk skriftspråk kan ta opp i seg alle ordformer som er nemnde i Norsk ordbok : Ordbok over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet, kan sikkert diskuterast. Men til spørsmålet som vart lagt inn her vil eg svare at vi som seier «i morges» kan skrive det også. Og så bør vi godta at andre finn forma framand og rettar ho til «i dag tidleg». -Knut (diskusjon) 3. desember 2012 kl. 14:12 (CET)[svar]

For å svara konkret på spørsmålet: preposisjonen til tek etter gamalt genitiv, og dømes er genitiv av døme. Prepisjonen i tek derimot anten akkusativ eller dativ (slik som i tide, der tide er dativ av tid). I nynorsk skriftradisjon er ein vanlegvis varsame med slike «nye» genitivar. Dette er i alle fall slik eg forstår det. -- Njardarlogar (ordskifte) 4. desember 2012 kl. 22:13 (CET)[svar]