Wikipedia-diskusjon:Interwikilenkjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Utforming av retningsliner[endre wikiteksten]

Fram til retningslinene er utforma i samsvar med diskusjonen nedanfor, kunne det vera greit med ein merknad på toppen av prosjektsida om at sida ikkje er ferdig. --Eddi (Snakk) 27. feb 2005 kl. 2325 (UTC)

Eksempellista er no sortert alfabetisk etter språkkode. Var det ikkje fleirtal for det motsette? --Eddi (Snakk) 27. feb 2005 kl. 2325 (UTC) Det var visst nokon som dreiv og sorterte medan eg remja... :) --Eddi (Snakk) 1. mar 2005 kl. 0024 (UTC)

Oppsummering av avstemminga[endre wikiteksten]

  1. Interwikilenkjer bør sorterast etter eige språknamn (6 einige, 2 ueinige; sortering etter språkkode fekk 1 for og 4 mot)
  2. Ein bør ha ein separat skanwiki-seksjon først i interwikilista (6 einige og 2 ueinige).
  3. Denne bør berre innehalde nb, sv og da (7 einige og 1 ueinig; 1 stemme for å inkludere is og fo; 0 stemmar for å inkludere fi og se)
  4. Skanwikidelen bør ikkje sorterast alfabetisk (8 einige) — i praksis inneber dette truleg at den mest brukte sorteringa nb - sv - da vil bli bruka.
  5. Språk som inngår i skanwiki bør repeterast på alfabetisk plass i den generelle interwikilista om det er meir enn tre andre interwikilenkjer. (6 einige (to synest tre er for få), 2 ueinige; ei generell dobling av alle skanwikilenkjer gav 3 for og 3 mot)

Oppsummert -- Olve 28. feb 2005 kl. 0021 (UTC)

Ei demokratisk avgjerd, som bør verta modell for framtidige Wikipedia-beslutningsprosessar!
--Verdlanco (diskusjon) 1. mar 2005 kl. 0828 (UTC)

Avklaring / avstemming[endre wikiteksten]

Haldepunkt for utforming av interwiki-retningsliner[endre wikiteksten]

Sjølve avstemminga er arkivert under Wikipedia:Interwikilenkjer/avstemming.

Kvifor denne "meiningsmålinga"[endre wikiteksten]

Etter at Brukar:Robbot og ein annan brukar ikkje tok hensyn til "nb"- og "skanwiki"-lenkjer har det vorte ein del diskusjon om dette på diskusjonssida mi. Olve har presentert "skanwiki"-lenkjing som ei etablert retningsline med konsensus bak seg, fordi det ikkje vart møtt med mykje motstand på denne sida og fordi det ikkje har møtt motstand under redigering (slik eg tolkar han).

Mitt syn er (som eg før har skrive) at ein "skanwiki"-del av interwiki-lenkjene er heilt unødvendig. Den gjer språklista lenger (når ein doblar oppføringar) og vansklegare å bruka både for lesarar og redaktørar (og robotar), og eg trur ikkje det er ei hensiktsmessig god organisering i forhold til lesarane. Brukarane av Nynorsk Wikipedia kan vera minst like interessert i artiklar på engelsk og tysk som artiklar på dansk og svensk.

Olve som er opphavsmannen for skanwiki tykkjer dette er eit godt tiltak for betre samkøyring mellom skandinaviske språk og plar fremja tanken om eit skandinavisk Wikipedia der eg stør tanken om eit internasjonalt Wikipedia (i bunn og grunn er me sikkert einige). --Guttorm 18. feb 2005 kl. 1611 (UTC)

Om opphavet til "Nynorsk Wikipedia" og "skanwiki"[endre wikiteksten]

  1. Da Nynorsk Wikipedia vart starta meinte sentrale aktørar på no:/nb: (først og fremst Wolfram og Profoss, så vidt eg kan hugse) at dei hadde hevd (og monopol?) på nn:-domenet, og dette var eit syn som hadde vorte godteke av meir sentrale wikipediafolk òg. Da Bjarte klikka på «opprett nn:» og dermed gav det praktiske startskotet til Nynorsk Wikipedia, vart dette sett på som ein «feil» som måtte omgjerast av sentrale wikipediafolk.
  2. Gjennom ein debatt på wikipedia-l greidde Bjarte og eg til sist å overtyde folk om at Nynorsk Wikipedia var:
    1. Representativ for ei meir eintydig separat språkform enn nb: i høve til da:.
    2. Oppretta med med ærlege hensiktar og eksplisitt mål å vera ein samlar av skandinavisk heller enn ein splittar.
    3. Interesserte i mest muleg integrering med «bokmålsutgåva» spesifikt og skandinavisk generelt — inkludert gjennom å gjera det ekstra lett å navigere mellom dei ved å ha ei tydeleg lenkje til i alle fall no:/nb: (og gjerne òg sv: og da:) på ein utheva plass.
    4. Alt i alt rett å ha som eigen Wikipedia.

Såvidt eg kan dømme av reaksjonane som er komne frå fleirtalet av folk eg har vore i kontakt med, har strategien vår i det store og heile medført at vi har fått respekt og autoritet heller enn tvangsnedleggjing. Dette var ikkje på nokon måte opplagt da vi starta.

Lokalt på nn: har særleg Bjarte og Ranveig uttrykt seg positivt til skanwiki-idéen. Ranveig (og ikkje eg) er opphavspersonen til <!-- skanwiki -->- og <!-- interwiki -->-taggane. Verdlanco, som i utgangspunktet såg ut til å vera mykje meir ivrig etter å laga eit nytt bokmålswikipedia heller enn å tvihalde på diplomatiet og samarbeide med no: i si noverande form, uttrykte skepsis til idéen om skanwiki — men han var samtidig heilt klart med på utforminga av skanwiki-konseptet — inkludert oppattaking av lenkjene på sin plass i alfabetet, og i praksis òg reduseringa av antalet språk sidan han og Guttorm var redde at interwikilista kunne bli for lang og uoversiktleg. Den einaste som stod fram som definitivt «mot» skanwiki i det heile var Guttorm.

Ranveig sin måte å setje opp skanwiki/interwiki med kommentartaggar er den måten som har vist seg å spreie seg mest. Eg meiner at dette er ein fin og ryddig måte å gjera ting på. Og ikkje minst viser dette tydeleg at Guttorm sitt argument om at dette er eit slags solospel frå mi side ikkje held. -- Olve 18. feb 2005 kl. 2040 (UTC)

En klargjøring fra min side: Hverken jeg eller Profoss (såvidt jeg vet) har hevdet at vi har hevd eller monopol på nn-domenet. Dette domenet var vi antagelig knapt klar over at eksisterte før nn.wikipedia.org ble opprettet. Vi har ikke sagt det var en feil at nn: ble opprettet, derimot har Tim Starling gitt uttrykk for at det var en teknisk feil at det lot seg gjøre og at nn: egentlig skulle vært og burde være en omdirigering til no:. Jeg på min side har ikke sagt at jeg selv er motstander av nn:s eksistens per se, eller krevet at noen skulle tvangsnedlegge nn.
Jeg synes skanwiki-idéen er god, men er også enig i Dittaevas synspunkter. Det beste hadde nok vært en programvareendring som muliggjorde tettere koordinasjon mellom skandinaviske wikipediaer. Wolfram 18. feb 2005 kl. 2151 (UTC)
Takk for klargjøring! Jeg hadde også vært svært glad om det viste seg mulig å integrere de fire skandinaviske på en automatisk måte; samlet er de en fantastisk ressurs! Manuell (eller muligens robotstyrt) skanwikilenkebygging er definitivt en reserveløsning, det ser da også jeg... :] Men det synes å være det beste vi har til nå, så lenge vi holder antallet språk nede. -- Olve 18. feb 2005 kl. 2157 (UTC)
Det var ikkje meininga å framstille dette som eit solospel frå di side, beklagar at du forstår det slik, eg skreiv trass alt berre at du er opphavsmannen, noko du er. Framstillinga di er ellers grei (trur også at Wolfram si klargjering er på sin plass), sjølv om eg trur ikkje det var stor fare for at nn skulle bli lagt ned, eg var trass alt også involvert. --Guttorm 18. feb 2005 kl. 2208 (UTC)


Kommentarar, diskusjon[endre wikiteksten]

Argument for skanwiki[endre wikiteksten]

Det henter fram språk alle norsktalarar kan forstå frå lenkjemylderet, og minner oss på at me òg kan gå inn på desse sidene og henta eller leggja til stoff. Særleg lenkja til svensk er viktig her, ettersom dei har mange svært gode artiklar og blir sortert alfabetisk langt nede på lista. -- Ranveig 18. feb 2005 kl. 1908 (UTC)

Det er eit teikn på samarbeidsvilje og eit diplomatisk trekk som er viktig for eit prosjekt ein del er tilbøyelege til å meine er femte hjulet på vogna. Særleg gjeld dette i høve til nb:, der det har vorte uttrykt harme over vår eksistens... -- Olve 18. feb 2005 kl. 2040 (UTC)

Lingvistisk sett er skandinavisk (færøysk, islandsk og dalmål ikkje inkludert) eitt språk. Om vi gøymer bort dei andre skandinaviske variantane i motsette endar av alfabetet, utnyttar vi ikkje dette godt nok. Om vi legg skanwikilenkjene øvst, så aukar vi i praksis det lettvint tilgjengelege materialet på eige språk (i vid tyding) frå ein demografisk base på under ein million aktive språkbrukarar og for tida ca 3000 artiklar til ein demografisk base på nærmare tjue millionar aktive språkbrukarar og ein samla artikkelbase på godt over 100 000 artiklar...! -- Olve 18. feb 2005 kl. 2132 (UTC)

Ei stund la eg til noe eg kalte nordwiki der eg inkluderte færøysk og islandsk. Men eg må jo innrømme at det er svært få som forstår islandsk og færøysk sjølv om eg gjør det.
Talet på språklenkjer må opp i ti før eg ser nytta av skanwiki. --Kristian André 19. feb 2005 kl. 0011 (UTC)

Grense for tal på interwiki før ein lagar skanwiki[endre wikiteksten]

Grensa er avhengig dels av storleiken på skanwiki-gruppa, dels estetikk, dels andre faktorar. Det ser ut til å vera størst stemning for 3 skanwiki-medlemmer (nb, sv, da). I høve til forslaget om at det skal vera meir enn tre andre språklenkjer går grensa i praksis ved totalt 7 lenkjer: viss ein har nb, sv, da og minst 4 andre, så aukar talet frå 7 til 10 ved å laga skanwiki. Dette tykkjer eg er greit. --Eddi (Snakk) 20. feb 2005 kl. 1647 (UTC)

Sjå og[endre wikiteksten]

«Skanwiki»[endre wikiteksten]

Denne diskusjonen vart flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm 28. jan 2005 kl. 1404 (UTC)
Spørsmål til punktet «Skanwiki» under «Prioriterte prosjekt» (sjå nedanfor) :

  1. Er det nyttig med ei ikkje-alfabetisk «Skanwiki»-liste over «viktige» språk før den alfabetiske lista?
  2. Bør i so fall «viktige» språk som står i den første lista, òg finnast att på sin alfabetiske plass?
  3. Bør interwikilenkjene leggjast alfabetisk etter den teksten dei produserer i lista, eller etter språkkoden?

Legg inn dine svar her:

Til spørsmål 1 (no, sv, da først):

Nei, eg ser ikkje heilt vitsen med det. Alle brukarane kan truleg alfabetet!
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 10:44 (UTC)
Alle kan truleg alfabetet, sant nok. Men eg trur det er betre for miljøet (særleg) på dei skandinaviske wikipediaprosjekta om ein har så lettvint som muleg tilgang på grannespråka. Er du gardbrukar er det bra å ha dine eigne sauer, men det løner seg å samarbeide med grannane om saueleitinga! Dei fleste av oss les heller lite http://aa.wikipedia.org/ (afar) eller http://as.wikipedia.org/ (assamesisk), men vi har mykje nytte av http://sv.wikipedia.org/ (svensk)...
-- Olve 10. nov 2004 kl. 12:54 (UTC)
Eg synest skanwikifisering er kjempefint. Det er morosamt å sjå alle språka ein kan finna ein artikkel i, men dei skandinaviske språka er nyttigare fordi dei vert forstått av alle som snakkar norsk. Islandsk kan ein òg forstå med litt godvilje. Nord-samisk og finsk bør ein kanskje ta med av solidaritet.
Etter kvart vil det kanskje skje litt "krysspollingering" mellom wikiane slik at alle får betre artiklar. -- Ranveig 10. nov 2004 kl. 18:54 (UTC)
Dette synest eg er ein god idé. Men det blir viktig å avgrensa lenkene til det som faktisk finst, og ikkje gjera som nokon foreslo på en: og ha lenker til alle språk som ei slags oppfordring om å skriva artiklar som mangla. Det kan bli litt voldsomt med sju lenker føre sjølve lista (nb: da: sv: fi: is: fo: en:). Kva om alle dei nordiske sidene finst...? --Eddi 10. nov 2004 kl. 20:06 (UTC)
Grei idé. Eg trur ikkje det blir så voldsomt med sju lenker før sjølve lista. Kva rekkjefølgje skal me ha på denne mon tru, i så fall? Viss dette er noko me ønskjer at dei andre skandinaviske wikipediaen skal gjera, bør vel denne minilista òg vera alfabetisk, m.a.o. dansk, (føroysk, islenska,) norsk (bokmål), svensk. Eg er ikkje samd med Eddi i det siste punktet hans. Eg meiner eigentlig at alle språka burde vera i alfabetiske lista på kvar artikkel, og at dei som faktisk har ein artikkel er farga blå, og dei som ikkje har ein artikkel er raude, nett slik som interne lenkjer. Dette er ikkje tilfellet no. Hugsar du kven som diskuterte dette på en: Eddi? Bjarte 11. nov 2004 kl. 02:22 (UTC)

Til spørsmål 2 (repetér no, sv, da, osv. i den alfabetiske lista):

Ja, eg synest dét. På framsida er det no ei so lang ikkje-alfabetisert liste over språk framfor den alfabetiserte lista, at det er vanskeleg å finna det ein ser etter i den første delen. Då ser ein i den alfabetiske lista, og der er det for tida ganske tilfeldig om ein finn att språket sitt eller ikkje.
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 10:44 (UTC)
Hørest bra ut! Enkelt å halde styr på, dobbelt positiv effekt. :-)
-- Olve 10. nov 2004 kl. 12:54 (UTC)
Støttar dette. Ranveig 10. nov 2004 kl. 18:54 (UTC)
Ja, av omsyn både til dei som ikkje finn det dei vil blant dei sju første lenkene, og til dei som eventuelt ikkje skjøner opplegget. --Eddi 10. nov 2004 kl. 20:06 (UTC)
Hmm, kva med artiklar som finst på til dømes svensk, dansk, nynorsk, færøysk, engelsk og tysk? Skal rekkjefølga då vera slik: (først miniliste) dansk, færøysk, svensk, engelsk, (så alfabetisk liste) dansk, engelsk, færøysk, svensk, tysk? Bjarte 11. nov 2004 kl. 02:22 (UTC)
Nei, for tysk heiter "Deutsch" og kjem før engelsk. :-)
Men i prinsippet blir jo dette konsekvensen, ja. Det ville sjå meir ryddig ut, trur eg, dersom vi teknisk kunne få til ei splitt av språklista, so det i det minste vart eit linjeskift mellom skanwiki-delen og interwiki-delen.
--VerdLanco 11. nov 2004 kl. 08:17 (UTC)

Til spørsmål 3 (ordning etter visuelt namn heller enn språkkode):

Eg synest interwikilenkjene bør leggjast alfabetisk etter den teksten dei produserer i lista, heller enn etter språkkoden. Folk flest kjenner ikkje språkkodane, men dei veit kva språket heiter!
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 10:44 (UTC)
Dette blir vanskeleg å halde styr på, trur eg. Kva kjem først: অসমীয়া eller العربية ? Dessutan er det enklare å halde styr på ein fire-fem velkjende språkkodar enn å ordne heile språklista på opptil hundre eller fleire språk visuelt alfabetisk.
-- Olve 10. nov 2004 kl. 12:54 (UTC)
Dersom অসমীয়া og العربية står på rett plass i alfabetet, har du ein betre sjanse til å gissa kva språk dei er, trur eg. :-) Viss det vert for mange språkkodar av typen "fi:" (Suomi) og "hu:" (Magyar), risikerar me til slutt at brukarane ikkje oppfattar at språklista faktisk er ei ordna liste. Finnar som legg inn interwiki-lenkjer til "fi:", veit godt at det vert ekspandert til "Suomi", so for dei trur eg ikkje det er "enklare å halda styr på" at "fi:" skal leggjast inn mellom «فارسی» og «Føroyskt» enn mellom «Srpski» og «Svenska».
Dei einaste det kan verta enklare for dersom alfabetiseringa går på ISO-koden, må vera dei som legg inn peikarar til språk dei sjølve ikkje eingong veit namnet på. Og dét synest eg er ei underleg gruppe å ta spesielle omsyn til.
Eitt døme til: Viss bokmål får sin eigen Wikipedia under "nb:", vil eg helst sjå «norsk (bokmål)» og «norsk (nynorsk)» etter kvarandre i lista, utan «नेपाली» (ne:) og «Nederlans» (nl:) imellom dei.
--VerdLanco 10. nov 2004 kl. 13:50 (UTC)
Noko som talar for å ordna lista etter språkkodane er at slikt gjer ein (så vidt eg veit) på dei fleste andre wikiane. Me treng ikkje vera for sære. Men eg skal ikkje dermed seia at å ordna dei etter namnet er for sært. Mi stemme blir altså Ikkje sikker. -- Ranveig 10. nov 2004 kl. 18:54 (UTC)
Eg meiner lenkene bør stå alfabetisk i høve til den «fordøyde» lista. Folk flest ser på lista, ikkje kodene bakom. (Set ei lenke kvar som helst, sjekk førehandsvisninga, og flytt lenka til rett plass. Dersom ein ikkje skjøner språket, så set lenka på same plassen som i den engelske artikkelen.)
Når vi først er inne på dette så kan ein del språk faktisk ha meir enn to plasseringar, t.d. «hu:», «magyar» og «ungarsk». Dette gjeld kanskje særleg for språk som ikkje brukar latinsk alfabet. --Eddi 10. nov 2004 kl. 20:06 (UTC)
Tja, eg trur me bør bruka same rekkjefølga som dei fleste andre store wikiar (utanom dei sju eller fem eller kva det nå er øverste som er i tillegg), altså alfabetisk etter kode, sjølv om dette eigentlig er litt snodig (eg hugsar enno dei første dagane mine med wikipedia, og korleis eg ikkje kunne forstå kvifor språk stod i den rekkjefølga dei gjorde). Bjarte 11. nov 2004 kl. 02:22 (UTC)

Oppsummering[endre wikiteksten]

1. Det ser ut til å vera fleirtal for skanwiki, men me er ikkje heilt sikre på kva språk som skal vera med der, eller kva rekkjefølgje dei skal stå i.

2. Skanwiki-språka bør takast opp att i den fullstendige språklista, men det er usikkert om dette bør gjerast dersom det er svært få språk.

3. Usikkert om listene bør ordnast etter kjeldekode eller uttrykka tekst.

Ranveig sin praksis:

1. Eg bruker skanwiki, og når eg hugsar det set eg inn koden <!--skanwiki--> før desse språka, og <!--interwiki--> før heile lista (denne siste finst òg på visse sider på en:). Dermed kan folk som er ukjende med dette lett sjå kva med driv med. Oppfordrar sjølvsagt andre til å gjera det same.

2. Det ser svært rart ut å ha ei liste med til dømes norsk dansk dansk norsk, så i tilfelle der ein artikkel finst på få språk bryr eg meg ikkje med ei ekstra skanwiki-liste.

3. Mi viktigaste innvending mot å sortera etter utsjånad er at det blir mykje arbeid, både for oss og for dei som kjem utanfrå med sine interwikitillegg.

Ranveig 23. nov 2004 kl. 21:24 (UTC)

Eg tykkjer skanwiki gjer organiseringa av språklenkjene unødig komplisert og eg er ikkje sikker på at publikum tykkjer skandinasviske språk er viktigare enn engelsk, tysk, fransk og spansk som blir lært bort på skulen. Kort sagt, eg tykkjer språklenker bør skrivast opp ein gong og organiserast alfabetisk etter språkkode. Skal dei organiserast annleis tykkjer eg dette bør gjerast med modifisering av MediaWiki-programvaren. Dersom skanwiki blir ei retningsline tykkjer eg ikkje at språklenkjer bør skrivast dobbelt opp. --Guttorm 24. nov 2004 kl. 21:45 (UTC)

skanwiki - abstract or brief translation[endre wikiteksten]

Dear Gangleri! Thank you for all your interwiki work! You are great value to the wikipedia community, and your work is appreciated also here at :nn. Skanwiki is a concept developed mainly among the user base of :nn, and describes in the broadest sense an ideal about an integrated wikipedia for the Scandinavian languages (whose four major written languages are Swedish, Danish, Norwegian (Bokmål) and Norwegian (Nynorsk), or sv:, da:, nb: (which we currently use rather than no: because it produces the interwiki name "Norsk (bokmål)" rather than "Norsk" which many people here feel is a misnomer of the current wikipedia located at :no), and :nn. As you may know these languages represent a continuum whose variants all are mutually intelligible, possibly even more so the written languages.
In a more practical sense, and certainly in the sense that you are interested in, skanwiki describes the way we list the four scandinavian languages first in the interwikilist if there are articles in any of the other languages, as a method of promoting cooperation between these wikis. We thus use a tag, <!-- skanwiki -->, to indicate in the coding the start of this first list of (up to) four languages, thereafter we use the tag <!-- interwiki --> to indicate that the following list are all the other languages (as well as the scandinavian languages repeated once more, especially in long interwikilists). The current status quo of :nn standards, and the order in which we prefer languages to be listed, can be found on Wikipedia:Interwikilenkjer. I hope this provided some explanation. Please let me know if you need clarification! Cheers. Bjarte 13. mar 2005 kl. 0934 (UTC)
  • Thanks Bjarte for the answer and the flattering words! It is a great pleasure for me to work in the Wikipedia comunity also from the language and cultural aspect.
  • I do not know if the nn: team has informed about scanwiki the robot team (meta:pywikipediabot) at sourceforge:projects/pywikipediabot. If not it would be best to write a few lines to "pywikipediabot-users at lists dot sourceforge dot net" (use [1]) and contact nl:User:Andre Engels T.
  • For documentation issues I would advise to inform en:User:Patrick T.
  • de:Benutzer:Aka T is developing the GlobalWPSearch help tool to support insertion of interlanguage links. See Oslo, Nidaros, Tromsø. I will ask him to support nb: in the future.
  • Please feel free to contact me whenever necessary. Best regards Gangleri, administrator at ro: and eo: 13. mar 2005 kl. 1050 (UTC)

Future options for meta:Interwiki.py[endre wikiteksten]

  1. standard: at the bottom of a page: after the page content you may have after an empty line first all categories (each in one line?) followed by an empty line (?) then followed by the interlanguage links (each in one line) sorted in the order of the "language codes";
  2. other variants:
    1. if available the interlanguage link to en: comes first
    2. interlanguage links are separated with single space only
    3. interlanguage links are sorted by the "latin" name of the languages; so fi: is ordered as "Suomi" after "R" ...
    4. interlanguage links (and categories) are at the top in the code page
    5. ...
  • I understand that you have an extra requirement at nn: and think it would be good to coordinate this with sourceforge:projects/pywikipediabot. Later other scandinavian Wikipedias could follow you and use the same option. This would prevent to have the interlanguage links twice.
  • Please specify exactly what you want, tray to get a compromise with "general" Wikipedia standards or their variants. Best regards Gangleri | Th | T 13. mar 2005 kl. 1140 (UTC)

P.S. Later make an extra page (in English, ...) for all the users inserting interlanguage links here and there. This would prevent that other people would interfear your wourk. Reagards 13. mar 2005 kl. 1143 (UTC)

Please see Wikipedia:Ambassaden#Interwiki guidelines. --Guttorm 13. mar 2005 kl. 1354 (UTC)

&lt!-- skanwiki --&gt versus &lt!-- skanwiki nb sv da --&gt[endre wikiteksten]

  • Halló!
  • &lt!-- skanwiki --%gt should prefix the skanwiki section.
  1. The skanwiki section should contain only the links to nb: (Norsk (bokmål), sv: (Svenska) and da: (Dansk), in that order.
  • I tray to link ca:Categoria:Mitologia nordica. Maybe a comment &lt!-- skanwiki nb sv da --&gt would be more helpfull because help is available where required. This does not solve the problem to change the comment if you add other languages. Regards Gangleri | Th | T 13. mar 2005 kl. 1756 (UTC)

Tilbakelenkjer[endre wikiteksten]

No har eg lese ein del fram og tilbake utan å finna skikkeleg dokumentasjon ... Er det verkeleg slik at interwiki-lenkjer tilbake til nn må setjast inn manuelt på kvart einaste språk det gjeld, eller køyrer det nokre robottenester som ordnar det automatisk med jamne mellomrom? --GauteHK 21. apr 2005 kl. 1958 (UTC)

Ja(!). Det "enklaste" er å setja dei inn sjølv, men mange robottenester vert køyrde på privat initiativ frå ulike wikipediar, og etter kvart får fleire artiklar interwikikodar, men den prosessen er ikkje akkurat regelmessig! :) Uansett bør artikkelen ha minst ei interwiki-lenkje inn (t.d. frå engelsk) for å få opp sjansen for at ein robot finn likskapen. Bjarte 21. apr 2005 kl. 2140 (UTC)
Eg trur det er programmerarar som jobbar med å få orden på dette i neste versjon av MediaWiki, men sjølv har eg ikkje så mykje håp. --Guttorm 22. apr 2005 kl. 0623 (UTC)

no vs. nb[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 8. september 2005 kl. 20:19 (UTC)
Som sikkert alle har registert har no skiftet interwikinavn til Norsk (bokmål) som var det samme interwikinavnet som nb:, derfor foreslår jeg å forandre alle lenker her til no: istedetfor nb:. Hovedargumentet er at det forhindrer forbytting hos utenlandske wikipediaer. Selvsagt setter jeg meg selv til rådighet for denne oppgaven, men ville høre først hvordan stemningen var her. Eventuelt kunne dette vært en jobb for deres bot. mvh Profoss 12. mai 2005 kl. 2310 (UTC)

Dette høres greit ut for meg. :) Med mindre store protester skulle komme, så vil jeg begynne å endre nb: til no: etterhvert som jeg ellers redigerer. Det er trolig også grunn til å oppdatere retningslinjene her.
Kva tykkjer de andre om dette ? Skal vi setja i gang ein bott eller fem? Olve 12. mai 2005 kl. 2326 (UTC)
La ein robot gjøra denne jobben. Han han starte så fort som mogleg for min del. --KRISTAGAα-ω 12. mai 2005 kl. 2332 (UTC)
Ja, det byrjar å bli ganske krøllete med desse nb/no-greiene. Eg har til og med funne artiklar på no som lenkjer til seg sjølv via nb! Det kunne ha vore greit å få ein robot til å gjera denne jobben ja. Jarle? Bjarte 13. mai 2005 kl. 0105 (UTC)
Det er ei greid oppgåva ;). Sjå Brukar:Fagerbott. –Jarle 13. mai 2005 kl. 0653 (UTC)
Fagerbott prøvekøyrd her på Samfunnshuset (nb->no). –Jarle 13. mai 2005 kl. 0659 (UTC)
Er det verkeleg ingen andre enn eg som synest at det blir prinsipielt feil å gje bokmål einerett på språkkoden no, som i alle samanhangar utanom Wikipedia tyder «norsk», og ikkje «bokmål»?
nb fungerer bra, synest eg. Etter kvart vonar eg at bokmåls-Wikipedia flyttar ut frå no og overlèt den språkkoden til ein portal som gjev brukaren valet mellom nynorsk og bokmål i dei tilfella artikkelen finst på båe målformer.
Slik eg ser det, vil dét å gå over til å bruka no for interwikipeikarar til bokmåls-Wikipedia demonstrera likesæle frå vår side, eller verre: gje inntrykk av at me meiner at «norsk» = «bokmål».
--Verdlanco\diskusjon 14. mai 2005 kl. 0642 (UTC)
Eg er samd med Verdlanco. -- Ere 14. mai 2005 kl. 0743 (UTC)
Er det verkeleg ingen andre enn eg som synest at det blir prinsipielt feil å gje bokmål einerett på språkkoden no,
Jo, eg tykkjer òg at det er prinsippielt feil å gje bokmål einerett på språkkoden no.
som i alle samanhangar utanom Wikipedia tyder «norsk»
Ikkje sant. Det finst (dessverre) mange nettstader som nyttar bokstavane på nett den måten.
nb fungerer bra, synest eg.
Det synest ikkje eg. nb hadde fungert bra om det var den einaste koden for "Norsk (bokmål)". Men det som skjer når me på nynorsk konsekvent nyttar nb, er at bottar (og menneske som ikkje kjenner saka) ser på koden som ein manglande kode alle andre stader, og legg den til der. Dette har allereie skjedd i mange artiklar utanfor nynorsk (og det motsette har skjedd her).
Etter kvart vonar eg at bokmåls-Wikipedia flyttar ut frå no og overlèt den språkkoden til ein portal som gjev brukaren valet mellom nynorsk og bokmål i dei tilfella artikkelen finst på båe målformer.
Eg tykkjer eigentleg ikkje me treng ein portal, og ville vore nøgd med at alt som i dag ligg på no vert ein redirect til tilsvarande side på nb. Den dag det skulle skje, kan me enkelt og greit køyra botten og konvertera alle no-lenkjer om til nb att.
Slik eg ser det, vil dét å gå over til å bruka no for interwikipeikarar til bokmåls-Wikipedia demonstrera likesæle frå vår side, eller verre: gje inntrykk av at me meiner at «norsk» = «bokmål».
Nei, alle involverte veit godt at me ikkje er likesæle og at me ikkje meiner at «norsk» = «bokmål». Bjarte 14. mai 2005 kl. 0801 (UTC)
Bjarte seier:
Eg tykkjer eigentleg ikkje me treng ein portal, og ville vore nøgd med at alt som i dag ligg på no vert ein redirect til tilsvarande side på nb.
Dette synet finn eg totalt uforeinleg med det som Mark Williams skreiv på Wikipedia-l, og som er sitert på no:Wikipedia:Ambassade:
no: should be moved to nb:, and no: should redirect to nb:. However, this should eventually be changed so that no: is a portal containing a link to both [...]
To continue forever to use no: for Bokmål and/or Riksmål is inherently non-neutral. no: is listed in the ISO standard as "Norwegian", yet if Nynorsk is disallowed on no: but no: remains at the current subdomain, that means we are actually endorsing the view that "Bokmål is the _real_ Norwegian language".
Som ein konsekvens av at eg er samd med Mark Williams i dette, lyt eg vera usamd med Bjarte.
Eg har teke denne diskusjonen til Skanwiki/Tinget, sidan han involverer fleire enn berre brukarane av nn:. Skriv difor gjerne evt. oppfølgjingsinnlegg der.
--Verdlanco\diskusjon 14. mai 2005 kl. 0813 (UTC)
Mark Williamson er ein mann med mange gode idéar, men ikkje alltid med like godt diplomatisk talent. Resultatet er at han ikkje får gjennomslag for så mykje på wikipedia-l som han kunne gjort om han hadde fare litt forsiktigare fram. Men utanom lista gjer han mykje praktisk arbeid som fører mykje godt med seg for småe språk. Vi ha ei fungerande løysing no. Eg er einig i at det ville vore (litt!!!) meir korrekt om bokmål hadde hatt primærkoden «nb». Men slik det er no, så er både Nynorsk Wikipedia og Bokmålswikipediaen — og delvis Dansk Wikipedia òg — mykjegodt omgjorte til skandinaviske portalar. Dét tykkjer no eg er eit STORT steg i rett retning!
Storverk er sterkare argument enn store ord. Lat oss arbeide for å bli den største norske wikipediaen. Og så kan vi eventuelt ta denne diskusjonen opp att da. :-) Olve 14. mai 2005 kl. 1730 (UTC)

Eg tykkjer ikkje det er naudsynt å bruka no, det at no og nb dukkar opp dobbelt, er truleg eit midlertidig problem som løyser seg etterkvart som bottane får opplæring (det finst ei e-post-liste for dei, trur eg). At brukarar ikkje skjønar samanhengen vil nok fortsettja, men det er eit så lite problem at eg trur me fint kan leva med det. Eg tykkjer me skal fortsetje å arbeida for skikkeleg språkleg likestilling, samtidig som me "arbeide for å bli den største norske wikipediaen", å bruka nb i staden for no er ein god måte å markera standpunktet vårt på. Det sørgar også for at problemet ikkje går i gløymeboka. --Guttorm 12. jun 2005 kl. 2139 (UTC)

Artikkel[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 10:00 (UTC)
Wegge, valkoordinatoren på interwikivalet på no har føreslått at magasinet en:Wikipedia:Wikipedia_Signpost kan skriva om valet og om det skandinaviske samarbeidet i den samanheng. Han fekk god respons på dette frå ein av redaktørane, og har starta ei side på brukarsidene sine på meta med informasjon for journalistane. Viss nokon har tid og er interesserte, er han glad for hjelp, sidan han sjølv kom inn i debatten litt seint. Bjarte 16. mai 2005 kl. 1033 (UTC)

Global omkoding av interwiki[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 9. september 2005 kl. 19:29 (UTC)
Det føreligg eit forslag om programendring som vil gjera den synlege rekkjefølgja av interwikilenkjene automatisk, men samtidig konfigurerbar både lokalt (per wikipedia) og individuelt. Men det har alt skjedd noko – korkje skanwikilenkjene eller dei manuelt sorterte interwikilistene våre verkar akkurat no. Tek det lang tid før dette er på plass att? Det ser forresten ut som endringa medfører at dei språka ein vel å ha på toppen ikkje vil kunne gjentakast lenger nede. Stemmer det? --Eddi (Snakk) 24. juli 2005 kl. 03:36 (UTC)

Eg kjenner ikkje til at noko er implementert her enno, men mistenkjer at dette er noko som kan vera på veg til å bli sprintimplementert, sidan dette gjeld problem som er svært utbreidde. Eg tolkar den føreslegne koden som at lenkjerekkjefølgja vil vera automatisk for alle interwikilenkjer og at ein kan setja opp ei liste over kva lenkjer ein vil ha øvst. Oppattaking er eg ikkje sikker på, men eg mistenkjer at du har rett. Mitt syn er at om vi kan få til ei automatisk ordning som alltid plasserer nabospråka våre øvst (eller andre språk hos brukarar som føretrekk det), så er dette ei stor forbetring anten lenkjene blir oppattekne eller ikkje. :-) Olve 24. juli 2005 kl. 04:14 (UTC)

Jau, det høyrest bra ut, berre det ikkje skjer hals over hovud. Når det gjeld den automatiske rekkjefølgja hadde det vore fint om det som nn: har grubla seg fram til :-) kunne verta standarden ikkje berre på nn: men også internasjonalt, for eg trur det er mange fleire som føretrekkjer alfabetisk utsjånad framfor alfabetisk kode. Kan me ymta frampå om noko slikt? --Eddi (Snakk) 24. juli 2005 kl. 05:16 (UTC)

Ja, dette er på veg inn mange stader no, og kombinasjonen av sterk lobbyverksemd frå oss og uttrykte ønske frå mange andre wikipediaer òg var det som alt i alt fekk Yurik til å laga denne forbetringa.... :-) Olve 24. juli 2005 kl. 05:31 (UTC)
Om du ser her, vil du sjå at alfabetisk ordning av interwikilenkjer etter språknamn heller enn kode faktisk utgjer kjernen i forslaget! :-) Olve 24. juli 2005 kl. 05:37 (UTC)
Sjekka repetisjonsspørsmålet med Yurik, som svara at «oppbrukte» lenkjer ikkje blir repeterte. Eg trur ikkje at dette er noko stort problem. Kanskje er det til og med ei forbetring på dét punktet òg...? :) Olve 24. juli 2005 kl. 08:37 (UTC)
Synest det er ok at lenkene ikkje blir repetert, eg òg. Grunnen er at det no vil bli likt på alle sidene, og da veit ein kor ein skal leite. Problem oppstår dersom ein på nokre sider har skanwiki og på andre ikkje (slik som det er på nb:/no:), for da veit ein ikkje om ein skal sjå øvst eller midt inni mellom dei andre. Med automatisk sortering nb:/no:, sv:, da:, oppdagar folk fort at dei alltid står øvst. Ok! Skal gå inn og stemme! :) --Erlend 24. juli 2005 kl. 21:16 (UTC)
Ah... Det var på ei side som eg ikkje hadde tilgang til å stemme på... De får stemme de som kan!! --Erlend 24. juli 2005 kl. 21:20 (UTC)
Alle kan få tilgang, det er berre å registrera seg. --Guttorm 9. september 2005 kl. 19:29 (UTC)

Stjerne i interwikilista[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 14:33 (UTC)
Sjå til dømes artikkelen Diego Velazquezit.wiki. Der er det ei stjerne i margen foran interwikilenkjene til den franske og den engelske versjonen av denne artikkelen for å vise at dei artiklane er av ekstra god kvalitet. Kunne vi gjort noe tilsvarande med skanwikiane våre? Eit symbol i front? Malen it:Template:Link AdQ nytta på it.wiki og den tilsvarandefr.wiki funkar ikkje her, av ukjent grunn. --KRISTAGAα-ω 10. september 2005 kl. 22:45 (UTC)

Kanskje en:Template talk:Link FA har svaret. Stjerna bruker eit skript frå Mediawiki:Monobook.js som viser stjerna. Me mangler vel skripet, me då? -- Ranveig 11. september 2005 kl. 08:24 (UTC)
Eg synest ikkje dette er nøydvendig, men eg kan vere med på det dersom det vert aktuelt. EIRIK\diskusjon 11. september 2005 kl. 10:38 (UTC)
Tykkjer heller ikkje at dette er naudsynt. --Guttorm 11. september 2005 kl. 12:37 (UTC)

alfabetisk etter språket sitt sjølvnamn[endre wikiteksten]

På sidan står det Interwikidelen bør organiserast alfabetisk etter språket sitt sjølvnamn (ikkje kodenamnet), sjå lista under. I denna lista ligger dock finska sorterat under f, inte under s som i suomi, och det finns även många andra undantag. Är detta ett slarvfel, eller är listan sorterad på något annat sätt än efter hur språket stavar sig självt? / Habj 3. nov. 2005 kl. 16:58 (UTC)

Slarvfel. Du måste mycket gerna göra det bra. Kom i hug at Mandarin til eksempel inte har en (/et?) riktit plassering i det norska alfabetet med kinesiska tekn. Man måste i slika fäller tenka seg ordet transribert med latinska bokstaver.... håppas at det var möjlit at förstå mitt forsök på svenska :-) --Guttorm 3. nov. 2005 kl. 17:50 (UTC)

Når det gjeld sortering av interwiki finst det forresten eit løysingsforslag som kan letta arbeidet: Dette «insektet» vil sortera interwikilenkjer automatisk. Stem gjerne sjølv, og viss du liker idéen, fortel andre om det! Eit tjuetals stemmer for er visst ikkje nok. -- Ranveig 3. nov. 2005 kl. 17:56 (UTC)

Här finns en lista med två förslag till sortering efter hur språken stavas på det egna språket. Om jag förstår rätt, kör engelska wikipedia med den översta varianten. m:Interwiki sorting order. / Habj 6. nov. 2005 kl. 17:43 (UTC)

Skanwiki og repeteringsspørsmålet[endre wikiteksten]

No som vi har praktisert skanwiki ei god stund, har vi òg fått noko meir erfaring med korleis det verkar i praksis. Da vi begynte med denne praksisen avgjorde vi at vi skulle repetere lenkjene til dei andre skandinaviskspråklege wikipediaene på sine alfabetiske plassar, men berre ved eit visst totaltal interwikilenkjer. Denne avgjersla har ført til ein del klagar frå folk utanfrå som synest dette blir for komplisert. Elles er inntrykket mitt at skanwikisortering (nb/sv/da) er noko som er ein styrke med prosjektet vårt og som gjer arbeidet enklare for mange av dei som faktisk les og skriv her.

Eg lurer på om vi burde gjera ting enklare og rett og slett fjerne dei repeterte lenkjene. Dette vil gjera det mykje enklare for gjestene våre, og om vi får til ei automatisk ordning, så vil vi truleg ikkje kunna halde på doble skanwikilenkjer likevel. (gløymde visst å signere for nokre timar sidan... -- Olve 17. nov. 2005 kl. 03:33 (UTC))

Skanwiki tykkjer eg er eit godt tiltak og eg har ingen innvendingar mot å fjerne repeterande lenkjer. Ei bisak er at eg for min eigen del godt kunne tenke meg at vi på eit eller anna vis favoriserte den engelske interwikilenkja, men eg kan tenke meg at det er mange innvendingar til det.--Asgeir 16. nov. 2005 kl. 20:49 (UTC)
Hovudinnvendinga mot det er at det blir meir å halde styr på så lenge sorteringa ikkje er automatisk. Om forslaget om automatisk sortering blir gjennomført, så er det mykje større sjanse for at vi kan få til litt meir av denne sorten sortering òg — t.d. bokmål, svensk, dansk, færøysk, islandsk, nordsamisk, finsk og engelsk — eventuelt utan anten færøysk/islandsk eller nordsamisk/finsk. Elles håpar eg at fleire kan komma innom og stemme (Ulf/VerdLanco, Guttorm og Jorunn, for eksempel...). -- Olve 19. nov. 2005 kl. 21:25 (UTC)
Eg er veldig for å få dette automatisert, så for at eg berre ventar på det og synest det er det same med alle andre åtgjerder.
Slik det er no tykkjer eg skanwiki er bra i teorien, men plundrete i praksis. Så lenge den automatiske sorteringa ikkje er på plass skulle eg helst sett at det var akkurat same systemet for interwikilenkjer på alle Wikimedianettstadane, og at interwikilenkjene skulle stokkast alfabetisk etter språknamnkoden. Når ein summar rundt som ei bie full av interwikipollenkorn vil ein at det skal gå kjapt og enkelt å legge att pollenkornet, det skal gå så automatisk som mogleg. Å måtte forhalde seg til ei ny sortering av interwikilenkjene for kvar wikipedia ein kjem innom gjer arbeidet meir plundrete enn bra er. --Jorunn 20. nov. 2005 kl. 01:09 (UTC)

Berre skanwiki for no(nb)/sv/da, ikkje dobling[endre wikiteksten]

Skanwiki UTAN dobling på alfabetisk stad

  1. For For -- Olve 16. nov. 2005 kl. 20:15 (UTC)
  2. For For -- Kristian H 16. nov. 2005 kl. 21:04 (UTC)
  3. For For --KRISTAGAα-ω 16. nov. 2005 kl. 21:31 (UTC)
  4. For For --Bjarte 16. nov. 2005 kl. 21:33 (UTC)
  5. For For --EIRIK\diskusjon 16. nov. 2005 kl. 22:03 (UTC)
  6. For For --Asgeir 16. nov. 2005 kl. 22:09 (UTC)
  7. For For --Guttorm 19. nov. 2005 kl. 21:54 (UTC)
  8. For For --Roger 19. nov. 2005 kl. 21:59 (UTC)
  9. For For --Verdlanco\ordskifte 19. nov. 2005 kl. 23:36 (UTC)

Skanwiki MED dobling på alfabetisk stad

  1. Imot Imot -- Olve 16. nov. 2005 kl. 20:15 (UTC)
  2. Imot Imot -- Kristian H 16. nov. 2005 kl. 21:04 (UTC)
  3. Mot Mot --KRISTAGAα-ω 16. nov. 2005 kl. 21:31 (UTC)
  4. Imot Imot --EIRIK\diskusjon 16. nov. 2005 kl. 22:03 (UTC)
  5. For For --Verdlanco\ordskifte 19. nov. 2005 kl. 23:36 (UTC)

Da har dei fleste av dei meir aktive brukarane våre stemt, og det ser ut som det er overveldande vilje til å gjera dette lettare, med alle 9 stemmane under «utan» positive, og 4 av 5 stemmer under «med» negative. Jorunn uttrykkjer at ting er litt kompliserte i praksis før vi får den automatiske sorteringa i orden. Dermed tolkar eg det som at det er greitt å gjera reglane enklare allereie no; vi kan setje opp ei standardrekkjefølgje på robotrådgjevingssida på en, og vi kan underrette Yurik, Andre og andre om at interwikilenkjearbeidet her har vorte litt lettare å gjera på automatisk vis. Så føreslår eg at vi i utgangspunktet ventar til automatisk sortering kjem inn, og så tek avgjersler om å eventuelt ha fleire språk (som t.d. færøysk, islandsk, nordsamisk, finsk og/eller engelsk) ovom hovudlista når den tid kjem. -- Olve 20. nov. 2005 kl. 02:46 (UTC)

Skan- og interwikitaggar[endre wikiteksten]

Nå ser det ut til at det blir slutt på repetering av skanwikiane. Det blir ein kjempejobb å oppdatere alle sidene med det, og difor har eg eit lite framlegg:
Nå har vi markert skan- og interwiki med <!--skanwiki--> og <!--interwiki-->. Det har visa seg at robotar ikkje taklar dette, men etter å ha oppdatert interwikiane (som oftast med dobling av skanwikiane) set dei begge taggane over skanwikidelen. Forslaget mitt er da at vi i staden for dei to taggane har kun ein tagg over skan- og interwikiane som inneheld noe i gata <!--attention interwikiers: sorting of interwikis starts always with no-sv-da when present--> Innhaldet i taggen kan sikkert forbetrast. Men med dette systemet kan robotar køyre problemfritt rundt her med interwikilenkearbeid. --KRISTAGAα-ω 19. nov. 2005 kl. 22:56 (UTC)

Ja, det høyrest greitt ut det. :-) Skulle gjerne høyrt frå Ulf/VerdLanco før vi set i gang med dette, men elles er eg no heilt for dette forslaget. Tenkte faktisk på det same sjølv nettopp medan eg hadde meg nokre brødskiver. Olve 19. nov. 2005 kl. 23:16 (UTC)
Eg har ingen innvendingar mot dét med taggane.
Det er ikkje so viktig for meg om skanwiki vert duplisert (repetert som interwiki) eller ikkje, difor røystar eg for båe delar.
--Verdlanco\ordskifte 19. nov. 2005 kl. 23:36 (UTC)

Kvifor «no:» og ikkje «nb:»?[endre wikiteksten]

Eg lurer på kvifor det skal brukast: --interwiki (no,sv,da first; then other languages alphabetically by name) og ikkje: --interwiki (nb,sv,da first; then other languages alphabetically by name)--Asgeir 26. nov. 2005 kl. 09:41 (UTC)
Dette gjekk føre seg lenge før mi tid her, men no er no avdi dei av ein eller annan grunn aldri skifta til nb etter at no. splitta i to wikipediaer. --Anders 26. nov. 2005 kl. 13:06 (UTC)

Hei, Asgeir og Anders!

Det er rett som Anders seier. Bokmålswikipediaen ligg framleis på no.wikipedia.org. Merk at no: og nb: er synonyme interwikikodar i dag. De kan bruka den de vil av dei, resultatet er det same.

Somme av oss ynskjer at no: ein dag skal verta ein slags portal for båe dei to norske wikipediaane, og at Bokmålswikipedia frå då av ikkje skal ha einerett på språkkoden no (noko som mange synest er urettvist). Inntil vidare, medan me ventar på ei god teknisk løysing, har alle gått med på å la no: og nb: ha sams tyding – det vil jo vera enkelt å endra alle gamle førekomstar av no: til nb: den dagen ein slik portal er eit faktum.

Debatten kring dette emnet er forøvrig flytta til Skanwiki, av di han ikkje berre vedkjem nynorskbrukarar.
--Verdlanco\ordskifte 26. nov. 2005 kl. 15:18 (UTC)

sh: og non:[endre wikiteksten]

På prosjektsida står: «4. sh: for serbokroatisk skal ikkje brukast sidan den ikkje fungerar lenger.»

Men det ser ut som sh: fungarar no: http://sh.wikipedia.org/wiki/Special:Recentchanges

Desse aktive wikipediaane manglar i lista:

  • bug (Basa Ugi/Buginese)
  • ilo (Ilokano/Ilokano)
  • lmo (Lumbaart/Lombard)
  • nap (Nnapulitano/Neapolitan)
  • pih (Norfuk/Norfolk)
  • udm (Удмурт/Udmurt)
  • vec (łéngoa vèneta/Venetian)
  • war (Winaray (Binisaya Lineyte-Samarnon)/Waray-Waray (Samar-Leyte Visayan))

I lista står opplista non: (norrøna), men det er ein test-wp, og dei andre test-wp'ane er ikkje med i lista. http://meta.wikimedia.org/wiki/Test-wp
--Jorunn 26. des. 2005 kl. 18:49 (UTC)

hsb[endre wikiteksten]

Can you please add hsb to your list. (I guess before hr). Qualia

Wikidata[endre wikiteksten]

Kan nokon kort oppsummere om vi enno skal leggje inn interwikilenkjer, evt korleis vi lenkjer til wikidata? --Knut (diskusjon) 8. april 2013 kl. 18:25 (CEST)

Det kan hende det framleis er botar som overfører IW-lenkjer, men det beste er nok å legge dei inn i Wikidata. Før eller sidan, om ikkje allereie, så må alle IW-lenkjer leggast inn i Wikidata, uansett, så det er like greit å lære seg korleis. Det står litt her: Wikipedia:Wikidata. --Frokor (diskusjon) 8. april 2013 kl. 18:40 (CEST)