Wikipedia-diskusjon:Kva for fotball-lag skal med?

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå Diskusjon:VSF - FC, flytt av --Ekko 08:04, 13 oktober 2006 (UTC): Eg synest ikkje at Nynorsk Wikipedia treng artiklar om fotballag i 8. divisjon. Det er kun det niande høgste liganivået i Noreg. Eg synest vi bør sette eit krav om at fotballag må spele i 3. divisjon eller høgare for å komme inn på NN Wikipedia. Eg vil gjerne høyre folk sine meiningar angåande dette. --Cato 07:53, 13 oktober 2006 (UTC)

Ein liten artikkelstump om lag litt nedi divisjonane skadar no ikkje, da — vi har god plass. Så lenge dette er eit stabilt tiltak som er godt dokumentert gjennom fleire år (lokalaviser held) og involverer fleire titals menneske (og eit fotballag i divisjonssystemet gjer jo det), så synest eg at dei kan få lov å stå der. Ein annan ting er at det ikkje akkurat er den mest prioriterte oppgåva... :) Kategorisering av ein slik artikkel bør vel først og fremst vera under kvar enkelt kommune foreløpig. -- Olve 08:01, 13 oktober 2006 (UTC)

Det er greit. --80.213.44.83 08:24, 13 oktober 2006 (UTC)

Eg er samd med Olve. Men synest det bør bli prioritert å få ein god oversikt over dei to øverste divisjonane. --Ekko 08:30, 13 oktober 2006 (UTC)

Spørsmål![endre wikiteksten]

Kvifor er det ikkje ei side om Addecoligaen her? Det er det offisielle namnet på 1. divisjon fotball for herrer.

Nokon må skrive han. Kanskje du? Kanskje omsette den på nb:? --Ekko 11:06, 13 oktober 2006 (UTC)

Ja, eg skal sjå om eg får tid neste veke. --Cato 13:32, 13 oktober 2006 (UTC)