Wikipedia-diskusjon:Mal/Spirer

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Biografispirer[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 10:41 (UTC)
Eg laga ein biografispiremal med kategori til. Lurer på kvifor denne ikkje fanst frå før. Men no gjer den det! :-) Tenkte eg skulle nemne det så ein kan ha det i bakhovudet når ein redigerer biografiske artiklar. – Pladask 5. august 2005 kl. 19:00 (UTC)

Grunnen til at eg ikkje har oppretta ein slik mal er at eg trur denne malen kan gjera oss ei bjørneteneste. Eg trur Knut Bjørnsen og J.S. Bach har større sjanse til å få merksemd og potensiell utviding som Mal:Idrettsspire og Mal:Musikkspire enn dei vil få i ein Mal:Biografispire. Dobbeltspiremerking er òg lite lurt såvidt eg kan skjønne. Eg vil faktisk gå så langt som å lufte idéen om sletting av denne malen... Veit ikkje om dette er noko andre er einige i, så skyt laus, folk: Kva synest de? -- Olve 5. august 2005 kl. 20:59 (UTC)
Einig med Olve, her. -- Larsivi 5. august 2005 kl. 21:04 (UTC)
Einig med Olve, her. --Bep 5. aug. 2005 kl. 21:18 (UTC)
Dobbeltspiremerking var sjølvsagt tanken; det brukast både på en: og nb: så vidt eg veit, og eg kan ikkje hugse å ha høyrt nokon klage på det. Kvifor meiner du det er lite lurt? – Pladask 5. august 2005 kl. 23:54 (UTC)
Eg meiner det er lite lurt bl.a. fordi fleire spiremalar fører til (etter mitt syn) unødig mykje plassbruk på spireannonseringa. Dette er eit problem som har vore diskutert på nb:. På en: brukar vi spiremalar som er bittesmåe og som gjer dobbeltspiremerking mindre påtrengjande. Men dét fører med seg at det nokre gonger kan vera vanskeleg å skilje spiremal og artikkelinnhald. Ein annan ulempe er at det i praksis ofte blir til at folk berre legg inn biografispiremalen, noko som fører med seg nettopp den fragmenteringa av materialet innanfor kvart fagområde som eg nemnde tidlegare. For å sjå kva dette fører til i praksis, sjå no:Kategori:Biografistubber... -- Olve 6. august 2005 kl. 02:07 (UTC)
Så i det eine høvet tar spiremeldinga for stor plass, og i det andre for liten. ;-) Eg trur ikkje spirenes «layout» er noko å legge stor vekt på. Og viss du ser på t.d. no:Arne Nøst, synest eg ikkje det ser så verst ut. Er eit greit kompromiss å opprette t.d. Mal:Musikarspire? – Pladask 6. august 2005 kl. 12:40 (UTC)
Problemet er ikkje først og framst plassen, men at spireartiklane blir borte, anten i ein ansiktslaus kategori som "biografi", eller i ein snever kategori som "mellomstore elver i Kina" (eg føler en: er i ferd med å gå den vegen). Eg synest eigentleg oppdelinga vår er fin som ho er. Dei som vil skriva om musikk, vil sikkert òg skriva om musikarar, då kan vel spire like gjerne ligga under musikk?. Målet er uansett ikkje å leggja spirene oppi kvar sin boks og lukka han att, men å utvida dei til store og gode artiklar. -- Ranveig 6. august 2005 kl. 13:22 (UTC)
Ja, men viss plassen ikkje er problemet, som du seier, fell jo det argumentet bort ... :-) – Pladask 6. august 2005 kl. 15:42 (UTC)

Hovudpoenget er at i praksis gjer ein biografipiremal at folk ikkje legg inn fagleg relevant spiremal. -- Olve 6. august 2005 kl. 21:47 (UTC)

Dét hadde eg ikkje tenkt på. Du har kanskje rett. – Pladask 7. august 2005 kl. 09:04 (UTC)

Hei! Eg lurar på om det har passa med dessa malane: Dyrestubb/Hundestubb/Kattestubb/Kjæledyrstubb/Rovdyrstubb/Kattedyrstubb etc. 62.16.168.251 7. februar 2010 kl. 15:57 (CET)[svar]

Eg har lagt inn "dyr" slik at ein kan skriva t.d. {{spire|dyr|landbruk}} og få spira inn i kategori:dyrespirer. Meir spesifikke emne kan me kanskje få etterkvart (eg er i prinsippet for store, omfattande kategoriar heller enn små, men om me få mange spirer om eit særskilt dyr kan det kanskje vera lurt med eigen kategori). --Ranveig 7. februar 2010 kl. 16:10 (CET)[svar]