Wikipedia-diskusjon:Spørsmål og svar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Wikipedia-diskusjon:OSS)

Vil ikkje dette vera enklare å forstå under Wikipedia:Spørsmål? For ikkje å snakka om meir nøyaktig, for eg har ikkje høyrd nokon stilla desse spørsmåla ennå... Ranveig 30. jan 2005 kl. 1408 (UTC)

No heiter sida Wikipedia:OSS. OSS er gjengs terminologi bland nordmenn på nettet, men Spørsmål vil jo alle nordmenn skjøna. Wikipedia:Spørsmål og svar er kanskje endå betre?
--Verdlanco (diskusjon) 31. jan 2005 kl. 0727 (UTC)

Omdirigering[endre wikiteksten]

Korleis lager eg ei omdirigeringsside? Til dømes meiner eg at medaljar burde omdirigerast til Norske Dekorasjonar. Eg ville i alle fall heller søkt på medaljar enn dekorasjonar om eg var interessert i emnet. stykkjet 23. juni 2006 kl. 14:12 (UTC)

Skrive #omdiriger (eller #redirect -- eller bruk store bokstavar) på ei side som elles er blank. Omdirigeringar verker berre i eitt trinn, så pass på å omdirigera frå norske medaljar til norske dekorasjonar (med liten d!). Omdiriger ofte og mykje, det trengst. -- Ranveig 23. juni 2006 kl. 14:33 (UTC)

Dette fekk eg ikkje heil til trur eg. I ei blank side, skriver eg: "#omdiriger norske dekorasjonar"?

Eh, ja, eg gløymde visst det viktigaste. Målnamnet skal stå etter kommandoen i klammeparentes, slik: [[Målnamnet]]. Sida er sjølvsagt den det skal omdirigerast frå. Neste gong nokon spør skal eg visa til Hjelp:Flytting og omdirigering i staden. -- Ranveig 23. juni 2006 kl. 16:30 (UTC)

Kan eg skrive på bokmål / gebrokken nynorsk?[endre wikiteksten]

Mener at på bokmålswikipediaen er det policy at man kan skrive på nynorsk selv om bokmål er hovedformen. Hvordan er det her? Kan jeg skrive noe på bokmål eller gebrokken nynorsk, og så kommer det andre og retter, eller er det noe man helst vil ha seg frabedt? --Alf 00:37, 8 desember 2006 (CET)

Du må prøva å skriva på nynorsk, men det treng ikkje vera feilfritt. Om du skriv "gebrokkent", som du seier, kan du merka artiklane dine med {{språkvask}} og nemna det i redigeringssamandraget, så me veit om det. --Tannkrem 00:41, 8 desember 2006 (CET)
Kva er "redigeringssamandraget"?--Alf 17:58, 23 desember 2006 (CET)
Under boksen du skriv i er det eit lite felt. Til venstre for feltet står det «Samandrag». Her kan du kort forklara kva du har gjort av endringar i ein artikkel. Som Tannkrem seier er alle typar nynorsk, også gebrokkent, velkomne. --Ranveig 18:46, 23 desember 2006 (CET)
Du kan òg kikke på Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål, og teste programmet Apertium som [du finn her]. Det løyser ikkje alle problem. Men eg – som skriv svært «gebrokken» nynorsk – har hatt glede av det. Kimsaka 20. juli 2010 kl. 18:17 (CEST)[svar]

Eit allment og godt råd i slike tiflelle er å nytta ordboka trottig og gjerne studera bøygninstabellen for å eit betre oversyn. --Harald Khan Ճ 21. juli 2010 kl. 14:53 (CEST)[svar]

Innlogging[endre wikiteksten]

Eg lurar veldig på: Kvifor kan eg ikkje bruke min bokmåls- eller engelske wikipedia-login på den nynorske sida? Kvifor må eg velge, evt. opptre a la schizofren? Bør ikkje dei ulike wikipediasidene samarbeide? Ynskjer ein verkeleg at wikipedians berre skal bidra innan eitt (skrift)språk? Alle snakkar/skriv jo minst to språk idag (kanskje med unntak av nokre med engelsk (AmE) som morsmål...) Eg trur ikkje eg orkar å ha enda ein konto, å hoppe fram og tilbake, logge ut og inn... Og då er det dessverre stor sjans for at det er nynorsken som tapar... Venleg helsing amarone (har ikkje nynorsk-konto)

Dette er ikkje opp til oss er på Wikipedia på nynorsk, men dei som lagar programvaren. Truleg har det med fåren for at folk kan ta seg eit brukarnamn som allereie er i bruk ein annan plass. --Ekko 08:02, 24 februar 2007 (CET)

Kvifor er det eigentleg to norske versjonar?[endre wikiteksten]

Mogleg at dette er eit utdebattert emne, eller at det står om det ein annan stad, men eg prøver her likevel. Mange eg har snakka med tykkjer det verkar rart at ein skal ha to norske versjonar av Wikipedia. Dei seier dei er mest opptekne av rask og påliteleg informasjon osb. Kvifor er det to versjonar, i staden for t.d. ein der ein kunne ha både landsmål- og bokmålsversjon av kvar artikkel? Og får ein verkeleg skrive nynorsk i den såkalla bokmålsversjonen? --Widnes 21:13, 15 mars 2007 (CET)

Fleirtalet på det som ein gong var Wikipedia på norsk ynskte ikkje artiklar på nynorsk. Og nei, ein får ikkje skrive nynorsk der, men det ligg kanskje nokon artiklar att frå den gongen ein kunne. --Ekko 21:33, 15 mars 2007 (CET)
Trur neppe det er artiklar på nynorsk der lenger, men det er skribentar som nyttar nynorsk som skriv bokmål der, men ikkje skriv her. Vi bør prøve å få tak i dei--Anders 00:34, 21 september 2007 (CEST).
Opprinneleg var det ein fellesversjon. Her er eit lite oversyn over historia bak splittinga: Wikipedia:Wikipedia_på_nynorsk. --Erlend 21:35, 15 mars 2007 (CET)
Den sida seier diverre ikkje så mykje lenger, tidas tann har fore ille med mange av inleggja som tidlegare låg lenka til der. --Anders 00:34, 21 september 2007 (CEST)


Korleis endrar eg skrivefeil i overskrifta på ein artikkel[endre wikiteksten]

Eg har skrive ein artikkel, og fann pluttseleg ut at eg mangla ein "n" i den. Korleis kan eg endra deg? --gardi80

Til venstre for søkjeboksen det vera eit flytteval (pila som peikar nedover). Njardarlogar 26. oktober 2011 kl. 21:56 (CEST)[svar]

Korleis endrar eg brukarnamn?[endre wikiteksten]

Kvar går ein for å få endra brukarnamnet sitt?

--- Aaemn784 20. desember 2011 kl. 23:15 (CET)[svar]

Du spør ein med byråkrattilgang (t.d. meg eller Brukar:Frokor) med beskjed om kva det nye namnet skal vera. --Ranveig 20. desember 2011 kl. 23:22 (CET)[svar]

Rettskrivingsnormal på nynorsk wikipedia?[endre wikiteksten]

Korleis er det med rettskrivingsnormal på nynorsk wikipedia? Personleg skriv eg konservativt nynorsk, men er det retningslinjer for korleis ein skal skrive på nynorsk wikipedia, normalisert mot konservativt? --AkselJ (diskusjon) 21. april 2013 kl. 17:43 (CEST)[svar]

Kortfatta: Alt som ligg innanfor den noverande rettskrivinga er greitt å skriva. --Ranveig (diskusjon) 21. april 2013 kl. 18:15 (CEST)[svar]

Korleis får ein opp fleire språk i menyen til venstre for wikitekstane?[endre wikiteksten]

Korleis får ein opp fleire språk? Rokema1962

For artiklar som finst på mange nok språk, er det å klikka på knappen rett under språklista og over «Endra lenkjer» som gjeld. Ynskjer du at heile språklista skal visa permanent, er dette styrt av innstillinga om kompakt språkliste, nedst på sida under bolken «Utsjånad» i innstillingane. --Njardarlogar (ordskifte) 28. april 2019 kl. 22:36 (CEST)[svar]