Wikipedia-diskusjon:Presentasjon

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Tidlegare versjonar[endre wikiteksten]

Denne teksten har vorte brukt i fleire samanhengar og dermed i ulike former etter kva publikum som var tilstades. I staden for å lage ei ny side for kvar presentasjon, kan ein leggje inn lenker til tidlegare versjonar her:

Rapport frå lunsj-presentasjon Leikanger næringshage 1250, 1. november, 2004[endre wikiteksten]

Invitasjon til presentasjonen vart sendt av leiaren for Leikanger Næringshage om morgonen same dag, meininga var at folk som allereie var der for lunsj skulle få det med seg. Kantina vart etterkvart full, eg hadde internett-tilkopling og bærbar datamaskin tilkopla videokanon. Tilhøyrarane filgte interessert med og på grunn av spørsmål og ekstra demonstrasjon av korleis det fungerte varte det dobbelt så lenge som planlagt (omlag 25 min.). Eg var overraska over kor interesserte og engasjerte dei vart. Det vart reist spørsmål om kvalitetsikring tidleg, og me fant feil som vart retta i Akevitt artikkelen. Til slutt la me inn artikkelen om Leikanger Næringshage eg trur ikkje dette var noko betre enn å ta ein "meir leksikal" artikkel som t.d. Sognefjorden.

Alt i alt var eg imponert over interessa og tilhøyrarane virka som om dei var imponerte over prosjektet. --Guttorm 1. nov 2004 kl. 14:24 (UTC)

Så flott! Dette var gildt å høyra. Bjarte 1. nov 2004 kl. 20:10 (UTC)