Wikipedia-diskusjon:Prosjekt Nyno

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket


Maskinomsetjing frå bokmål?[endre wikiteksten]

Vi har no 11000 artiklar på nn og 39000 artiklar på no, talet på aktive brukarar er omtrent tilsvarande. Eg omsette nett ein artikkel frå no, Stortingsrepresentantar 2005-2009, og det slo meg at dette arbeidet burde eg ikkje gjere. Eg burde hatt ein redigeringsknapp for dette, og den redigeringsknappen burde vere eit maskinomsetjingsprogram frå bokmål til nynorsk.

La meg berre med ein gong seie at eg ikkje ser på nn som ein maskinomsett versjon av no. I nokre tilfelle har vi betre artiklar på nn enn på no, og i nokre tilfelle er synsvinkelen på dei to ulik. Det eg meiner er følgjande:

I og med at dei er fleire brukarar enn oss gjer folka bak bokmålswikipediaen ofte eit verdefullt grunnarbeid (som i dømet med stortingsrepresentantane). Det bør vi utnytte, noko vi også gjer i dag (omsetjingspraksisen, det at wiki-innhaldet er tilgjengeleg, er det som gjer at vi kan vekse så mykje fortare enn profesjonelle, lukka leksikonsystem, og det er noko som alle wikiversjonane nyt godt av). Men med eit maskinomsetjingssystem kan vi gjere det meir systematisk.

Kvar og ein av oss kan sjølvsagt allereie i dag gjere dette: Skaffe seg nyno-programmet sjølv og setje om artiklar. Men det eg ser for meg er ein skreiddarsydd versjon av Nyno, som er finstilt på wiki-formateringa, og tilgjengeleg som eit val ein eller annan admin-stad. Dette kan strande på evt. krav om open kjeldekode, for det er Nyno ikkje. Så dette er berre ein flygeide, men samarbeidet mellom dei ulike wikiane bør systematiserast. Trondtr 9. okt. 2005 kl. 19:03 (UTC).

Brukar:Gjon@online.no nemnde dette for meg på den konferansen eg var på i fjor, og eg tykkjer det er ein god idé. Sidan Nyno ikkje er fri programvare så vil me ikkje kunna få det installert på Wikimedia-tenarane. Alternativet er då å sjå etter anna programvare som er fri, eller ha ei Nynoteneste på ei side utanfor nn.wikipedia. Eg ser for meg eit samarbeid med Nyno for å lage ei webteneste som berre kan omsetje kjeldekode frå artiklar frå nb.wikipedia til nynorsk som ein så kan kopiere og lime inn i nn.wikipedia. Tenesta gjev sjølvsagt lenkje til endringssida på nn.wikipedia. Dette burde jo kunna vera god reklame for Nyno, og det er vel stor sjanse for at nynorsk leksikon på internett snart kjem til å få litt mediemerksemd på grunn av den nye regjeringa (søk etter leksikon, nynorsk og/eller kunnskap i samarbeidserklæringa eller regjeringserklæringa eller kva det no blir). --Guttorm 11. okt. 2005 kl. 10:09 (UTC)
Dette ser realistisk ut. Men kva meinte du med "lenkje til endringssida på nn.wikipedia"? (lenkje til endringssida)(på wikipedia) eller (lenkje)(til endringssida på wikipedia)? Spørsmålet frå Nyno si side vil ssv. vere både "kva kan vi tene på dette?" og "vil det vere nokre ulemper?" Til det første vil svaret vere at "eit nyno2wiki-prosjekt vil betale arbeidsinnsatsen deira, og dei vil få mykje reklame ut av det, og at dei vil få brukarinput". Til det første vil svaret vere at den eine moglege ulempa vil vere viss denne tenesta kan misbrukast som eit alternativ til å kjøpe Nyno, ved at folk vil omsetje tekst på nyno2wiki heller enn å kjøpe programmet. Korleis dette kan hindrast er eg ikkje sikker på, kanskje ved at output frå nyno vil vere ein ny nn.wikiartikkel. Men dette er upraktisk, det vil innebere at det berre vil vere mogleg å omsetje nye artiklar. Eg har skrive om bruk av Nyno til programvareomsetjing her, det same kan vi gjere i dette tilfellet. Den første utfordringa vil vere å få dette til å fungere, det neste å få eit evt. samliv mellom nn/no og Nyno til å fungere. Trondtr 11. okt. 2005 kl. 17:11 (UTC).
Med "lenkje til endringssida på nn.wikipedia" så meinte eg at dersom ein brukar vil omsetje http://no.wikipedia.org/wiki/Pollenallergi så kunne siste steget vera ei side med omsett kjeldetekst og ei lenkje til endringssida på nn.wikipedia, men når eg tenkjer etter er det sikkert mange betre måtar å gjera dette på.
Slik eg ser det for meg så kan nbwiki2nnwiki-vevtenesta berre omsetje artiklar som finst på nb.wikipedia. Dersom ein vil misbruke ho må ein dermed opprette ein artikkel på no.wikipedia som dermed enten blir lisensiert under GFDL eller er kopibrot. Dersom det ikkje passar på Wikipedia blir artikkelen før eller seinare sletta og brukaren kan bli blokkert. Dersom vevtenesta brukar ein backup av no.wikipedia blir slik triksing enno vanskelegare.
Eg ser også for meg at importen til nn.wikipedia burde involvera 3 versjonar: (1) bokmålsversjonen som blir brukt som original, (2) nynoversjon (omsett), (3) nynorsk versjon gjennomgått av nn.wikipedia-brukar. I versjon nummer 2 bør Nyno få ein viss form for reklame ved at dei blir lenkja til i endringssamandraget (internlenkje). Kanskje me skulle nemna omsetjinga i artikkelen også eller ha ein Nyno-kategori?
Er ikkje heilt sikker på kva du meinte med skrivet ditt (har såvidt skumlest det). Meinte du at me kan laga eit skriv om slik wikiartikkelomsetjing? Dersom me skal laga ei vevteneste tenkte eg meg at Nynodata måtte laga til ein vevtilpassa versjon, men det er ikkje sikkert dette er så enkelt? --Guttorm 12. okt. 2005 kl. 07:36 (UTC)
Dette blir jo betre og betre etter som du/vi konkretiserer det. Ja, det ser ut til at eit system som går frå wiki til wiki er ein god idá, i alle fall det der med "berre frå no.wikipedia.org". Når det gjeld "til nn.wikipedia.org" er det litt verre, i og med at vi ikkje vil at den maskinomsette delen skal slette evt. (spire-)stoff som står på nn allereie. Men reklamedelen, som absolutt er ein rimeleg gevinst for Nynodata, er jo der. Den artikkelen eg viste til er eit par år gammal, det var den som vart brukt til å få Microsoft til å lokalisere Windows på nynorsk. Han er ikkje direkte relevant her, men illustrerer kva vi kan få til. Når eg tenkjer etter har kanskje ting utvikla seg til eit punkt der det meste vi sa i den artikkelen allereie er opplagt... Når det gjeld det der med eigen Nyno-kategori, kan vi kanskje, til eit visst punkt, ha med ein slags "Nyno was here" -tag, men erfaringa mi er at rett etter omsetjing tar artiklane til å leve sine eigne liv, og utviklar seg til noko anna enn det dei var, slik at det på eit punkt ikkje lenger er ein nn-versjon av ein nb-artikkel. For å få saka vidare bør vi nok kontakte Nynodata, viss det då ikkje kjem motargument. Trondtr 12. okt. 2005 kl. 13:59 (UTC).
At omsetjinga hamner oppå ei spire er ikkje så farleg; dei to artiklane må jo flettast saman uansett, og då kan ein like godt bruke ein eldre versjon som ei side. Eg rekner ikkje med at ei ny omsetjing vil sletta historien til ein eventuell tidlegare artikkel, men legga seg oppå. Å senda omsetjinga direkte til nn: er ein god måte å sikra seg mot misbruk på; ein annan er å bare tillata artiklar frå no:, eller å krevja eit brukarnamn. -- Ranveig 12. okt. 2005 kl. 14:52 (UTC)

Alternativ måte[endre wikiteksten]

Eg har tenkt litt på korleis dette kan gjerast enklast og billegast mogleg. Største problemet med det som er skissert ovanfor er at me er avhengige at Nynodata gjer noko som truleg er ein god del arbeid. No veit eg lite om Nynodata, men eg reknar med at slikt arbeid (særleg dersom dei berre har enkle Windowsverjsonar i dag) vil ta mykje tid og dermed kosta mykje pengar. Alternativet som eg kan tenkja meg kan vera mogleg er at programmet kan styrast av og kommunisere med - eit skriptspråk slik som Perl, Visual Basic, .NET (?) eller Python (eller er eg heilt på viddene her?). Dersom så er tilfelle vil me kunna få hjelp av andre som berre treng vita korleis denne kommunikasjonen/styringa kan gjerast. I ein slik situasjon treng me:

  1. Nyno
  2. OK datamaskin med Windows og breibandstilkobling
  3. Ein utviklar som kan hjelpa

1 burde vera greitt å få tak i gratis så lenge Nynodata stolar på at med nyttar det til det me skal. 2 burde heller ikkje vera store problem med å få tak i, kanskje ABM-utvikling kan hjelpa. 3 er kanskje litt verre, det kjem vel an på kor mykje arbeid det er snakk om og kva språk som må brukast, Jarle kan kanskje hjelpa, Mark Williamson har skrive at han kan litt VB og er heilt sikkert interessert, så har me Larsivi og brukar:Bep som det går an å håpe på.

Eit siste endå enklare alternativ er å sette opp ei Windowsmaskin med Nyno og VNC og så lata oss nn.wikipedia-brukarar få tilgang til maskina og gjera ting manuelt men ev. med felles ordliste og nokre felles innstillingar som gjer at Nyno ignorerar formateringskodane osb. Veit ikkje korleis dette er i forhold til lisensen og om Nyno vil stole på at det berre blir brukt til >nn.wikipedia, men det er i det minste veldig enkelt.

Krav til eit omsejtingssystem som er sånn passe effektivt manuelt:

  • Bør kunne omsetje utan brukarmedverknad.
  • Bør kunne ignorere storparten av koden.
  • Bør takle Unicode.
  • Bør kunne leggje til standardtekst (nynokat./-mal).

Skal det gjerast med eit webgrensesnitt eller på ein eller annan måte er det jo andre krav.

Tredje alternativ[endre wikiteksten]

Ein tredje måte som det kanskje kunne gjerast på er om ein omsette heile no.wikipedia i ein prosess. Eg ser for meg at programmet allereie kan omsetje "batchar" med tekstfiler. Dersom dette er tilfelle kan me få nokon til å laga tekstfiler som passar for Nyno frå database-"dumpen" frå no.wikipedia, køyra dei gjennom Nyno og leggja dei ut ein stad eller kanskje til og med importera dei eller få ein robot til å leggja inn me vil ha. Prosessen kunne gjentakast med jevne mellomrom slik at ein alltid hadde sånn passe oppdaterte verjonar å ta av.

Har du Trondtr kontakt med Nynodata slik at du ev. kan ta kontakt og få positiv respons og få vite kva som er mogleg? Eg tek gjerne ein "teknisk" telefon, men eg reknar med du har ein del goodwill som det kan vera lurt å byrja med. --Guttorm 4. nov. 2005 kl. 20:45 (UTC)

Ja, eg kan gjere det. Trondtr 4. nov. 2005 kl. 21:47 (UTC).

Samtale med Nynodata[endre wikiteksten]

No har eg diskutert med Bjørn Seljebotn. Han er positiv både til Nynorsk Wikipedia og til at vi skal kunne bruke Nyno, dvs. til å stille ein spesialtilpassa versjon av Nyno vederlangsfritt til disposisjon for Wikipedia. Tilpassinga må i hovudsak bli ein jobb for folk frå wikipediamiljøet, men delvis fell ein slik tilpassingsprosess saman med ting Nynodata planlegg i alle fall. Viktige poeng for han var:

  • Det må vere ei form for sikkerheit, slik at Nyno ikkje kan misbrukast, særleg ikkje av brukarar som vil ha omsett lange dokument. Det at all bruk vil bli loggført, at input må vere bokmålswikipediaen og output nynorskwikipediaen, i wikiformat, ser han positivt på.
  • Slik Nyno ligg føre i dag er det ikkje så godt eigna til å integrerast i ulike andre produkt, det er framforalt laga som eit program som skal fungere i lag med Microsoft Word for Windows. I løpet av det næraste året vil mykje endre seg. I praksis såg han for seg ein framgangsmåte der vi kan vente nokre månader, for å få til ei integrert løysing då.
  • Bruk av Nyno til wikipedia vil krevje ein del justeringar for å få Nyno til å forstå wiki-formatet, og for å stille det inn til å ta rett input og gje rett output. Til det trengst det programmeringsdyktige wikipedantar
  • Oppsummeringsvis er svaret altså "ja" til å gå inn og prøve å få dette til, men først utpå nyåret ein gang, og då med diskusjonar om mekanismar om misbruk, og med teknisk informasjon frå Nynodata om korleis vi kan modifisere Nyno slik vi vil.

For eiga rekning kan eg leggje til at eit krav om at brukarar av Nyno må vere registrerte brukarar vil vere nok ei sperre mot misbruk. Trondtr 7. nov. 2005 kl. 10:10 (UTC).

Høyrest bra ut, du forsto meg rett. Flott at du tok kontakt, slik eg forstår det så vil Nynodata sjølv hjelpa til med spesialtilpassinga? --Guttorm 7. nov. 2005 kl. 10:50 (UTC)
Slik eg forstod Bjørn Seljebotn så vil dei hjelpe oss, sjå på den delen av jobben som er på "deira" side, fortelje oss kva vi må gjere, osb. Den konkrete tilpassingsjobben, eller i alle fall store delar av han, må vi gjere sjølv. Kor store delar kan vi jo diskutere når vi kjem så langt, det viktigaste er jo å få hjelp til å skrive den relevante kjeldekoden. Kor mykje ein wiki-nyno skal vere tilpassa wikiformatet vil vere avhengig av kor mykje Nyno kan bli modifisert, kor mykje arbeid vi vil legge i det, og i kor stor grad vi er i stand til å skrive god pseudokode på førehand. I løpet av dei månadene som går fram til vi kjem noko vidare med saka her kan vi altså t.d. tenkje på det.
Mens eg sitt her: Ein tilpassa Nyno bør
  • ignorere all wiki-formatering og html
  • kopiere namnet på no-sida ned til scanwiki- og interwiki-feltet, og skrive det ut som [[no:namnet]].
  • viss no-sida har ein nn-referanse, skal nn-referansen vere namnet på den nye sida. Viss no-sida ikkje har ein nn-referanse, skal no gjere framlegg om eit namn, som brukaren skal stadfeste
  • Nyno skal sjekke om evt. kategorinamn finst på nn, evt. omsetje kategorinamn til moglege kategorinamn i nn. Viss Nyno ikkje finn nokre, skal programmet omsetje til eit kategoriframlegg
  • Det bør vere ei liste over faste omsetjingspar (Nyno har allereie eit slikt alternativ)
  • Vi bør også diskutere kva slags nynorsk Nyno kan setje om til, ein av bravurnummera til Nyno er at det knapt er grense for kor mange ulike former for nynorsk du kan få ut.
  • Evt. som ei ekstrasikring: Uregistrerte brukarar kan ikkje bruke Nyno, for å bruke Nyno må du registrere deg (evt. med e-post, for å gjere det enno strengare, eg veit ikkje)
  • Kanskje også metodar som gjer det mogleg å mate inn mange dokument på ein gong, eg veit ikkje. På den andre sida vil alle dokumenta krevje manuell etterredigering, så farta blir ikkje større enn det som trengst for å trykke på knappen likevel.
Elles syns eg framlegga som har vore oppe i diskusjonen har vore gode, det som står att er å få til ein fin avtale, og når tida kjem eit oppsett av programmet på ei passande maskin, og ei god tilpassing. Dermed er det berre å (systematisere tilpassingsframlegga, diskutere med potensielle programmerarar, og så) vente til utpå nyåret ein gong. Trondtr 7. nov. 2005 kl. 12:24 (UTC).
Flott tiltak, Trond! Dette vert spanande. Eg har erfaring med XSLT (eXtensible Stylesheet Language Transformations) og ser for meg at denne kunnskapen kan nyttast til å laga XSL-filer som kan vera med på transformera dokumenter i alle fall frå nyno-output-format dersom det er i eit XML-språk til nn-wikiformat. Dei som arbeider med nyno forstår nok kva eg meiner. Bjarte 7. nov. 2005 kl. 12:58 (UTC)
Etter å ha sett litt nøyare etter, veit eg at eg kan lett nytta XSLT til å transformera eikvar artikkelside på :no til kva enn format nyno måtte ønskja som input til oversetjinga, ved å nyta kjeldekoden til den artikkelsida som input til denne XSL-fila. Bjarte 8. nov. 2005 kl. 12:39 (UTC)

Nokre tankar[endre wikiteksten]

Dette er ein god tanke. Nokre tankar frå meg:

  • Å lage ein online omsetjar integrert i nn.wikipedia er vanskeleg. Det vil kreve adgang til å gjere endringar i wikimedia-koden (heiter det det?), og det vil vel bli bortimot umuleg ettersom bruksområdet avgrensar seg til nn.
  • Eg føresler å lage ei batch-løysing:
    • Kandidatar for omsetjing blir lista på ei side (manuelt, me vil ikkje ha alt grapset frå :no).
    • Dette vil løyse problem mht. lisensiering.
    • Ein gong i døgeret blir denne lista med artiklar omsett:
      • Interwiki blir oppdatert.
      • Artikkel blir lagt i kategori "NynoOmsetjingar" klar for manuell inspeksjon. Eg har ingen tru på maskinell gisseleik på kategoriar. Dersom den opphavlege kategorien let seg omsetja til ein nn:-kategori, flott. Artikkelen treng uansett manuell oppfølgjing.
      • Dersom artikkelen finst frå før, blir oversetjinga lagt inn i /sandkasse e.l og kategorisert høveleg.
  • Å lage eit eige nyno-output-format ser eg som unødig ekstraarbeid (og ein ikkje-triviell operasjon). Nyno taklar òg i dag meta-felt i tekstar:
    • Programmet er ikkje endeleg godkjent for bruk på HTML-filer. Men ulike testar viser godt resultat. Det er mogleg å leggje inn spesialteikn som definerer kva tekstdelar programmet skal hoppe over, f.eks. dei ulike HTML-teikna. http://www.nynodata.no/faqsvar.htm#htmlfiler
  • Dersom nokon har ein Nyno-lisens installert kunne det vore interessant å sjå eit døme på ei før/etter-side posta her.
    • Dersom det ikkje ser så "gale" ut kunne det vore interessant å lage ein tidleg prototype på ei slik løysing. Dersom Nyno let seg integrere med Word, må det tyde at det finst eit API det går an å prate med på eit vis; kanskje ikkje optimalt, men interessant.

--Bep 8. nov. 2005 kl. 18:07 (UTC)

Ja dette verkar iallfall som ei enklare løysing enn kva me har lagt opp til over, men me får sjå kva det blir til. Rådata/inndata kan hentast med "action=raw", til dømes [nn.wikipedia.org/w/index.php?title=Avskoging_i_Afrika&action=raw]. Som Bep så kan eg ikkje heilt sjå at det skulle vera naudsynt å omsetja til eit anna format, då må det jo omsetjast attende att òg. Eit arbeid fleire har strevd med lenge så vidt eg kan skjøna.
Veit ikkje kor mykje du har lest, men slik eg forstår Trondr så jobbar truleg Nyno med ein betre API av eit eller anna slag.
Eg trur ikkje batchomsetjing er så veldig lurt sidan dette blir alt for enkelt, me risikerar at omsetjingskategorien esar ut. Artikkelen bør vera finpussa av ein brukar før han vert lagt inn på nn.wikipedia i det heile. --Guttorm 8. nov. 2005 kl. 18:47 (UTC)
Eg har lest heile denne sida, men ein online oversetjing vil uansett forutsette ein integrasjon med media-wiki slik det er spesifisert. --Bep 11. nov. 2005 kl. 23:13 (UTC)

Eit anna alternativ[endre wikiteksten]

Kva med å rett og slett forhandle fram ei løysing med sponsing av eit tal individuelle brukarlisensar for dei brukarane som er villige til å leggje inn litt ekstra arbeid i masseomsetjing frå bokmål? Lat oss t.d. seie at dette kan dreie seg om ein 10—12 skribentar(?) Ei slik sponsing kunne komma frå kommunar, fylkeskommunar, mållag, politiske organisasjonar, andre føretak eller frå Nyno sjølve. Ein kan framleis arbeide vidare på å utvikle integrerte modellar, men arbeidet kan komma i gang litt fortare, og ein får tid til å områ seg når det gjeld evt. problem med WikiMedia sitt syn på bruk av ekstern programvare som ikkje er open kjeldekode. Ein brukande idé? :) Olve 11. nov. 2005 kl. 23:23 (UTC)

Det ligg demofiler på nynodata si heimeside. Eg bruker ikkje Windows, og kan dermed ikkje prøve dei, men ser av prøvefilmen (!) at det er ein del interaktivitet ute og går, noko som gjer batch-omsetjing mindre lokkande, og Olve sitt framlegg meir interessant . Trondtr 12. nov. 2005 kl. 06:59 (UTC).
Det er ikkje så vanskeleg å få til ein integrasjon mellom ein windowsapplikasjon og ein webapplikasjon på klientsida. (Herleg å skriva kvasinynengelsk) Antakeleg er detta mykje enklere enn å integrere direkte i Mediawiki. Likevel, å integrere i Mediawiki er ikkje så vanskeleg om ein berre definerer dei rette apiane.
Når det er sagt, kanskje ein skulle diskutere dette med ABM-utvikling? dei var veldig opptatt av å få fokus på nynorsk. Om ein kunne få til ein løysing der stoff frå dei kunne brukast i både bokmålspedia og nynorskpedia så ville det være et klart pluss. Brukar:Agtfjott

Dataassistert omsetjing[endre wikiteksten]

Eit anna program som kan vera interessant å ta i bruk for dei som driv med omsetjing er OmegaT[1]. Eg har nett installert det noko som gjekk heilt fint, men har ikkje tid til å setja meg skikkeleg inn i det enno. --Guttorm 17. nov. 2005 kl. 23:19 (UTC)


Kva er status på denne saka? Har nokon vore i ny kontakt med nyno? --Bep 24. mars 2006 kl. 16:54 (UTC)

Eg har ikkje gjort noko med dette, men starten av november til starten av mars kan vere eit høveleg tidsrom, så ja, eg skal ta det opp att. Trondtr 24. mars 2006 kl. 22:41 (UTC).
Ingen kritikk her. Men denne saka er svært spanande for meg, som den teknokraten eg er. Eg kan gjerne vere med å hjelpe til å få dette prosjektet vidare... --Bep 24. mars 2006 kl. 23:06 (UTC)
Eg har prata med Bjørn Seljebotn att, og situasjonen er denne: Dei har arbeidd ein del med å integrere Nyno i nettbaserte publiseringssystem, men det ligg litt fram i tid å få noko ferdig. Det vi her på nn er interessert i er er dermed sjølvsagt om vi kan få til eit oppsett som bruker Nyno slik det er i dag, omtrent etter oppsettet under Alternativ 1 ovafor. Bjørn og eg skal diskutere det nærare over påske. Trondtr 6. april 2006 kl. 07:48 (UTC).

Utprøving[endre wikiteksten]

Mens vi ventar på at påska skal ta slutt (neste veke, omtrent), har eg bede Bjørn Seljebotn om å få Nyno til å omsetje eit sett artiklar frå bokmål. Eg tok eit tilfeldig sett bokmålsartiklar som hadde vore vekas artikkel på bokmål, og som ikkje var eigen artikkel hos oss i det heile. Eg lagar ein kategori for dei og sett dei inn, så kan vi sjå på dei. Trondtr 22. april 2006 kl. 14:37 (UTC).

No har eg lagt inn artiklane (eg måtte hive ein av dei, no:Kaffe, dei hadde ikkje med referanse til Kaffi, så no har vi altså to artiklar om kaffi (hmm, eg kan leggje inn og deretter overstyre med den gamle). Det Bjørn Seljebotn skreiv til meg om artiklane var:
Ingen av tekstane er endra manuelt. I Nyno har eg brukt Normal-malen (Moderat nynorsk) og lagt inn at programmet skal hoppe over (inga omsetting) av tekst mellom " ", [ ], { }. Dette såg for meg ut som spesialteikn for lenker, kodar i Wikipedia etc. . I etterkant ser eg at dette nok ikkje alltid er rett, f.eks når det gjeld []. Eg ser også at " " i nokre av tekstane er dobbel apostrof og ikkje hermeteikn. Det betyr at restriksjonen på " " ikkje fungerer, og burde i staden ha vore ' '. Eg håper likevel at tekstane gir svar på det du er ute etter. Kodane for OMSKRIV og UKJENT kan ein slå av. For dei andre må det inn ein dialog med brukaren.
Som de ser gjorde eg ingenting med artiklane før eg la dei inn, grunnen til det er at eg vil vi skal sjå korleis dei ser ut, før ei eventuell tilpassing. Eg kjem sjølv til å endre i alle fall nokre av dei, dei opprinnelege versjonane står i loggen. Så vil eg nytte høvet til å takke Bjørn for at han sende meg desse artiklane. Trondtr 22. april 2006 kl. 15:05 (UTC).
Eg har spotlt gjennom eit par av artiklane, og det ser jo svært positivit ut. Greier ein å rette opp i nokre av prolema du skildrar, kan dette vere ein "killer-applikasjon".... --Bep 22. april 2006 kl. 21:02 (UTC)
Det her ser bra ut, ja. Me bør få oss ein maaaal som kan brukast til å merka slike artiklar om det blir fleire av dei -- og det håper eg det blir. -- Ranveig 23. april 2006 kl. 09:38 (UTC)
Vi bør vel lage eit prosjekt på dette, prosjekt Nyno, prosjekt maskinomsetjing, eller noko slikt. Eg sitt og skriv på ein spesifikasjon for wikifisering av Nyno, den vil passe betre på ei prosjektside enn her. Trondtr 23. april 2006 kl. 10:24 (UTC).
Ny prat med Bjørn Seljebotn, som framleis er positiv, men framleis vil vente til dei har ein ny, meir modulær versjon av programmet før han sjølv gjer noko. Når det blir er eit ope spørsmål, men ikkje før sommaren. Dermed kan vi velje å vente eller å arbeide med stoda slik ho er no. Det var greitt for Bjørn at vi gjorde det, men i tilfelle måtte initiativet kome frå oss. Viss vi vel å ikkje vente er det dette vi har framfor oss:
  1. Lage eit prosjekt av dette, for å få ei meir konkret ramme.
  2. Lage eit utkast til kravspesifikasjon / pseudokode til korleis Nyno bør handsame wiki-input (mykje er allereie gjort, på denne sida)
  3. Skissere ein modell der vi kan sende no-innhald til ei nettadresse, som matar innhaldet inn i Nyno, tar den omsette teksten ut att, og sender det til ein artikkel (som brukaren oppgjev namnet til) på nn.
  4. Lage malar osb.
  5. Få tak i ein PC-boks som alltid kan vere på, og som visse administratorar hos oss kan ha tilgjenge til (ein boks hos Nynodata, eller ein annan boks?)
No vil eg gjerne ha attendemelding på dette, om de syns vi skal vente, eller om vi skal arbeide parallelt. Trondtr 10. mai 2006 kl. 18:31 (UTC).

Wikiprosjekt[endre wikiteksten]

Eg snakkar med Bjørn Seljebotn att, og dei har no ganske snart noko å gje oss. Dermed startar eg opp eit prosjekt for å stukturere arbeidet. Eg oppfordrar folk som har vore med i debatten her (og andre med!) om å hive seg med. Trondtr 18:12, 12 oktober 2006 (UTC).

First of all, sorry for the spam/crosspost. Please delete it if you find it inappropriate. See Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Maskinomsetjing frå bokmål. - en:User:Francis Tyers