Wikipedia-diskusjon:Redigering

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eiga line med spesielle teikn[endre wikiteksten]

Diskusjonen fram t.o.m. 19. nov 2004, føregjekk på og er flytta frå Wikipedia:Samfunnshuset
Diskusjonen vart flytta hit frå MediaWiki-diskusjon:Copyrightwarning den 05.04.2005

Er det mogleg å leggja inn noko liknande som dei hev på en:, med spesielle teikn under redigeringsboksen? Særleg «doble vinklar» er kronglute å få til slik stoda er no. Jarle 19. nov 2004 kl. 12:18 (UTC)

Det skulle sikkert gå ann (Guttorm?). Utanom det, finst dei ei anna løysing, nemleg den nye Firefox-programutviding som gjer deg direkte adgang til slike ting ved høgreklikking eller frå verktøyslinje. Sjå Firefox sine heimesider for nedlasting, og www.bananaweizen.de for meir informasjon om denne programutvidinga. Bjarte 19. nov 2004 kl. 12:40 (UTC)
De tykkjer sikkert eg er pirkete og vanskeleg no, men eg er litt skeptisk til å leggja inn ei slik line. Eg tykkjer ein bør tenkja vel og lenge på alt som kompliserar ting, og ei slik line vil nok dei færraste databrukarar forstå meininga med. Eg har difor lite lyst å leggja dette inn dersom det finst like gode alternativ der ute for dei som etterspør det. Er du nøgd med Bjarte sitt program? --Guttorm 19. nov 2004 kl. 13:29 (UTC)
Eg tenkte no berre at det ville gjera det enklare me ei slik reiskapsline. Om me (i stilmanualen som ikkje finst enno) skal oppfordra til å nytta «» i staden for "", slik som er vanleg i norsk teiknsetjing, tykkjer eg dei burde vera lette å skriva inn – òg for dei som ikkje nyttar Firefox. Jarle 19. nov 2004 kl. 13:52 (UTC)
Tykkjer det er ein god idé å leggja inn ei teiknline — på same vis som ho finst på no:, sv:, da: (og dermed er dette eit tillegg som vil harmonisere nn: med andre skandinaviske wikipediaer) — og i tillegg på svært mange andre wikipediaer. for dei av oss som er vande med html og unicode-entitetar er det ikkje noko problem å leggja inn kodar for tankestrek, korrekte hermeteikn og evt. norsk æøå for den som skriv på utanlandsk tastatur osv. — men dette er tungvint, koden blir tunglesen (og dét er vel ikkje akkurat meininga med wikipedia-konseptet...) og terskelen blir urimeleg høg for den som ikkje er «asosial» nok til å sysle med kodespråk... ;-) Om vi vel å ikkje leggja inn dette, så gjer vi altså valet om å leggja byrda på brukaren og/eller brukaren si maskin heller enn på tenaren.
Når det gjeld Firefox-oppdateringa, så er det to problem der: (1) Dei fleste brukarane vil truleg bruke andre nettlesarar i lang tid framover, enda om Firefox er betre på nokre vis. (2) Alle Mozilla-nettlesarane eg har bruka så langt har alvorlege problem med deler av Unicode-visinga (t.d. hebraisk), så for dei av oss som treng slikt, så er framleis Opera og IE einaste alternativ.
Om vi vel å sjå bort frå teikn som «», —, þ, ð og liknande, så legg vi oss på eit nivå som eg trur vil gjera at vi gjev eit mindre profesjonelt inntrykk på lesarane — inkludert dei som sit (eller kjem til å sitja) på pengesekken i samband med satsinga på nynorsk leksikon på internett...
Mitt syn er dermed alt i alt at vi bør gjera som no:, sv: og da: og leggja til ei teiknline — ikkje for å gjera det vanskelegare, men for å gjera det enklare for brukarane å laga eit godt produkt — nemleg wikipedia-artiklar.
-- Olve 19. nov 2004 kl. 16:49 (UTC)
Har flytta diskusjonen hit sidan det er denne systemmeldinga som bør endrast dersom funksjonen skal implementerast.
Eg trur framleis dette vil vera unyttig for dei fleste som ikkje lett kan ordna det sjølv på andre måtar. Det er eigentleg ei oppgåve for operativsystemet / nettlesaren og tek fokus bort frå opphavsrettsmeldinga. Tykkjer heller ikkje "alle andre gjer det"-argumentet (for å settja det på spissen) er særleg overbevisande. Er einig i at UTF-8 teikn er mykje betre enn HTMl kodingar, men ein treng ikkje leggje dei inn her for å ta dei i bruk. Når det gjeld Mozilla, tykkjer eg du absolutt bør prøva siste Firefox ([1]) dersom du ikkje har gjort det.
Dersom uansett blir til at me skal ha denne lina har eg ikkje noko problem med å hjelpa til. Me må då bestemma oss for kva teikn me treng, også her tykkjer eg me bør begrensa oss mest mogleg (tenk på alle mobiltelefon-redaktørane:).Guttorm 22. nov 2004 kl. 16:14 (UTC)
Skal prøve nyaste Firefox no. :)
I mellomtida...: Her er nokre nyttige teikn:
Nyttig typografisk småplukk: « » “ ” —
Uunnverlege skandinaviske teikn: Æ æ Ø ø Å å Ä ä Ö ö
Islandsk, færøysk og nordsamisk: Á á Ð ð Đ đ É é Í í Ŋ ŋ Ó ó Š š Ŧ ŧ Þ þ Ú ú Ý ý
Valfrie teikn på nynorsk: À à È è Ê ê Ò ò Ô ô
Tyske, franske og spanske teikn: ß Ü ü Ç ç Ñ ñ
Eg er einig i at det vil vera litt for brutalt å leggje ut alle desse teikna på skjermen. Derfor trur eg det er lurt å halde seg til dei typografiske teikna og eit utval av andre teikn. Her er kva dei andre skandinaviske wikipediaene har:
NO: Æ Ø Å · æ ø å · Ä Ö Ü · ä ö ü · é è à · ß · – (tankestrek) · «» · 1⁄2 · € · | · † · nbsp · {{}} · Signatur
SV: Á É Í Ó Ú Ý · á é í ó ú ý · Å Ä Ö Ø Ü · å ä ö ø ü · Ð ð · Þ þ · Æ æ Œ œ · – — [] [[]] {{}} ~
DA: Æ æ Ø ø Å å . Á á É é Í í Ó ó Ú ú Ý ý · Ä ä Ö ö Ü ü · Ð ð · Þ þ · Œ œ · – — · [] [[]] {{}} · ~ |
Her er eit forslag som har med det vi treng i praksis for skandinavisk (inkl. islandsk) og enkelte tyske, spanske og franske ord:
« » — Æ Ø Å æ ø å · Ä Ö Ü ä ö ü · Á É Í Ó Ú Ý · á é í ó ú ý · à è ê ò ô · ç ñ ß · Þ þ ð
Kva trur de? Er det noko viktig som manglar her? Kan vi greie oss utan noko av det som er med?
-- Olve 22. nov 2004 kl. 20:37 (UTC)
Har installert og prøvd ut Firefox 1.0 no — problemet frå Mozilla med korleis m.a. hebraisk tekst ser ut er ikkje retta på. Samanlikn http://www.mechon-mamre.org/c/ct/c0.htm i Opera og Internet Exploiter på den eine sida og Mozilla og Firefox på den andre, og legg merke til korleis småprikkane klattar seg i hop mellom dei større teikna i Mozilla/Firefox i staden for å fordele seg utover der dei hører til... -- Olve 22. nov 2004 kl. 20:53 (UTC)


Har tenkt litt meir:

« » — – Æ æ Ø ø Å å · Á á É é Í í Ó ó Ú ú Ý ý Ǽ ǽ Ǿ ǿ ·
À à È è Ò ò · Â â Ê ê Ô ô · 
Ä ä Ö ö Ü ü Œ œ ß · Ŧ ŧ Þ þ Đ đ ð · Ŋ ŋ Č č Š š Ž ž · Ç ç Ñ ñ · 

Dette skulle inkludere, i alle fall i grove trekk, det vi treng for å skrive skandinavisk, islandsk, færøysk, sør-/lule-/nordsamisk, tysk, fransk og spansk. Vi kunne eventuelt ha ein rullegardinmeny med andre spesifikke teikn. Vad tycks? -- Olve 17:42, 13 mars 2007 (CET)

Eg fann boksen på nb:MediaWiki:Edittools og klinte dei saman til eitt heile. Kan ha snubla i nokre spesialteikn, så sjå gjerne over og rett. Me bør ha dei teikna som trengst mest, men ikkje for mange (slik som på en:, skrekk og gru!) slik at ein vasar seg vekk. Rullegardinmeny veit eg ikkje om går an —¹ eg kan sjekka — men me kunne kanskje berre ha ein peikar til Wikipedia:Oversyn over spesialteikn eller noko liknande i staden? --Ranveig 20:44, 14 mars 2007 (CET)
¹Jomfrubruken av spesialteikninnsetjinga!
Strålande! Har sakna noko slikt, spesielt på når eg sit på laptop. Enno meir ideelt hadde det vore om dei norske hermeteikna hadde plassert seg på kvar side av ein merka tekst/ord, slik som t.d. klammeparantesane, men dette er heilt klart betre enn ingenting. Tusen takk! --Frokor 22:47, 14 mars 2007 (CET)
Jasså, er det dét som skjer når ein bruker plussteikn! Det kan lett ordnast. --Ranveig 23:03, 14 mars 2007 (CET)

Åja, etter å ha sett på kjeldekoden, skjønte eg kva Ranveig meinte med «plussteiknet»! ;) Dette var kjempegreier - er veldig upraktisk å drive på med Alt+#### for å få æ, ø og å dei gongene ein sit på utanlandsk tastatur, så dette har eg sakna (og vurdert å føreslå sjølv). Ros!! Kan nokon som har tilgang til å endre koden setje inn eit plussteikn i «kategori» òg, slik:

<charinsert>[[Kategori:+]]</charinsert>

Elles ville vel desse to auke effektiviteten vår:

<charinsert>#OMDIRIGER [[+]]</charinsert>
<charinsert>{{liminn:skanwiki}}</charinsert>

...utan at vi bør opne for engelsk riksdag på spesialteiknlina. Supert! --Erlend 23:48, 14 mars 2007 (CET)

Vel, om det er mogleg, kunne eg gjerne tenkt meg å ha hatt lina plassert ovanfor «Merk deg at alle bidrag...», fordi elles er det ikkje mogleg for meg (på berbarmaskina) å sjå verktøylina over tekstboksen samtidig med spesialteiknlina. Blir litt scrolling opp og ned sånn som det er no. Men om ikkje det går å endre på dette, er eg uansett kjempefornøgd. --Erlend 23:58, 14 mars 2007 (CET)
Eg tenkte akkurat det same som Erlend. Hadde vore greit og sett begge editeringsverktøya samtidig. Men som sagt tidlgare. Slik det er no er betre enn ingenting! Eg er ein nøgd wikipediamann :-) --Frokor 00:14, 15 mars 2007 (CET)
Det er mogleg å legga verktøya inn på MediaWiki:Copyrightwarning, da: har til dømes gjort det slik. Ein kan til og med bytta om på dei to notisane slik at åtvaringa kjem heilt nedst, men då er eg litt redd for å få wikipolitiet på nakken. --Ranveig 13:33, 15 mars 2007 (CET)
Prøvde den danske løysinga no, og ho funka fint på berbaren min iallfall. Så eg ser ingen grunn til å driste seg ut på skråplanet. Takk, Ranveig! --Erlend 22:13, 15 mars 2007 (CET)
Ja, både Danmark og Slovenia har spesialteikna øvst, så frykten for WP verkar overdriven. Men korfor ikkje få nokre fleire knappar, m.a. for hermeteikn, over redigeringsruta, slik t.d. Bokmålet har det? --Havaristen 00:28, 16 mars 2007 (CET)
Grunnen til at eg ikkje har lagt dei inn slik er 1) at eg ikkje kan javaskript, som er det ein bruker for å laga knappar, og 2) at eg aldri har brukt dei noko særleg (bortsett frå å koma borti dei i vanvare og legga inn ein signatur der han ikkje skulle vera, osb.) Eg synest ikkje dei er så lette å forstå heilt utan vidare.
No har eg korta ned redigerings-«åtvaringa» slik at ho kjem på om lag ei linje. Då kjem tydinga betre fram, trur eg. Kanskje like greitt om spesialteikna står under òg, då? --Ranveig 14:31, 17 mars 2007 (CET)
Eg kan i alle fall sjå begge to samtidig no, i motsetnad til tidlegare. Når det gjeld knappane øvst er eg storforbrukar, og jobbar raskast slik. Så bruken av dei varierar nok ein del frå person til person. Elles er òg særs nøgd med det nye verktøyet. Forslaget om å legge til omdirigering og skanwiki likte eg òg godt, og brukar det mykje, sjølv om det ikkje er mange sekunda ein sparar. --Frokor 15:03, 17 mars 2007 (CET)
Dette vart bra! Kan sjå begge to, eg òg. Flott, Ranveig! Er mogleg eg misforstod kva du meinte tidlegare. Eg trudde «frykta for wikipolitiet» berre var knytt til det å bytte om slik at åtvaringa kom nedst, ikkje den andre moglegheita du nemnte. Men denne løysinga førte iallfall fram! --Erlend 20:37, 17 mars 2007 (CET)
Nei, du misforstod meg rett ;-). Boksen der det no står «Alle innlegg må vera etterrettelege» osb. heiter Copyrightwarning. Boksen som inneheld spesialteikna heiter Edittools. Slik har det blitt fastsett og prega inn i wikimaskineriet, og då bør ein ikkje endra det utan vidare. (Men eigentleg treng eg nok ikkje engsta meg så mykje for wikipolitiet -- dei kjem berre når ein minst ventar det...) --Ranveig 19:05, 18 mars 2007 (CET)