Wikipedia-diskusjon:Retningsliner for transkripsjon av kyrillisk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ж er vanlegvis ZJ, trur eg. (Men kan hende du vil kutta ned på lydar som ikkje finst i norsk?) Arj 1. jan 2005 kl. 21:12 (UTC)

Nei, eg kan berre ikkje hugsa å ha sett ZJ nokon plass, og dei fleste avisar o.l. skriv t.d. "SJIRINOVSKI" med SJ (Google gjev 0 treff på ZJIRINOVSKI på norske sider). Sjølv plar eg bruka ZH (som er den engelske transskripsjonen), for å skilja det frå den andre SJ-bokstaven. Men ZJ var ikkje dumt! Har du nokon referansar til transskripsjonar som allereie nyttar ZJ?
--Verdlanco (diskusjon) 2. jan 2005 kl. 11:16 (UTC)
Jau, der fann eg jammen heile transkripsjonssystemet som eg leita etter. Sjå [1] (PDF). Dei brukar Ж = zj. Arj 7. jan 2005 kl. 21:15 (UTC)
Nyttig og interessant! Takk for peikaren! I dét dokumentet står det m.a.:
  • Som regel vil man alltid komme opp i situasjoner der russiske egennavn […] allerede har fått en akseptert skrivemåte på norsk som ikke stemmer overens med de gjeldende regler. I slike tilfeller er det praksis å holde på norske skrivemåter som f.eks. Jerevan (Ереван), St Petersburg (Санкт-Петербург) og Jenisej (Енисей).
Dette kan forklara kvifor mange kjende namn (som Sjirinovski) ikkje vert skrivne i henhold til reglane.
Mykje av det som står i Lunde sitt regeloversyn, kunne vi med fordel taka inn i denne artikkelen, t.d. dét om transskripsjon andre vegen (frå russisk til norsk). Men dokumentet er vel neppe gjeve ut under GFDL, so vi får vel skriva det med eigne ord.
--Verdlanco (diskusjon) 8. jan 2005 kl. 13:17 (UTC)

Forslag til moderat endring av retningsliner[endre wikiteksten]

Eg foreslår å endra nokre formuleringar i desse retningslinene. Eg foreslår å setja inn ei første setning der det står noko slikt som: "Retningslinene for transkripsjon av kyrilliske alfabet fylgjer retningslinene sett opp av Språkrådet (og så lenkje til desse).

Poenget er ikkje å endra noko, for me fylgjer desse retningslinene no likevel. Men poenget er at Språkrådet sine retningsliner er klart og utvetydig formulerte - betre enn me kan, eller treng å gjera her. Likevel kan ein godt behalda tabellen - men slå uttrykkjeleg fast på starten at det er Språkrådet sine retningsliner som gjeld.

Nokon motforestillingar? --Barend 22:39, 4 januar 2007 (CET)