Wikipedia-diskusjon:Samfunnshuset/Kjellaren

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Genialt bilete og bra med lysare fargar i overskrifta! :) Det her vert jo ein rett sagt triveleg (men sjølvsagt mørk og skummel) kjellar! kurtber 7. apr 2005 kl. 1523 (UTC)

Vi treng betre organisering av Samfunnshus-arkivet (Kjellaren)[endre wikiteksten]

Medan eg legg inn artiklar merkar eg at det er ganske dårleg organisering på dei gamle trådane her... Eg har lite erfaring med å organisere informasjon og å lage nettstader, og vert lett rådvill i slike situasjonar :) Nokon som har nokon gode idèar?

Skulle ein kanskje finne mellom fem og åtte hovudkategoriar og lage eigne sider til desse, ogso legge inn trådane på undersider av desse igjen, eller vert det for komplisert?

Personleg meinar eg at det er eit viktig demokratisk prinsipp at ein har eit godt arkiveringssystem av viktige diskusjonar som har vorte førte i Wikipedia. (T.d. viktige røystingar og debatten ikring desse) kurtber 7. apr 2005 kl. 1556 (UTC)

Historikk i trådar som er flytta[endre wikiteksten]

Korleis er det med historikken i trådar som er flytta? Eg har kanskje ikkje undersøkt godt nok før eg spør, men eg har ein mistanke om at historien heng att på sidene der trådane er henta. Ein må sjølvsagt lesa det folk skriv i diskusjonane – og folk er stort sett gilde til å signera og datera – men eg likar òg å kasta eit blikk på historiesida og få eit snøgginntrykk av kven som er aktive, kva som har gått føre seg osb. --Eddi (Snakk) 7. apr 2005 kl. 1857 (UTC)

Oisann! Det har eg ikkje tenkt på! Du har eit veldig godt poeng der! Om nokon t.d. har fjerna eit tidlegare innlegg e.l. er det sjølvsagt viktig å ha med... Korleis kan ein løyse det problemet? Ein kan jo legge til ein kommentar øvst i dei arkiverte trådane om at ein må sjå i historikken på Samfunnshuset for å finne historia til tråden (og ta med kva for tidsrom ein må leite i). Men det blir mykje arbeid med det... Korleis har ein løyst liknande ting andre stadar? kurtber 7. apr 2005 kl. 2104 (UTC)

Eg trur dei fleste er for systematisk arkivering, og eg trur det er eit vanleg problem at historikken dermed ikkje følgjer dei rette trådane. (Unntatt når ein flyttar heile sider.) Eg veit ikkje om det er funne løysingar på dette andre stader, men viss ingen veit det på ståande fot er det kanskje verdt ein forespurnad på en:, meta: eller bugzilla. --Eddi (Snakk) 7. apr 2005 kl. 2135 (UTC)

Har vi nokon funksjon for å søke i arkvierte artiklar? Eller kan vi få laga ein, tilsvarande det som er gjort på arkivet til nb-Tinget? --Knut 9. november 2010 kl. 11:21 (CET)[svar]

Har no lagt til søkjeboks både på samfunnshuset og i kjellaren. Grunnmalen er saksa frå nb. --Harald Khan Ճ 9. november 2010 kl. 17:41 (CET)[svar]
Anten er det noko feil med søkjeboksen, eller så gjer eg noko feil når eg søkjer. --Knut 9. november 2010 kl. 18:03 (CET)[svar]
Ein skulle tru at arkiva var på forma WP:Samfunnhuset/Kjellaren/eitelleranna. Slik er det altso ikkje, men no fungere i alle høve søkjefunksjonen her òg (eg testa han opphavleg berre inne på samfunnshuset). --Harald Khan Ճ 9. november 2010 kl. 18:15 (CET)[svar]