Wikipedia-diskusjon:Språk

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kva skal me kalla oss?[endre wikiteksten]

Har lurt ein del på dette i det siste, men det er nokre alternativ til kva me skal kalla oss, skal prøva å lista opp alternativ og argument for/mot:

Kva tykkjer de?[endre wikiteksten]

1. Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.
  2. Olve 18. feb 2005 kl. 1138 (UTC)
  3. Inge 18. feb 2005 kl. 1312 (UTC)

2. nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

3. Nynorsk wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

4. Wikipedia på nynorsk[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

5. Norsk (nynorsk) Wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

6. norsk (nynorsk) Wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

7. Norsk (nynorsk) wikipedia[endre wikiteksten]

  1. Guttorm 18. feb 2005 kl. 1108 (UTC) Dersom det er rett etter språknormeringa.

8. Den nynorske wikipediaen[endre wikiteksten]

  1. Verdlanco (diskusjon) 18. feb 2005 kl. 1709 (UTC) Etter same modell som Det ottomanske riket, Den internasjonale domstolen i Haag, Den forbonde byen, Den raude arméen, Det ville vesten.

9. den nynorske wikipediaen[endre wikiteksten]

  1. Verdlanco (diskusjon) 18. feb 2005 kl. 1709 (UTC) Etter same modell som den andre verdskrigen, den flygande hollendaren, den industrielle revolusjonen.

Diskusjon[endre wikiteksten]

Etter dei språknormeringa for nynorsk reknar eg med at av dei 3 første så er nr 1 mest korrekt, men dette er ikkje mitt sterkaste felt. Problemet eg ser med dei tre første er at me på ein måte skiljer oss meir frå dei andre språka enn berre med språket, me er ikkje berre Wikipedia.....på nynorsk, me er Nynorsk Wikipedia, uheldigvis speglar nok dette realiteten meir enn eg likar det. Nr. 2 vil sjølvsagt få stor førstebokstav når samanhengen tilseier det.

Alternativ 4 gir inntrykk av eit samla Wikipedia, der nynorsk berre er Wikipedia på eit anna språk mellom alle dei andre, eg tykkjer dette er best dersom me vil spegla eit integrert og samordna Wikipedia-samfunn som skriv like gode og NPOV artiklar på alle språk.

Alternativ 5 speglar at nynorsk også er norsk, men er samtidig meir tungvint enn dei andre.

Eg har nok formulert meg litt tungvint over. Spørsmålet er vel om me er eit eige oppslagsverk der nynorsk eller norsk er ein del av særnamnet, eller om me berre er den nynorske delen av Wikipedia som dermed er det einaste særnamnet. Eg tykkjer det siste alternativet er slik det bør vera, men den reelle stoda blir nok betre spegla i det første alternativet pga. den dårlege språklege implementeringa i programvaren og slik Wikipedia-samfunna fungerar i dag.

Referansar[endre wikiteksten]