Wikipedia-diskusjon:Statistikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Nynorskstatistikk[endre wikiteksten]

Diskusjon fram til 17. nov 2004 kl. 09:19 (UTC) vart flytta av Guttorm frå Wikipedia:Samfunnshuset Guttorm
Ja no verkar nynorskstatistikken paa http://en.wikipedia.org/wikistats/EN/. Me har ikkje faatt namn (eg trur dei har hatt problem med aa velgja mellom Nynorsk eller Neo-Norwegian, me faar vel oppfordra dei til aa nytta Norsk (nynorsk) no :) eller rett lenkje enno, men i det minste kan me sjaa paa statistikken (heilt fraa juli). Det ser ikkje ut som om http://wikimedia.org/stats/nn.wikipedia.org/ fungerer enno. Endeleg kan me verkeleg konkurrera oss i mellom for aa sjaa kven som er mest aktiv :P

Elles finst me som foer paa en:Wikipedia:Multilingual_statistics. Bjarte 15. nov 2004 kl. 08:23 (UTC)

Bjarte> Ja no verkar nynorskstatistikken paa http://en.wikipedia.org/wikistats/EN/
Nja... Peikaren til websida for nn verkar ikkje enno. Ser ut som han lenkjer til seg sjølv.
--VerdLanco 15. nov 2004 kl. 11:41 (UTC)
Det er berre lenkja til nn.wikipedia.org som manglar. Trykk paa charts eller tables for aa sjaa sjoelve statistikken. Bjarte 17. nov 2004 kl. 09:19 (UTC)

Eg har lagt inn lenkje til statistikken på MediaWiki:Sitestatstext, det er godt mogleg at ordlyden kan forbetrast. Har også sendt e-post til Erik om manglane i oppføringa på sitemap, besøksstatstikken trur eg manglar fordi den ikkje er på lenger. --Guttorm 23. nov 2004 kl. 08:51 (UTC)

en:Wikipedia:Multilingual_statistics kallar dei oss Nynorsk og norsk Wikipedia Norwegian,. På http://en.wikipedia.org/wikistats/EN/TablesWikipediaNN.htm (som er den vi har peikar til frå Spesial:Statistics) heiter norsk Wikipedia framleis Norwegian, medan vi blir kalla Neo-Norwegian. Eg synest vi bør få endra det sistnemnde namnet til Norwegian (nynorsk). (Ein evt. rein bokmålswikipedia ville sikkert ikkje lika å bli kalla Dano-Norwegian heller.)
--Verdlanco (diskusjon) 10. feb 2005 kl. 0928 (UTC)
Når det gjeld den siste lenka så var det var Bjarte som gav beskjed om Neo-Norwegian, det er ganske lenge sidan eg gav beskjed til Erik Zachte (som er ansvarleg for statistikken) om at det skulle vera "Norwegian (Nynorsk)". Greia er at han ikkje lastar opp filene sjølv, dette er det ein annan som gjer, og han gjer det ikkje så ofte. Eg reknar framleis med at det om ikkje så lenge kjem til å bli "Norwegian (Nynorsk)". Resten av sidene har eg fiksa no, men det oppstår eit problem:
På framsida til Wikipedia på engelsk er språka lista opp med engelsk namn og så med "eige namn" i parentes, dersom dette skal gjerast om til den standarden som me har bestemt oss for, så ville det på engelsk bli "Norwegian (Nynorsk) (norsk (nynorsk))" (frå å vera "Nynorsk"), noko som ikkje ser bra ut. I slike tilfelle føreslår eg at me ber om å få "NorskSpråknamnPåWikipediaspråk (nynorsk)", dvs. at på Wikipedia på fransk bør det endrast frå "neo-norvégien (nynorsk)" til "norvégien (nynorsk)", dersom me kjem på forsida på engelsk bør det vera "Norwegian (nynorsk)", på tysk "Norwegisch (nynorsk)", osb. --Guttorm 10. feb 2005 kl. 1019 (UTC)
Einig i at vi bør halde på Norwegian (nynorsk), norvégien (nynorsk), Norwegisch (nynorsk) osv., med utelating av norsk. -- Olve 10. feb 2005 kl. 1751 (UTC)

Nynorsk omsetjing av statistikk-brukarmiljøet[endre wikiteksten]

Eg har lagt inn fila for statistikksidene på m:WikiReports_NN.pl, der kan ein omsetje til nynorsk slik at også statistikksidene kan visast på nynorsk.--Guttorm 27. nov 2004 kl. 23:21 (UTC)

Ein kopi av den omsetjinga som faktisk er i bruk, ligg no på Wikipedia:WikiReports NN.pl. Men av ein eller annan grunn verkar ikkje peikarar til brukarnamn på dei statistikksidene for nynorsk wikipedia; dei peikar til namnerommet Bruker: i staden for Brukar:. Dette er ikkje ein tekststreng som ligg i WikiReports-omsetjinga, for han er feil på andre språk òg. Kvar kjem (det gale) namnet på namnerommet ifrå?
--Verdlanco\diskusjon 9. mai 2005 kl. 1101 (UTC)
Det må du nok spørja Erik Zachte om (ellers ligg det på den lange gjeremålslista mi). Eg reknar med det er han som har lagt det inn manuelt på ein eller annan måte, du kan ev. førslå at han berre brukar "User:" på alle wikiane som vil føre til rett stad, uansett språk. --Guttorm 9. mai 2005 kl. 2014 (UTC)
Eg har lagt inn ei melding til Erik Zachte om dette på brukardiskusjonssida hans og spurt om han ikkje vil vurdera å bruka Wikipedia til å koordinera all redigering av omsetjingane.
--Verdlanco\diskusjon 27. mai 2005 kl. 0917 (UTC)

Nynorsk Wikipedia snart blant dei 30 største[endre wikiteksten]

Start på bolk frå perioden 5.-15. april 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 10:40 (UTC)

Me har hatt ein god vekst i artikkeltal i det siste. Flott arbeid! Eg har sett litt på kor me er i høve til andre wikipediaar for tida, og det ser ut som om me ligg på 31. plass i storleik. Per i dag har me 4656, så me har nett gått forbi walonsk, og tek inn på kroatisk med 5374 og slovakisk med 5515 - synd for dei men bra for oss! Elles kan det nemnast at no: per i dag har 21445 artiklar og er dermed i ferd med å gå forbi esperanto som ikkje veks så raskt, og halar inn på dansk, noko som vart kommentert ved Landsbybrønden. Dei har ein del att for å ta att på kinesisk og ein skulle tru folketalet talar noko i mot dette :). Dersom dei klarer esperanto og dansk, vert no: den 12. største wikipediaen i verda. Bjarte 5. apr 2005 kl. 0050 (UTC)

Sjå en:Wikipedia:Multilingual_statistics for ein (gammal) oversikt. Bjarte 5. apr 2005 kl. 0051 (UTC)

Artikkel nr. 5000[endre wikiteksten]

Gratulerar (og applauderar, sjølvsagt) Erling for å ha skrive inn artikkel nr. 5000 (Joe Hill) i Nynorsk Wikipedia!

Gratulerar (og applauderar, sjølvsagt) òg alle som har lagt inn dei 4999 andre artiklane (det tyder at Erling får applaus no òg, går eg ut frå), og dei som har lagt inn dei 4 som har komme i minutta etterpå :) Det går radigt unna her!

Godt jobba ;) kurtber 6. apr 2005 kl. 1646 (UTC)

Godt jobba, ja! Applaus til alle bidragsytarar! Var det ikkje i går me runda 4000? Hmm... Anten går tida fort eller så er me i vekst... --Bep 6. apr 2005 kl. 1703 (UTC)

Gratulerer og applauderer (men nyttar òg sjansen til å gjera merksam på at -ere-verb ikkje har -ar-presens på nynorsk (Og dessuten bør Karthago øydeleggjast ;-) )) Erling med vår femtusende artikkel!!! :-D Vi veks fort no, ja! -- Olve 6. apr 2005 kl. 1718 (UTC)

Hehe... Eg går for meir -ar i målføringa for å gjere sidemålsundervisinga enklare! :) Må berre få påpeike at vi allereie har stige med 150 artiklar frå eg eg opna tråden (altso frå 1646 til 2141) kurtber 6. apr 2005 kl. 1941 (UTC)
Og, Olve: Eg set pris på om alle kan bruke me og ikkje vi; ME slik skaplege sogningar gjer. :-) --Bep 6. apr 2005 kl. 2011 (UTC)
Vi har då sagt mange gonger før at me kan skriva med nett den formen oss ønskjer her! Gratulerer alle kvinne og alle mann. Bjarte 6. apr 2005 kl. 2200 (UTC)
Noja, -ar-presens for -ere-verb var eineform på landsmål fram til 1910, hovudform til 1938, og er enno i bruk sjølv om det ikkje er "lov" (anar me ei liti høgnorskspira hjå kurtber? ;). Som prov på at dette hev rot i talemålet helsar eg dykk på jærsk: GratulerA mæ dajen på itteskåd! Jarle (som eigenleg hev wikipause til 24. mai, men kjem innom ender og då og gler meg svært yver framgangen!) 6. apr 2005 kl. 2214 (UTC)
Eller «Gratla», så me seie i Sannis! -- Ranveig 6. apr 2005 kl. 2233 (UTC)
Mnja... Ein gratulerar no stadig austom kjølen. Men som «einaste høgnorskform» i artiklar der språkforma aular med «moderne» former er det no freistande å rette inkonsekvent språk...! ;-) Eg held meg no elles langt unna både dativar (hjorten datt i elva og låg og kava i elven og pauta og belja åt di ander hjortom), personbøying av verb (eg tru, du trur), sideformer som ligg nærme nordmørsdialekten (muleg, serleg) og liknande fordi eg trur det er lurt å skrive slik at folk ser innhaldet meir enn språket. Høgnorsk er greidt, austlandsnynorsk er greitt osv., men eg trur at det er greitt å halde seg til ei nokolunde «stilrein» språkform innanfor kvar artikkel. MEN: Om nokon kan greie å grava opp noko eg no meiner å komma ihug (?) om tillaten blanding av -ar-presens og -te-preteritum som sideform for elevar med talemålsgrunnlag (trur kanskje noko slik kan ha vore nemnt i ei eller anna 1980-talsutgåve av Helleviks nynorskordliste), så kan eg gjeva meg på at dette er ei form som kan høre heime utanom høgnorsk òg... :) Olve 7. apr 2005 kl. 0122 (UTC)
No datt eg litt ut, skal eg vere ærleg, men sidan tråden hadde utspring i mi bruk av -ar kjenner eg meg pliktig til å skrive nokre kloke ord :) Kanskje, sidan det er snakk om talemålsgrunnlag, gjenta lina på god og utvaska jølstradialekt: "Gratulera (og applaudera, sjølsagt)" (Nøgd med at alt eg treng gjere med orda faktisk er å fjerne ein bokstav på slutten eller midt i orda :)) Kanskje eg får talemålsgrunnlaget innvilga :) -Kan nok ikkje hjelpe med nokon 80-talsutgåver av Gule Hellevik, då mi rufsete utgåve nok kjem frå 90-talet... Men Hellevik var ein stor mann!
Når det gjeld høgnorsken er eg tvilande til om eg kjem til å konvertere med det første ;) Men høgnorsk er eit flott mål som eg sjølvsagt stør, som den vesle bygderadikalaren eg er... kurtber 7. apr 2005 kl. 1049 (UTC)
Blanding av -ar-presens og -te-preteritum (brukar, brukte osb.) var fyreslege i den "nye" normalen frå Språkrådet (som ikkje vart godkjend av statsmakti). So vidt eg veit er det ikkje tillate i den noverande rettskrivingi. Jarle 8. apr 2005 kl. 0644 (UTC)

Til lukke, eg er imponert. Kanskje eg òg skal bidra etter kvart? Er forresten alle dei «tomme» årsartiklane (t.d. 987) rekna med? Jaja, i den større og større samanhengen utgjer dei jo ein mindre og mindre del uansett :)

Dei er nok det, ja.. Men mange artiklar er det no uansett! :) Velkomen skal du vere, kven du enn er! kurtber 13. apr 2005 kl. 0052 (UTC)
Ja, årstalsidene tel med — men så bør det no fyllast på med innhald der òg! Når det gjeld sidestatistikken så utmerka Nynorsk Wikipedia seg faktisk med heilt klart mest artikkeltekst per teljande side av dei fire skandinaviske wikipediaene sist statistikken vart oppdatert. For den som eventuelt skulle vera redd for at nynorskwikipediaen ikkje er «stort nok» for det offisielle artikkeltalet, så vil eg anbefala å taka ein liten rundtur i emne som astronomi jødedom, sikhisme, parsisme, hinduisme (litt tynn foreløpig, men meir er på veg — sjå emnemalen til høgre på den sida), norske kommunar, Færøyane, politikk og så vidare. Samanlikn gjerne med dei andre skandinaviske wikipediaene... Dette prosjektet går bra! :-) Olve 13. apr 2005 kl. 0105 (UTC)

Litt statistikk[endre wikiteksten]

Her er ein liten situasjonsrapport frå den skandinaviske wikiverda midt i april 2005: (Kjelder: [1], [2], [3], [4], [5], [6].)

Wikipedia: Svensk Dansk Bokmål Nynorsk Islandsk Færøysk
Bytes pr artikkel: 110 111 140 147 178 138
Artiklar over 0,5 kB: 41 % 40% 51 % 51 % 49 % 29 %
Artiklar over 2 kB: 9 % 9 % 12 % 12 % ;;;12 % 9 %
Lokallenkjer per art. (utan omdir.): 10,67 9,02 12,21 15,61 12,78 5,35
Interwikilenkjer per art.: 2,33 5,46 4,94 7,29 20,79 18,46
Bilete per art.: 0,21 0,23 0,28 0,18 0,21 0,51

Som vi ser, så ligg vi på andreplass (etter islandsk) i gjennomsnittsstorleik på artiklane, vi ligg på delt førsteplass (saman med bokmål) når det gjeld prosentdel av artiklar over 0,5 kB og vi ligg på delt førsteplass (saman med bokmål og islandsk) når det gjeld prosentdel av artiklar over 2 kB. Så det ser no ut til at vi gjer rimeleg solid arbeid med tekstskrivinga! :-)

Når det gjeld interne lenkjer, så ligg vi øvst, med islandsk på 2. og bokmål på tredjeplass. Interwikilenkjer har islandsk og færøysk klart flest av, med nynorsk på 3. plass.

Det eine området vi ligg på jumboplass på er bilete per artikkel. Ein vesentleg del av grunnen til dette er at vi praktiserer kravet om at bilete lyt vera PD eller GFDL mykje strengare enn dei andre — og dét bør vi òg fortsetja med. Derimot er det nok lurt å fara på biletsankingstokt på Commons: Om vi får inn fleire (gode) bilete, så vil verket vårt sjå meir innbydande ut — og slikt skal ein ikkje kimse av...!

Kort sagt: Dette går fint! Fleire bilete (så lenge dei er PD eller GFDL) er nok lurt, men elles ligg vi på skandinaviatoppen (saman med bokmål og islandsk) i innhald per artikkelside. -- Olve 15. apr 2005 kl. 0023 (UTC)

Slik statistikk er oppløftande lesnad! Eg vil gjerne få lov til å gjera merksam på at statistikken finst på norsk òg. Berre byt ut EN i kjeldepeikarane med NN! (Kjelder på nynorsk: [7], [8], [9], [10], [11], [12].)
--Verdlanco\diskusjon 15. apr 2005 kl. 0755 (UTC)

Slutt på bolk frå perioden 5.-15. april 2005, flytta frå Samfunnshuset av Eddi (Snakk) 30. august 2005 kl. 10:40 (UTC)

Statistikk artikkelfordeling[endre wikiteksten]

Flytta frå Wikipedia:samfunnshuset av Guttorm 11. september 2005 kl. 11:41 (UTC)
Eg las ein annan stad her på samfunnshuset at nn.wikipedia er av dei meir spesialiserte skandinaviske wikipedia prosjekta. Eg har sett dette som eit teikn på kvalitet; me har høgt kvalifiserte bidragsytarar på ei rekke område..

Det er sikkert vanskeleg, men det ville vore interessant å få fram ei samanlikning mellom t.d. no: og nn: av artikkelfordelinga. Den kvalitative fordelinga vil nok vere umuleg å analysere maskinelt, men mitt inntrykk etter å ha samanlikna artiklar frå no: og nn:: Ja, dei har per dato fleire artiklar enn oss, men nn: ser til å dra til seg betre skribentar.

I mellomtida vil eg halde fram med å skrive om alt og ingenting. --Bep 19. aug. 2005 kl. 21:05 (UTC)

Det er definitivt ulike spesialiseringar mellom nn: og no:, ja. Men to område der Bokmålswikipediaen definitivt er mykje fyldigare enn Nynorsk Wikipedia er kristendom (nb/nn) (særleg Den katolske kyrkja (nb/nn) og ballsport som t.d. fotball (nb/nn).
Det som for meg ser ut som den tydelegaste skilnaden er at nn-skribentane er flinkare til å stå fram med namn og fagleg bakgrunn. Og ikkje-anonymitet forpliktar jo... :-)
Det svakaste området vi har her til no — anna enn kristendom da — er «alt og ingenting». Der trengst det ein innsats! Vi bør t.d. få artiklar for alle norske fotballag/handballag o.a. frå mellomnivå og opp; vi bør ha artiklar for alle nordiske fylke/lån/amt og alle nordiske kommunar; vi bør ha artiklar for alle sjukdommar og syndrom av allmenn interesse; vi bør ha artiklar for alle sentrale omgrep innan dei abrahamittiske religionane — og gjerne dei indoiranske òg.... Mykje å gjera her! :-) Olve 19. august 2005 kl. 23:12 (UTC)