Wikipedia-diskusjon:Stilmanual

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Betre tittel?[endre wikiteksten]

Ranveig spurde: Finst det ein betre tittel på artikkelen?

Stilmanual er vel OK. Andre framlegg kan vera Stilhandbok, Retningsliner for artikkelskriving, Utsjånad på artiklar, Rettleiing i formatering, og liknande. So lenge det er norsk!
--Verdlanco (diskusjon) 6. feb 2005 kl. 2016 (UTC)

«Rettleiing i formatering» likar eg best av dei. Dei er alle betre enn det noverande namnet. __meco 11:21, 3 juni 2007 (CEST)

Bruk av malane fødd og levde i biografiartiklar[endre wikiteksten]

Vi bør vel rå til å bruke dei, sjølv om problemet med fødestad ikkje er ordna enno? Trondtr 31. juli 2006 kl. 20:51 (UTC).

Eg kan ikkje sjå at denne malen gagnar artiklane vi skriv. Den har to openberre veikskaper: Den nyttar eit format der det verken er mogleg å ha med orda fødd/død eller føde-/dødsstad, og den plasserer dei fire minst viktige kategoriane framfør andre, viktigare kategoriar. Å skrive inn desse opplysningane for hand og dessutan kategorisere fødsel og død for hand er uansett berre småplukk. Med andre ord: for få fordelar, for store ulemper. __meco 11:21, 3 juni 2007 (CEST)