Wikipedia-diskusjon:Taksoboks

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kursivering av vitskaplege namn[endre wikiteksten]

Skal alle namn stå i kursiv?

Spør en biolog Sitat frå innlegg nedst i tråden:

«- vitenskapelige navn fra slekt og nedover skal kursiveres
- vitenskapelige navn over slektsnivå skal ikke kursiveres
- alle vitenskapelige navn unntatt epiteter for art, underart, varietet og form skal ha stor forbokstav.»

Denne konvensjonen brukast òg på nb-wikipedia så langt eg forstår systemet der:

- Slekta Neofelis vs overliggjande gruppe nb:Pantherinae

Snl: Finn ingen gjennomført praksis, nokre familiar som diamantfuglar har vitskapeleg namn utan kursivering, mens andre familienamn har.

Mitt framlegg til ein standard her: Som i sitatet øvst. Det vil seie kursivering berre frå slektsnamn og nedover.

--Roar 5. desember 2011 kl. 17:08 (CET)[svar]

Dersom opplysninga i forumet er rett, så bør vi også - om mogleg - følgje den lina, i tråd med framlegget ditt. --Knut 5. desember 2011 kl. 17:55 (CET)[svar]
Det verkar som ein tåpeleg regel, men om han er innarbeidd, så får me vel følgja han. Eg ser han er brukt på Artsdatabanken òg. Då er det vel best å endra malen slik at dei stadene der ein har brukt, til dømes, "orden l", får ordensnamnet utan kursiv, etc.--Barend 5. desember 2011 kl. 18:12 (CET)[svar]
Einig i at det verker rart, men viss det er slik det er, så får me vel avkursivera. Er det forresten nokon som har syn på nyare kladeinnordningar (som ikkje ligg fast i orden, familie el.l.)? Eg kunne tenkt meg eit trappesystem liknande det me har i infoboksen for språk (sjå til dømes Galisisk. Tydelegare trinn er mogleg). Engelsk Wikipedia opererer med "Unranked" (til dømes i en:Alder), noko eg har liten sans for. --Ranveig 5. desember 2011 kl. 20:12 (CET)[svar]