Wikipedia-diskusjon:Tor-nodar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:01, 16 august 2007 (CEST)

TOR-nettverk/Opne proxyar[endre wikiteksten]

Det skal ikkje lange tida til før nokon med stor nok verketrong og vetlause kan omkalfatre heile Wikipedia på nynorsk via TOR-nettverk og opne proxyar. Skjer det noko i forhald til å stenge av desse hola? --Jorunn 14:40, 13 januar 2007 (CET)

Ja, det får no eg òg verkeleg håpe — det var stridt, dette...! Eg har dessverre lite greie på akkurat denne tekniske biten. Lurer forresten litt på kvar han Guttorm vart av... -- Olve 14:49, 13 januar 2007 (CET)
Eg trur ikkje det skjer noko, nei. Kan me ikkje bli einige om å be kyndige på :no om å gjere dei naudsynte endringane for oss? --Ekko 17:12, 13 januar 2007 (CET)
  1. For For -- Olve 17:33, 13 januar 2007 (CET)
  2. For For --Ekko 17:47, 13 januar 2007 (CET)
  3. For For -- stykkjet 21:02, 13 januar 2007 (CET)
  4. For For --KRISTAGAα-ω 01:37, 14 januar 2007 (CET)
  5. For For. Spesielt no som Rodelero har byrja med dette òg. No har eg fått Brukar:ZorroIII til å køyre boten sin, slik at han lagar lister over TOR-nodar. --EIRIK\diskusjon 18:49, 14 januar 2007 (CET)

No er me i gong, som de kanskje har sett har Eirik og eg sperra dei kjente TOR-nodene. --Ekko 22:43, 14 januar 2007 (CET)

...og andre administratorar må gjerne hjelpe til. Det kan verte litt mykje arbeid med all denne blokkeringa. Eg har forresten snakka med Jon Harald på no:, og han skal snakke med botoperatøren av ein bot som gjer dette automatisk dersom han får administratorrettar. Kva tykkjer de? Dersom det vert problem med boten kan ein vel blokkere han? Eller vert han avblokkert automatisk, sidan han er administrator? --EIRIK\diskusjon 00:07, 16 januar 2007 (CET)

Dersom nokon skriv noko meir på sida bot så forstår eg kanskje meir av det de diskuterer? Ved eit søk på nettet fann eg berre boten Annal:)Knut 00:18, 16 januar 2007 (CET)
Ein bot er ein robot utan ro-. Eller noko slikt. --Tannkrem 00:32, 16 januar 2007 (CET)
Om bottar sjå t.d. en:Internet bot og Wikipedia:Robotar. Datamaskiner er gode til å gjere rutinemessige småendringar og innsamling av data, når menneske skal gjere slike ting sjølve plar dei fort visne vekk og miste all interesse for oppgåva og livet generelt. Her er det spesifikt tale om en:User:TawkerbotTorA/no:Bruker:Torblokkeringsbot, trur eg. Sjå diskusjon på Wikipedia på bokmål (botten er admin der, men ikkje i arbeid enno?) --Jorunn 09:07, 16 januar 2007 (CET)

Og det som må gjerast av einkvann er altså å gå inn på sida Wikipedia:Tor-nodar (som blir oppdatert 8 minuttar over kvar halve time) og sjå på lista. IP-adressar kor ordet blokker er utheva skal blokkerast, klikk på ordet "blokker". Gå så attende til lista og klikk på peikaren "diskusjon". Gå til diskusjonssida til adressa og sett inn {{liminn:Tor}}. Voila! Du er ein av Dunedain som vernar oss alle mot troll og utyske. --Ekko 08:55, 16 januar 2007 (CET)

no: bruker vi malen {{tor}} uten subst/liminn. Det er sikkert fordeler og ulemper med begge måtene, men en ting jeg planlegger er å lage system som gjør at man kan skille mellom aktive og inaktive tor-noder. Dette systemet vil i så fall kreve endring av tor-malen for at det skal virke. Rent teknisk er det enkelt å lage seg en oversikt over tor-noder, da tor-nettet selv har mekanismer som lister opp alle aktive noder. Så for å lage lista trenger man bare å koble seg inn i tor-nettet uten å tillate at noen bruker deg som exit-node og man får en komplett oversikt helt av seg selv. ZorroIII 19:18, 18 januar 2007 (CET)
La inn en haug med {{Tor}} på diskusjonssider, uten liminn/subst. Håper dette går greit. --Jóna Þórunn 19:27, 18 januar 2007 (CET)

Men kva er det?[endre wikiteksten]

Eg skjønar ikkje heilt kva ein sånn TOR-node er for noko rart, og korleis det verkar. Kan ikkje nokon forklara det? Kvifor blokkera IP-adresser som ikkje har vore aktive på Wikipedia, liksom? Og korleis veit me at ei IP-adressa er ein slik ein? --Tannkrem 13:37, 17 januar 2007 (CET)

Tor-netet er eit system kor ein kan sende data (typisk meldingar o.l.) inn og så kjem det anonymisert ut i andre enden og går til mottakaren. Me kan altså ikkje spore kor meldinga kjem i frå. Når me no sperrar dette proaktivt er det avdi netet har blitt nytta til hærver på andre wikiar, og kjende rampungar her har starta å bruke det. Korleis me kan vera sikre på at adressa verkeleg er ein TOR-node anar eg ikkje. --Ekko 13:51, 17 januar 2007 (CET)

Slutt på innlegg flytta frå Samfunnshuset av EIRIK\diskusjon 16:01, 16 august 2007 (CEST)