Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Kandidatar

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Skulle vi kanske ha delt denne lista i tre:

  1. I prinsippet klår for VA
  2. Relativt lite arbeid att
  3. Mykje arbeid att / i prinsippet ein god idé / ikkje vurdert

Nye framlegg inn i gruppe 3, og deretter oppover.. Trondtr 18:47, 2 januar 2007 (CET).

Dei var delte inn i tre tidlegare; det var særs sjeldan at artiklar flytta seg oppover. Akkurat no ser inndelinga grei ut, men vil truleg vera like tung å halda vedlike. Kanskje me kan bruka eit bildesystem i staden: Grønt lys tyder at ein artikkel er klar, gult at han mangler bilde, raudt at det er store manglar, til dømes på grunn av raudlenkjer. Bare ein idé, men eg liker han ganske godt! --Ranveig 00:48, 7 januar 2007 (CET)
Lys er sannsynlegvis betre. Som du ser har eg slått saman grønt og gult i den lista som er der no, dvs. «(nesten) ferdig» -lista. Men lag gjerne ei liste med lys (lysa til høgre, så det er mogleg å sortere alfabetisk maskinelt?). Trondtr 08:47, 7 januar 2007 (CET).
No står dei under «kommentar». Eg har operert med to ulike lys ein del stader, fungerer det?
Det er ein god og grundig gjennomgang du har gjort, men kanskje litt vel streng? Artiklar treng vel ikkje vera heilt perfekte før dei kjem på hovudsida. --Ranveig 11:09, 12 januar 2007 (CET)
Med irsk-stuntet mitt i mellomjula (å nominere ein artikkel som var langt frå ferdig, berre fordi han var dagsaktuelle) er vel eg den siste til å vere i ein posisjon til å vere for streng :-). Og ja, kommentarane mine er nett kommentarar, vi kan ta meir eller mindre omsyn til dei. Perfekte artiklar finst som kjent ikkje. Det eg prøvde var å formulere ein del mål å skrive etter, heller enn absolutte krav. Du og/eller andre må gjerne endre kommentarane mine ad lib. Trondtr 16:16, 12 januar 2007 (CET).

Eg kan tenkje meg at det opphavleg var vassdamp som var meint å stå på lista. Eg flytta det som opphavleg stod på damp over på vassdamp, fordi damp omhandlar meir enn berre damp frå vatn. --Frokor 23:14, 6 januar 2007 (CET)

Finne og utvikle fleire kandidatartiklar[endre wikiteksten]

Jubileumsartiklar som kan bli Vekas artikkel[endre wikiteksten]

Jubileum finn vi t.d. med å bruke Kategori:1907 og tilsvarande for 150, 200, … år tilbake, også på no:, en: og andre språk.

Kjente personar med runde år i 2007: Carl von Linné 23. mai 1707 – 10. januar 1778 Theodor Kittelsen 27. april 1857 – 21. januar 1914) Edvard Grieg 15. juni 1843 – 4. september 1907 Petter Dass 1647 – 18. september 1707 Astrid Lindgren 14. november 1907 – 28. januar 2002

Andre jubileumsartiklar kan knytast til hendingar, land, byar.

Om noen wikipedianar har interesse for emna kan kanskje somme av desse bli Vekas artikkel. Petter Dass er allereie ein godt utvikla artikkel.

Referansar: Dagsavisen: Så var det Grieg-året, Bokmålstinget

Roarjo 17:34, 3 februar 2007 (CET)

Hendingar som vil få mykje merksemd i 2007[endre wikiteksten]

  • Cuba om det kjem regimeskifte. Om spådomen ikkje slår til er det mykje merksemd kring landet no likevel.
  • Klima og rapporten frå FN klimapanel IPCC. Her er mange svært gode artiklar om klima på nn:, mange kan sikkert bli Vekas artikkel.

Roarjo 17:34, 3 februar 2007 (CET)

Kalender[endre wikiteksten]

Mogleg verktøy til å skaffe oversyn. Roarjo 17:34, 3 februar 2007 (CET)

Snart sommarferie![endre wikiteksten]

Og vi bør bunkre opp med fleire grøne lys på denne lista før vi forsvinn på stranda, og gjerne kome med framlegg til dei ulike vekene. Trondtr 15:45, 10 juni 2007 (CEST).

Skal sjå om eg får Commodore 64 klar til sommaren, sommaren er jo lågtidssesong og gamle utdaterte legendar er det kanskje ikkje så mange som bryr seg om :D , få som har bidrege til anna enn retting no då. Boeing treng eg meir tid på. --Anders 19:05, 10 juni 2007 (CEST)

Vekenummer[endre wikiteksten]

Eg vil med dette foreslå at det vert nytta dato i tillegg til vekenummeteret på vekas artikkel. Dette av di eg ikkje har noko tilhøve til vekenummer, noko som eg vil tru òg gjeld mange andre medlemmar av den ganske almuge. Mange kalendrar har heller ikkje vekenummer, så det er tungving å finna ut kva veke det vert referrert til. --Sigmundg 13:14, 8 september 2007 (CEST)

Det ligg datoar på kalenderen, men dei er lagde til for hand, så vidt eg veit er slikt vanskeleg å få til automatisk. Bør det vera datoar ein annan stad også? --Ranveig 20:41, 8 september 2007 (CEST)