Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 12, 2015

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Det er val i Israel 17 mars. Kva med Nynorsk Wikipedias lengste artikkel:

Riksvåpenet til Israel

Israel er eit land i Vest-Asia ved søraustkysten av Middelhavet. Det grensar mot Libanon i nord, Syria i nordaust, Jordan i aust og Dei palestinske territoria som består av Vestbreidda og Gazastripa i høvesvis aust og sørvest, Egypt og Aqababukta i Raudehavet i sør. Landet er geografisk variert sjølv om det har relativt liten utstrekning. I grunnlova si definerer Israel seg som ein jødisk og demokratisk stat, og det er det einaste landet i verda med ein jødisk majoritet.

Israel er eit representativt demokrati med eit parlamentarisk system, høvestalsval og allmenn røysterett. Statsministeren tener som statsleiar og Knesset er det einkamra lovgjevande organet i Israel. Israel er eit industriland og OECD-medlem, med den 43. største økonomien i verda etter nominell BNP i 2012. Israel har den høgaste levestandarden i Midtausten og den tredje høgaste i Asia, og av dei høgaste forventa levealdrane i verda. Les meir …