Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 17, 2015

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår.

Vind er delvis horisontale luftrørsler i atmosfæren, som kjem av ujamn oppvarming av jorda si overflate. Vind i form av vindkraft er blitt brukt til transport og energikrevjande verksemd i hundreår. Kraftig vind i form av stormar eller orkanar kan derimot føre til store øydeleggingar og i verste fall dødsfall. Vind oppstår på alle skalaer. På ein varm sommardag kan det oppstå lokal kortvarig vind i eit lite område som blir varma opp av sola, medan ujamn soloppvarming av jordoverflata skaper globale vindmønster. Dei to største kreftene som skapar den atmosfæriske sirkulasjonen er ujamn oppvarming mellom ekvator og polane, i tillegg til jordrotasjonen (Corioliseffekten).

Forskjellig temperatur i to luftmassar fører til forskjellig lufttrykk i dei to luftmassane. Vind oppstår når luft strøymer frå området med høgt trykk til området med lågt trykk for å jamne ut denne trykkskilnaden. Corioliseffekten fører derimot til at lufta ikkje strøymer i rette linjer mellom dei to trykksystema, men følgjer sirkulære banar inn mot lågtrykkssenteret.

Vind kan klassifiserast ut frå vindstyrke eller det geografisk området dei oppstår i. Det finst global vind som eksisterer mellom dei atmosfæriske sirkulasjonscellene. Eit døme på slik vind er jetstraumen eller passatvinden. Det finst vind på synoptisk skala som kjem av trykkskilnadar mellom to luftmassar på midlare breidder, og det finst vind som oppstår av topografiske forhold. Mesoskala vind er vind som oppstår på lokal skala, t.d. i samband med kraftige regnbyer. På den minste skalaen har ein mikroskala vind som kan blåse frå ti til hundrevis av meter og vere svært uforutsigbare, som t.d. støvkvervlar.

Vind kan óg endre landskap ved forskjellige eoliske prosessar. Les meir …