Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 44, 2013

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: Tussmørker

Tussmørker ein ettermiddag vinterstid på Røros.

Tussmørker er ei nemning for lyset før solrenning eller etter soleglad når sollyset vert spreidd og reflektert av gass og støv i den øvre atmosfæren og lyser opp den lågare atmosfæren og overflata på jorda. På norsk heiter det ofte skyming eller skumring om kveldsmørket og dagning eller grålysing om daggryet.

Halvmørkret skaper ei særeigen trolsk stemning, men i ny tid er tussmørkret, i staden for å vera tida då ein synest ein ser tusser, vorte tida då det vert tend elektrisk lys overalt. I norsk tradisjon er «å halde skyming» å sitje og kvile innomhus utan tende lys, før det vert så mørkt at ein må kveikje lys for å få gangsyn.

I Arktis og Antarktis kan tussmørkret vare fleire timar (på polane om lag ein månad etter sola har gått ned for vinteren, eller før ho står opp for sommaren), medan ein på ekvator kan gå frå dag til natt på berre 20 minutt. Les meir …