Wikipedia-diskusjon:Utvald artikkel/Veke 5, 2018

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: Røros. Føreslår utvalde artiklar knytt til Trøndelag i januar for å markere byrjinga på det nye fylket.

Opning av Rørosmartnan 20. februar 2007

Røros er ein kommune i Trøndelag. Kommunen ligg lengst søraust i fylket, grensar i aust mot Sverige og i sør mot Hedmark. Kommunen vart oppretta i 1964 ved samanslutning av dei tidlegare kommunane Røros Bergstad, Røros landsokn, Brekken og Glåmos.

Røros er særleg kjent for den tidlegare verksemda ved Røros kobberverk, som er vist fram i Rørosmuseet, i Johan Falkbergets forfattarskap, og i statusen til Røros som verdsarv-stad sidan 1980. Rørosmartnan vert arrangert kvart år i februar. Les meir …