Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 12, 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Manglar forstatt noko, men det er mykje nyheiter, og ny litteratur om Odda for tida!. Hogne 11. februar 2006 kl. 23:34 (UTC)

Trekkjer forslaget. odda har ikkje blitt omstrukturert i tide. Kva med å nytta Tamilar som motvekt til artikkelen om Sirimavo Bandaranaike Hogne 18. mars 2006 kl. 18:59 (UTC)
MEN so ser eg at artikkelen om tamilar manglar kapittel om historie og språk og at den engelske versjonen er mykje betre. Slik er det når me har vorte forkjælt av artiklane til Olve. Hogne 18. mars 2006 kl. 19:22 (UTC)
Ja er det ikkje fælt, å bli så forkjæla. Det er bare å setja i gang og utbetra! -- Ranveig 19. mars 2006 kl. 18:53 (UTC)
Kanskje me allereide no skal byrja på Henrik Ibsen, slik at den blir eit verdig bidrag seinare? Eg byrjar også å gå tom for utbetringar vedr. Trollheimen, fint om nokon kjem med innspel!
Kva med å byrja eit kvalitetsprosjekt likt det bokmålsgjengen har om utmerka og tilrådde artiklar. Her vert i det minste dei artiklane som verkeleg er verdt å lese tatt fram i lyset Hogne 19. mars 2006 kl. 19:25 (UTC)

Me har ikkje hatt noko språkleg hittil i år. Skriftsystem er ein god kandidat innan det feltet. Han er godt illustrert og spennande, har nokre raude peikarar men dei kan lett rettast opp. Hindi og færøysk er heller ikkje verst, men begge har manglar. -- Ranveig 19. mars 2006 kl. 18:52 (UTC)

Bra forslag. Hogne 19. mars 2006 kl. 19:25 (UTC)