Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 18, 2005

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

For denne veka er det fritt fram å føreslå artiklar!

Sjølv er eg svak for Jølster, det er ein inspirasjon for alle norske kommuneartiklar, men eg synest òg det kan vera på tid med noko naturfagleg, til dømes salt eller hydrogen. -- Ranveig 25. apr 2005 kl. 2014 (UTC)

Jølster er «görbra», ja! (For å sitere Albert och Herbert...) Elles er det no dødsdagen åt guru Nának, grunnleggjaren av sikhismen, den 7. mai, men vi har kanskje fått overdose med slikt noko no, etter både påske, varudapirappu og pesah den siste dryge månaden... Albert Einstein er no elles rimeleg naturfagleg òg, men det hindrar ikkje at ein kan ha meir av same slaget! Salt kunne vera muleg. Endeleg hadde det vore ein fin vri vidare frå både varudapirappu og pesah å bruke den fine artikkelen om ris. Så var det å bestemme seg, da... Eg trur kanskje favoritten min er ris (tek seg betre ut enn artikkelen om salt foreløpig, tykkjer eg), med Jølster på ein botnsolid andreplass. -- Olve 29. apr 2005 kl. 0437 (UTC)

Eg kom med eitt på at neste veke vil vera 60-årsjubiléet for slutten på Den andre verdskrigen i Europa. Det bør me ikkje la vera å markera. Andre verdskrig-artikkelen er ikkje mykje å skryta av, men Noreg under den andre verdskrigen er svært god. Eg er på jakt etter fine bilde av norske flagg nå, eller andre (freds)illustrasjonar som kan passa. -- Ranveig 1. mai 2005 kl. 0806 (UTC)

De trur ikkje det ville sjå betre ut med eit bilete frå sjølve artikkelen enn eit bilete som ikkje er frå den tida? Biletet av skipet i Altafjorden er fangande. Bjarte 1. mai 2005 kl. 2157 (UTC)