Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 18, 2012

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Forslag 1:

Den eldre Kristian IV måla av Karel van Mander

Kristian Kvart (1577-1648) var konge av Danmark-Noreg frå 1588 til 1648.

Han førte i 1625 Danmark inn i den tyske religionskrigen, Tredveårskrigen, ei handling som endte med fiasko. Torstenson-krigen i 1643 endte med at Sverige fekk Jämtland, Härjedalen og Gotland.

Kristian IV er likevel rekna som ein av dei mest framifrå kongar i Danmark-Noreg. Han grunnla byane Christianshavn, Christianstad i Skåne og Christianopel i Blekinge, Glückstadt i Holstein, Christianssand og Konningsberg i Noreg. Då Oslo brann, flytta han byen nærare Akershus festning og i 1624 fekk Oslo namnet Christiania. Les meir …


-Hogne (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 14:59 (CEST)
Gjerne det. --Ranveig (diskusjon) 30. mars 2012 kl. 15:13 (CEST)
God ide. --M. Haugen (diskusjon) 23. april 2012 kl. 02:26 (CEST)

Tredveårskrigen må endrast til Trettiårskrigen. Tredve er ikkje rett nynorsk. http://www.nob-ordbok.uio.no/perl/ordbok.cgi?OPP=tredve&nynorsk=+&ordbok=nynorsk --89.8.87.11 1. mai 2012 kl. 07:53 (CEST)