Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 19, 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

11.Juni 2006 er i veke 19 etter det eg har rekna meg til, og kva passar då vel betre enn gamledampen sjølv, DS «Oster», som den dagen feirer eit årsjubileum som ferdigrestaurert passasjer- og lastebåt? --Anders 11. des. 2005 kl. 19:42 (UTC)

Ikkje så godt rekna, dessverre. Det er 11. mai som er i veke 19. 11.juni er i veke 23. Vi treng med andre ord eit anna framlegg. Trondtr 7. mai 2006 kl. 19:34 (UTC).
Oi, hehe. :-O Men då har eg no ein ekstra månad på meg, noko i artikkelen som bør pussast på?--Anders 7. mai 2006 kl. 20:28 (UTC)
Kalkomnen ved Odda Smelteverk.

Odda er ein kommune i Hordaland fylke. Administrasjonsstad og sentrum i Odda kommune er byen Odda, som ligg inst i Sørfjorden i Hardanger. Kjende tettstader i Odda kommune er mellom anna Odda, Tyssedal, Røldal og Skare. Odda er kjend som ein viktig stad for turisme, med fossar som Låtefossen og mykje natur. Hardangervidda og Folgefonna med brearmen Buarbreen er naturområde ikkje langt frå Odda sentrum. Keisar Wilhelm II av Tyskland var årviss gjest frå 1889 til 1914.

Odda er òg kjend som ein industrikommune, med føretak som Odda Smelteverk, Boliden Odda AS (Norzink) og Tinfos Titan & Iron (TTI). Våren 2003 gjekk Odda Smelteverk konkurs, og kommunen er inne i ei omstillingsperiode.

Mange forfattarar kjem frå Odda. Mellom anna Frode Grytten tek utganspunkt i livet i Odda i forteljingane sine. Les meir...

Førre tre veker: –α₁-antitrypsinmangel243 IdaInkariket


Dette er ein fin artikkel, men det manglar eit kart, og han er litt kort. Eit anna døme, som har vore aktuelt i vinter, er...

Jagannath, ei form av guden Visjnu, i eit alter ved vegen i Orissa.

Gud er ei nemning brukt om ei overnaturleg kraft eller eit overnaturleg vesen som har stor makt over verda, og ofte er både allmektig (lat. omnipotent), allvitande (lat. omniscient) og altnærverande (lat. omnipresent). Me skil mellom ein gud med liten bokstav, som kan vera ein av fleire gudar, og Gud med stor bokstav, som då blir rekna som den einaste guden. Tru på ein gud eller eit gudesystem kallar me religion. Religionar har ofte fastsette måtar å nærma seg den overnaturlege krafta på, ofte gjennom ulike seremoniar eller bøn. Les meir...

Andre alternativ kan vere Islam i Noreg (litt mykje raudtt), hjarte (raudtt (!)), Traktor, i høve våronna, kanskje den beste som er ferdig er Petroleumsverksemd i Ecuador (Odda er fin, men kanskje litt kort.... Trondtr 7. mai 2006 kl. 20:17 (UTC).

Eg vil gjerne nytte ein månad eller så på å pusse på hjartet. --Ekko 7. mai 2006 kl. 20:29 (UTC)
Litt raudt her og der, men alt i alt ein god artikkel --Anders 7. mai 2006 kl. 21:32 (UTC)