Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 25, 2013

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag:


Den gamle mannen på Storr på Skye.

Skye er den største og nordlegaste øya i Indre Hebridane i Skottland. Øya består av fleire halvøyar som går ut i forskjellige retningar frå dei fjellendte, indre områda, som er dominert av Cuillin-åsane.

På gælisk vert øya kalla An t-Eilean Sgiatheanach der sgiath tyder «med vengjer». Øya vert òg stundom kalla Eilean a' Cheò – «Den tåkete øya». På norrønt heiter øya Skið. Det norrøne namnet kan like gjerne vere ei endring av det opphavlege piktiske namnet som er nedskrive i romerske kjelder som Scitis (Ravenna Kosmografi) og Scetis (på kart hos Klaudios Ptolemaios). Nokre segner assosierte øya med den mytiske figuren Scáthach. Norrønt språk var dominerande på øya fram til 1400-talet.

Øya har litt over 9000 innbyggjarar. I motsetnad til mange av dei andre skotske øyane har folketalet auka noko dei siste åra. Om sommaren kjem mange turistar og vitjande til øya. Hovudnæringane er turisme, jordbruk, produksjon av whisky, bryggeri og handverk. Den viktigaste byen og hovudstaden på øya er Portree som er kjent for den vakre hamna og skrikande måsar.

Skye er kjent for det vakre landskapet, den levande kulturen og arva, samt det rike dyrelivet med kongeørn, hjort og oter. Les meir …


-- Hogne (diskusjon) 10. juni 2013 kl. 08:52 (CEST)[svar]

God idé, men artikkelen treng ein liten finpuss.--Ranveig (diskusjon) 10. juni 2013 kl. 10:44 (CEST)[svar]