Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 34, 2012

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1:

Ein oktant. Foto: «Stahlkocher»

Oktant er eit geometrisk måleinstrument som først og fremst blir bruka i navigasjon. Namnet oktant kjem av at sjølve bogen på måleinstrumentet utgjer ein åttedels sirkel, og namnet reflekterande kvadrant viser til instrumentet brukar spegl for å doble den observerte vinkelen til ein fjerdedels sirkel. Oktantane kom i bruk som navigasjonsinstrument i 1730-åra og tok etterkvart over den rolla som kvadranten, og i mindre grad òg framleis jakobsstaven, hadde hatt tidlegare. Etter at måling av månevinklar kom i vanleg bruk kring 1760-åra, kom oktanten etterkvart til å tapa terreng for sekstanten, ettersom sekstantar kan måle vinklar på opp til 120 °, det vil seie 30 ° meir enn oktantar kan. I og med at oktantane var mykje billigare å framstille, fortsette likevel mange fiskefartøy og handelsfartøy å bruke oktantar til langt inn på 1800-talet.


~ Hogne (diskusjon) 10. juli 2012 kl. 13:50 (CEST)[svar]