Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 39, 2006

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Diskusjonsframlegg frå siste veke[endre wikiteksten]

Av framlegga siste veka har vi Jødedommen og norsk språk (artikkelen om norsk er etter mitt syn alt for dårleg, og som Eirik peiker på skulle han gjerne hatt illustrasjonar også). Men det er også svært mange andre gode artiklar på kandidatlista. Trondtr 07:10, 16 september 2006 (UTC).

Jødedommen var veke 7, så det var det. Andre framlegg: Hindi, Auckland (vi hadde nett Aberdeen) Gol stavkyrkje, Hans Holbein den yngre, Håkon IV av Noreg, Gud (litt mykje raudt), Antikkens Hellas ser ikkje så ille ut. Trondtr 07:17, 16 september 2006 (UTC).

Første framlegg: Hindi[endre wikiteksten]

Hindi er jo ein lang og interessant artikkel. Kva med den som vekas artikkel? --Gunnernett 13:01, 19 september 2006 (UTC)
Ein god artikkel, utan tvil. Blir enno betre om nokon lingvistar gjer noko med dei raude språk-omgrepa, og om me får fjerna dei raude lenkjene på indisk geografi. --Ekko 14:18, 19 september 2006 (UTC)
Dei raude språkreferansane skulle det vere greitt å fikse, så får de andre ta geografi-referansane. Verre er det etter mitt syn at artikkelen er litt utflytande. Visse avsnitt vil eg ha i eigne artiklar, andre meir fylt ut. Grammatikkdelen er for ujamn. Jf. diskusjonssida til artikkelen. Arvind, Olve, Ranveig, vi bør ta oss på tak. Så ta heller Håkon Håkonsson no over helga. Trondtr 05:32, 22 september 2006 (UTC).

Hindi er god, men kan gjerast betre, og me har folk som kan gjera det. Eg føreslår ein person på hovudsida, det har me ikkje hatt på 13 veker. Artikkelen om Håkon Håkonsson er fin, men kunne hatt ei betre innleiing. -- Ranveig 20:23, 21 september 2006 (UTC)

Ja, nb-innleiinga er det langt meir schwung over. Trondtr 21:28, 21 september 2006 (UTC).