Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 50, 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1:

Astrid Lindgren rundt 1960.

Astrid Lindgren (1907 - 2002) var ein verdskjend svensk barnebokforfattar. Astrid Lindgren skreiv gjerne om litt opprørske og ulydige barn som gjorde mykje rart. Forteljingane hennar fortalde òg varmt om barn som mangla noko - som var fattige, ikkje kjende seg elska, eller sakna ein av eller begge foreldra sine.

Dei mest kjende hovudpersonane til Lindgren er Pippi Langstrømpe, Emil i Lønneberget, Marikken, Mio, Kalle Blomqvist, Ronja Røverdatter, Tjorven, Brødrene Løvehjerte, Karlson på taket, Lotta i Bråkmakergata, Rasmus på loffen og barna i Bakkebygrenda.

Lindgren var aktiv i samfunnsdebatten. Ho tok klar stilling mot kjernekraft før folkeavstemminga i 1980, men det som engasjerte henne mest var borne- og dyrerettsspørsmål.


Treng kanskje litt ettersyn... Hogne 29. september 2011 kl. 16:52 (CEST)[svar]

Eg synest ikkje den artikkelen er verdt å visa fram endå. Kva med Jaco Pastorius? Den er rykande fersk, fin og gjennomarbeidd. --Ranveig 2. desember 2011 kl. 14:08 (CET)[svar]
Jaco ser fin ut. Mbh --M. Haugen 4. desember 2011 kl. 17:10 (CET)[svar]