Wikipedia-diskusjon:Vekas artikkel/Veke 51, 2011

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Forslag 1: Det er jul og kanskje det kan høve med:

Songen omtalar det strålande Jesusbarnet på morsfanget. Måleri av Jindřichův Hradec frå før 1400.

«Eg synger jolekvad» er ei nynorsk omsetjing av den tysk-latinske salmen «In dulci jubilo» frå 1300-talet. Songen handler om gleda over at frelsaren er fødd, og er ein utbreidd norsk julesong.

Første verset av teksten vert tilskriven dominikanaren Henrik Suso som døydde i 1366, mens dei tre neste versa truleg er skrivne til seinare. Salmen er opphavleg skriven som eit makaronisk dikt, det vil seie med vers som vekslar mellom to ulike språk. Slike dikt er kjende frå 900-talet i folkeleg dikting, og kom med denne salmen òg inn i den kyrkjelege diktinga. I Hans Thomissøns Psalmebog frå 1569 vart den tyske teksten omsett til dansk. Ved reformasjonen vart latinske salmar elles omsette til morsmålet for kyrkjebruk, men nokre slike tospråklege salmar vart ståande enno ei tid i salmebøkene som vart bruka i Danmark-Noreg. Teksten som i dag vert bruka på nynorsk byggjer på Martin Luthers tyske gjendikting frå 1533.