Wikipedia-diskusjon:Vekas danske artikkel/Veke 18, 2007

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Frå innleiinga til artikkelen: "Socialisme står således primært i modsætning til kapitalisme som økonomisk system, og liberalisme som politisk system." (Mi utheving). Dette er i motstrid til dei faktiske forholda, der den reformistiske sosialismen, som er hovudforma for sosialisme i vår del av verda, på ingen måte kan seiast å stå i motstrid til politisk liberalisme, men tvert om på mange måtar er meir liberale enn høgresida. Denne feilen er så grov, og setninga så misvisande, at eg vil rå frå å gjere denne artikkelen til "vekas danske artikkel" (burde elles vere Den danske artikkelen denne veka - det er betre nynorsk). Den demokratiske sosialismen (hos oss historisk DNA og SF/SV) står meir eller mindre i motsetning til den økonomiske liberalismen, men ikkje den politiske liberalismen. --Erling 19:56, 28 april 2007 (CEST)

Tja, nei. Rett nok er det ein særs dårleg leksikonartikkel, full av synsing utan kjelder, og om eit tema det nok aldri kan bli ein god Wikipediaartikkel om. Men ikkje vise han, det er eg imot. --Ekko 20:31, 28 april 2007 (CEST)
Å debattere over og evt røyste over artiklane på syskjenwikipediane, kan vi ikkje ta på oss. Vi får heller prøve å leve opp til målet hans Barend og gjere wikipediaen vår så god at han vert førstevalet for alle som kan lese norsk. Likevel: å unngå ord som «vekas» kan vere eit skritt på vegen for å nå dette målet. - Knut 22:24, 28 april 2007 (CEST)
«Vekas artikkel» «Ugens danske artikkel», «Ukens bokmålsartikkel», «Utvald svensk artikel»...? (Har lurt lenge på om ikkje dette vore betre...) Innhaldet i den danske artikkelen kan vi ikkje gjera noko med, nei. MEN vi kan gjerne ha dei ambisjonane som Knut har. :-) Olve 02:41, 29 april 2007 (CEST)