Wikipedia-diskusjon:Vilkår/Versjon med CC-BY-SA

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kommentarar[endre wikiteksten]

Kommentarar til innleiinga / første bolken[endre wikiteksten]

  • Merk at ytringa: fritt tilgjengeleg er bytta ut med tilgjengeleg for gratis bruk
og
gjev alle rett til fri bruk av vårt innhald, so lenge Nynorsk Wikipedia vert godskriven som kjelde. er tatt ut. Det er dekt av bolken Gjenbruk av innhald nedover på sida.
  • Gratis er ei betre omsetjing av 'free' enn fri, sidan innhald under CC BY-SA 3.0 og GFDL berre kan vidaredistribuerast under vilkåra sett i dei respektive listenstekstane. Då er det ikkje fri bruk.
  • Omgrepet lisens er bytta ut med bruksløyve. Meir presist på norsk.

Kommentarar til Opphavsrett og bruksløyve[endre wikiteksten]

  • Minnar først lesaren om at alt innhald er verna av opphavsrett, med unnatak av visse mediefiler på Wikimedia Commons.
  • Gjev råd om korleis vidaredistribuere innhald, sitere og bruke Nynorsk Wikipedia ved å gje opp kjelda slik at både vilkåra i bruksløyva slik dei er formulerte i originaltekstane og slik at norsk lov blir oppfylt. Dette er dessutan i samsvar med praksis som nettstader flest på Internett oppgjer at deira brukarar skal kreditere nettstad / opphavsrettshavar ved sitering og annan bruk som kjelde, med andre ord etter god skikk.
  • Dei to siste bolkane om Når du bidreg... og Når du innarbeider.. er komne inn i staden for tidlegare Vilkår for å skrive. Føremålet med omskrivinga er å auke presisjonen, tilpasse nytt generelt bruksløyve CC-BY-SA, og understreke at gjenbruk av andre sitt stoff alltid skal krediterast slik at originalt bruksløyve, norsk lov og god skikk alltid blir respektert.
  • «Kollektiv kreditering» er innført som omgrep i samsvar med åndsverkloven paragraf 6. Merk setninga i paragrafen: Enhver av dem kan påtale krenkelser av opphavsretten.

Kommentarar til Vilkår for bruk av Nynorsk Wikipedia[endre wikiteksten]

  • Dette skal vere ei gjengjeving av den engelskspråklege utgåva av vilkår med norsk omsetjing til høgre. Teksten på nynorsk i høgre kolonne er lagd med hjelp av tilsvarande side på Wikipedia på bokmål.

--Roar 19. august 2011 kl. 08:07 (CEST)[svar]