Wikipedia-diskusjon:WikiNytt

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Norwegian Wikinews![endre wikiteksten]

It looks to me as though there are enough volunteers to begin m:New language pre-launch for a Norwegian Wikinews! Check out that page and help start the project by translating or developing the relevant policies and pages as outlined there.- Amgine

No.wikinytt_framside - Fellesnorsk framside
No.wikinytt_Desken - Desken (Samfunnshuset)
No.wikinytt_merking - Merking av artiklar
No.wikinytt_Om_WikiNytt - Om WikiNytt/Målsetjing og verdiar
No.wikinytt_Wikinytt:Velkomen - Velkomen/Korleis skrive?
No.wikinytt_Wikinytt:nn:Administratorar - Administratorside
No.wikinytt Wikinytt:nn:Journalist-status - Røynde og truverdige brukarar kan gjevast journaliststatus. --TOM--
No.wikinytt_Wikinytt:nn:NPOV - Dårleg omtaling av nøytralitetsprinsippet
No.wikinytt_Wikinytt:nn:Førstehandsrapportering - Retningsliner for førstehandsrapportering.
No.wikinytt_Om_WikiNytt
Lenkjer til omsette WikiNytt-sider er lagt inn av Kurtber på skilde tidspunkt. 
For ei fullstendig oversikt over lenkjer kan du vitje oversikta på meta.wikimedia.org


Eg tykkjer det ser finast ut med WIKINYTT øverst, då ser ein dette fyrst. P.S.: Veit du noko om kor tid Wikinewsen vert oppretta? --EIRIK\diskusjon 17. des. 2005 kl. 18:45 (UTC)

Lansering: Det er nesten opp til oss. Først må vi omsetje ei rekke "obligatoriske" (dei vi tykkjer vi treng) sider, og so må vi seie i frå på epostlista foundation-l om at vi har dei sidene som trengs for å få starta opp. Det står kort om det øvst på m:New language pre-launch.
Framsida: Ja, eg skal ikkje vere vanskeleg på det! Det såg berre so rart ut med den beta-kommentaren, men den fjerna eg nett. Då vart det betre ;-) Kva tykkjer du om resten av opplegget? Eg la lokalnyhendene nedst fordi at eg går ut frå at det tek litt tid før vi får nok faste bidrag til at dei vert særleg interessante.. Like fullt ser eg for meg at dei virkar oppmuntrande for nye brukarar? / Kurtber|Ordskifte 17. des. 2005 kl. 23:30 (UTC)
Eg tykkjer framsida har vorte veldig fin. Det var ein ting eg kom på: Sidan vi ikkje har høyrt frå nokon på no: om Wikinytt-prosjektet, synest eg kanskje standardspråket på no.wikinytt bør vere nynorsk, eg er klar over at bokmål er større enn nynorsk, men kan ikkje vi få ein fordel for ein gongs skuld? Kva tykkjer du? --EIRIK\diskusjon 18. des. 2005 kl. 18:27 (UTC)
Eg meinar i grunn prinsipielt at vi må forsøke å sette opp wikinytt sånn at måla er so godt som fullstendig likestilt. Eg har ikkje lyst til å plassere det eine målet over det andre (eller... Eg har lyst! Men eg trur ikkje det vil føre til noko godt, korkje for wikinytt eller for nynorsk-saka...) Vi har sett (jf. mål-splittinga i wikipedia) at prosjekt som tek sikte på å kombinere både nynorsk og bokmål er skjøre, og difor trur eg vi skal passe oss for å skape sterk målstrid. Eg trur ikkje vi klarar å dra fram nok folk til å drive ein norsk wikinytt på kvart mål (i tilfelle splitting), og difor vil eg at den vi legg grunnlaget for no skal vere so inkluderande som mogleg!
Men som du ser har eg berre laga nynorsk-versjonane av artikkelmerkene, faktaboksen på framsida, osv. Enkelt og greitt; eg kjem ikkje til å skrive artiklar på bokmål for at det skal finnes nok bokmålsartiklar :-) Eg håpar på mest mogeleg nynorsk, og eg kjem til å bli sint om nokon byrjar å omsetje det eg har gjort!
Du ER inne på noko viktig! Og eg trur at sidan vi er so tidleg ute, har vi òg no sjansen til bygge grunnlaget for eit sterkt nynorsk-miljø i WikiNytt. På den måten kan vi styrke nynorsk-delen av prosjektet med den "darwinistiske" metoden ;-) Det trur eg er den rette måten å gjere det på. No er vi to personar som arbeidar med WikiNytt (tre med tipset Olve skreiv nedanfor her! ;-)); til no er det berre nynorskfolk knytt til prosjektet! Og i og med at det no er vi som har tatt initiativet, kan vi legge grunnlaget for at nynorsken får ein sterk posisjon - men utan å gje inntrykk av at nokon er meir velkomne enn andre. Det er litt farleg.

PS: Det hadde jo ikkje gjort skade at det heiter "Brukar:Kurtber", og ikkje "Bruker:Kurtber"... Var det det du tenkte på? / Kurtber|Ordskifte 19. des. 2005 kl. 01:10 (UTC)


Slutt på Diskusjon kopiert (ikkje flytta) hit frå diskusjonssidene til Kurt, av Kurt sjølv.


Flytta den her korrespondansen til ei offisiell diskusjonsside, trass i at det her ikkje gjeld nn.wikipedia spesielt. Det er eit offentleg tema og burde ikkje verte teke hand om på ei brukardiskusjonsside.../ Kurtber|Ordskifte 19. des. 2005 kl. 18:31 (UTC)


Ja, det var systemmeldingane eg tenkte på, men eg ynskjer det ikkje slik at nokon er meir velkomne enn andre berre fordi dei snakkar og skriv slik og slik. --EIRIK\diskusjon 21. des. 2005 kl. 12:15 (UTC)

Men då er vi jo i grunn heilt einige (trass mi manglande vilje til å forstå kva du ville fram til ;-)). Jau, eg tykkjer i grunn at systemspråket, eller standardspråket eller kva det no måtte vere det heiter burde kunne vere på nynorsk! / Kurtber|Ordskifte 23. des. 2005 kl. 14:54 (UTC)

Diskusjon kopiert (ikkje flytta) hit frå diskusjonssidene til Kurt, av Kurt sjølv.


Lokalnytt[endre wikiteksten]

Trur inndelinga Trøndelag / Vestlandet er mindre lur. Vil føreslå å endre dette på éin av to måtar:

  1. Midt-Noreg [inkl. Møre og Romsdal) / Vestlandet
  2. Trøndelag / Møre og Romsdal / Vestlandet

-- Olve 17. des. 2005 kl. 23:40 (UTC)

Hmm.. Det var ein tanke! / Kurtber|Ordskifte 18. des. 2005 kl. 00:02 (UTC)

Slutt på Diskusjon kopiert (ikkje flytta) hit frå diskusjonssidene til Kurt, av Kurt sjølv.