Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Lækjemiddel

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Dette må gjerast[endre wikiteksten]

Det gjelder å halda lista høgt. Me må freista få til i det minste ei spire for kvart virkestoff som er omtala i Statens legemiddel. Når det er sagt, er det nok eit veldig langsiktig mål, så i første omgang kan det vera ein god idé å konsentrera seg om vanleg brukte lækjemiddel. Bjarte 31. mar 2005 kl. 0347 (UTC)

Kva om me set opp ei /prioritert liste over preparatgrupper og virkestoff som bør omtalast, så kan det vera enklare å ta eit tak for dei som er interessert. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 04:04 (UTC)

I tillegg trur eg det kan vera ønskjeleg å ha ei side for kvart salsnamn. Eit døme er altså å ha ei side kvar for Globoid og ei for acetylsalisylsyre. Mange brukarar kan komma til å slå opp Globoid fordi dette er namnet på tablettane deira. For å sikra at folk skjønar dette er eit salsnamn for eit særskilt virkestoff produsert av eit særskilt farmasøytisk selskap trur eg det kan vera greit å ha ei side om dette. Desse sidene kan sjølvsagt òg lenkja til selskapet, doseringar for det spesielle salsnamnet og så bort etter, informasjon som ikkje er nødvendig (eller ønskjeleg) under lækjemiddelomtalen. Bjarte 31. mar 2005 kl. 0347 (UTC)

I dei fleste tilfella trur eg ikkje det er så mykje å skriva om sjølve merkenamna anna enn produsent og innhaldsstoff, og viss artiklane om virkestoff har med eit avsnitt som t.d. ==Produsentar og merkenamn== kan det vera like greit å omdirigera direkte for dei fleste preparata. Det kan vera nokre unntak der historia om merkenamna er såpass omfattande eller på andre vis ikkje passar inn saman med sjølve stoffet, som t.d. Viagra. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 04:04 (UTC)

Eksterne ressurar[endre wikiteksten]

  • Summary of Product Characteristics (SPC) - Preparatomtalar frå Statens legemiddelverk
    • Denne kjelda er kjelda til Felleskatalogen og så vidt eg veit utan opphavsrett
  • Felleskatalogen - Felleskatalog over farmasøytiske spesialpreparater markedsført i Norge
    • Inneheld for det meste same informasjon som Statens legemiddelverk men ordna i eit anna system
  • ChemIDplus - ein nyttig stad å slå opp ulike fakta om dei ulike lækjemidla

Bjarte 31. mar 2005 kl. 0347 (UTC)

Interne ressursar[endre wikiteksten]

Bjarte 31. mar 2005 kl. 0347 (UTC)

Me har lista over toppnivået i ATC-klassifikasjonen, men ikkje undergruppene. Skulle me ha laga eit hierarki omlag som på en:ATC, en:ATC code N, en:ATC code N02 osb? Det kan eg kanskje gå laus på etter kvart. --Eddi (Snakk) 21. des. 2005 kl. 04:04 (UTC)