Wikipedia-diskusjon:Wikiprosjekt Nynorsk i Nord-Noreg

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Korleis blir det nynorskforfattarar i Nord-Noreg? Kan vi leggja dei til i kategorien "Nynorsk i Nord-Noreg"? Det passar ikkje med framlegget frå MLeonH (Magne H.). Men skal vi oppretta ein eigen kategori "nordnorske nynorskforfattarar"? Litt overkill, kanskje? ØysteinVangsnes (diskusjon) 14. april 2012 kl. 19:03 (CEST)[svar]

Eg ser ikkje heilt korleis det strir mot framlegget hans, han deler prosjektet i fire delar, og eg ser den første ("Nynorsk i Nord-Noreg") som eit punkt om skolemål, som også er ein del av heile prosjektet. Desse forfattarane kan godt få ein underkategori, i alle saman mens vi skriv. Trondtr (diskusjon) 15. april 2012 kl. 00:15 (CEST).[svar]

Nynorsk nordnorskhistorie frå Salten[endre wikiteksten]

Vi i Salten mållag har alt samla noko stoff, og noko av dette ligg alt på nett. Vi kunne sjølvsagt prøve å spesialisere oss på Elias Blix. -
Kåre F--Kåre 6. oktober 2012 kl. 12:14 (CEST)

Kategori:Elias Blix har plass til meir. Elles har det vel vore noko rekruttering sidan, òg? Flott om de legg ut noko av stoffet her! --Knut (diskusjon) 6. oktober 2012 kl. 16:19 (CEST)[svar]