Wikipedia:Blokkering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Blokkering vil seia at ein brukar ikkje kan gjera nokon endringar på Wikipedia. Dette er ein måte å avgrensa hærverk og annan forstyrrande oppførsel på. Ein kan blokkerast i eit kortare tidsrom, eller ved særskilde tilfelle for alltid.

Administratorar kan setja og oppheva blokkeringar. Om du meiner nokon bør hindrast i å utføra endringar, ta kontakt med dei. Om du sjølv er blitt blokkert og meiner at dette er feil, kan du også ta kontakt, gjennom e-post som du kan senda frå brukarsida til den du vil snakka med.

Retningslinjene nedanfor eit forslag til retningsliner for blokkering på Nynorsk Wikipedia. Når/Om dei vert godkjend er meininga at den skal fungere som guide til administratorar for korleis ein bør forhalde seg til blokkeringsproblematikken og som ein innføring for andre brukarar korleis utestengingar vert håndheva.

Typar[endre | endre wikiteksten]

Ein kan blokkera ein enkeltbrukar, ein enkelt IP-adresse som blir brukt anonymt, eller heile IP-område.

Tilfelle som kan føra til blokkering[endre | endre wikiteksten]

  • Sjikane mot brukarar på Wikipedia eller andre personar
  • Grovt eller gjenteke hærverk i artiklar eller på andre sider
  • Kriging om innhald i ein artikkel utan å gå i dialog
  • Eit uansvarleg brukarnamn, til dømes om det klart apar det til ein annan brukar eller er støytande
  • Ein brukarkonto som er delt mellom fleire personar

Tilfelle der ein ikkje bør blokkera[endre | endre wikiteksten]

  • Enkelttilfelle av tulling
  • Usemje mellom ein administrator og ein annan brukar (ein annan administrator bør i så fall utføre dei blokkeringane som trengst)

Konsekvensar av å bli blokkert[endre | endre wikiteksten]

Blokkerte brukarar kan lese alle sider og artiklar, men dei kan ikkje gjere endringar i artiklane. Om dei prøver, får blokkerte brukarar beskjed om at dei er blokkert, kvifor og kor lenge blokkeringa varer. Ei blokkering kan vara frå 2 timar til uendeleg. Når blokkeringstida har gått ut kan brukaren gjere endringar på nytt. Ved ikkje tidsfastsette blokkeringar må ein administrator oppheve blokkeringa.

Blokkerte brukarar har plikt til å respektera sin blokkering, og ikkje redigere Wikipedia, hverken anonymt eller ved å nytte andre kontoar, før blokkeringa er oppheva. Å omgå ei blokkering er eit alvorleg regelbrudd som kan føre til at brukaren får ei strengare eller lengre blokkering.

På same måte som administratorar ikkje skal blokker av personlege grunnar, bør folk som er blitt blokkerte kkje bere nag til administratoren som blokkerte dei. Utskjelling eller anna hetsing kan føra til ny blokkering.

Avblokkering[endre | endre wikiteksten]

Special:Ipblocklist ligg ei liste over alle blokkerte brukarar og ip-adresser. Administratorar har ei lenkje som seier «opphev blokkering» ved kvar blokkering. Når denne funksjonen vert nytta bør ein oppgje grunn for kvifor ein avblokkerer.

Grunnar til å oppheve ein blokkering kan vere:

  • Blokkeringa var i strid med retningslinjene
  • Grunnen for blokkeringa eksisterer ikkje lenger (for eksempel ein løpsk robot som har kome attende på rett kjøl, eller ein blokkert brukar som har lova å samarbeide)
  • Blokkeringa var lengre enn nødvendig
  • Blokkeringa går ut over uskyldig part, f.eks. ved dynamisk IP-adresse

Før ein opphever ei blokkering sett av ein annan administrator kan det vera lurt å kontakta administratoren som sette blokkeringa. Det kan henda at det er fleire faktorar enn det først ser ut til, for eksempel ei lang historie med vandalisme som har ført til ei særs lang blokkeringstid.