Wikipedia:Gode artiklar/Framlegg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Snarvegar:
WP:GA/K‎

Artiklar som skal merkast som gode må oppfylla visse krav. Alle kan føreslå moglege artiklar ved å følga trinna nedanfor. Deretter kan alle som vil lesa artikkelen nøye, sjå om han oppfyller krava, kommentera og røysta for eller imot. Om alle innseiingar blir ordna og artikkelen får fem eller fleire røyster for og ingen mot, kan han reknast som ein god artikkel.

Når ein artikkel har lege på kandidatlista i meir enn fire veker utan at nokon har røysta for eller endra artikkelen i tråd med innvendingar, kan han fjernast frå lista.

Dersom du har funne ein artikkel du synest er god kan du føra han opp på kandidatlista. Om du synest det er vanskeleg å følga punkta, eller synest han treng nokre små betringar før avstemminga, kan du føra han opp under «Moglege kandidatar» nedst på sida.


Kandidatar[endre wikiteksten]

Korleis ein føreslår kandidatar[endre wikiteksten]

For å føreslå ein artikkel som god, fylg denne tredelte prosessen: (erstatt sidenamn med namnet på sida du føreslår)

I.
Rediger (sidenamn).

  Skriv inn denne teksten heilt øvst på diskusjonssida til artikkelen:

{{GA-kandidat}}
{{GA-framlegg|sidenamn}}
II.
Lag avstemmingssida


For å lage avstemmingssida til artikkelen, skriv inn artikkelnamnet etter skråstreken i feltet under, og trykk «Føreslå ny artikkel». Fylg instruksjonane.


III.
Legg til ei line på diskusjonssida.

 Fyl   denne lenkja   og legg til ei line i den kategorien du meiner ho passar, slik:

{{GA-framlegg|sidenamn}}

Då er du ferdig! Du har føreslått ein artikkel til å verte rekna som god.

Dersom du vil føreslå ein artikkel som allereie har vore føreslått, legg du til  (andre nominasjon) etter artikkelnamnet i boksen over, og skriv deretter {{GA-framlegg|Artikkelnamn|(andre nominasjon)}} i staden for {{GA-framlegg|Artikkelnamn}} som skildra over. Du byttar også ut {{GA-kandidat}} med {{GA-kandidat|(andre nominasjon)}} på diskusjonssida til artikkelen. (Dersom du ikkje forstår, berre spør om hjelp.)

Sovjetunionen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Omsett frå ein utmerka artikkel på bokmål. Etter ei skumlesing ser det bra ut. Martin 8. januar 2011 kl. 23:29 (CET)[svar]

Innvendingar
Artikkelen er informativ og godt skriven og har ikkje noko stor politisk slagsida verken eine eller andre vegen. Men han treng noko meir arbeid og gjennomgang. Eg har gått gjennom mesteparten av artikkelen og har nokre innvendingar. Det som må på plass før eg vil røysta for artikkelen er kjeldene (stor jobb!) og viktige bakgrunnsartiklar.
Eg synest at nokon bør sjå på kjeldegrunnlaget og få inn meir av kjelder og referansar. Under «Bakgrunnsstoff» står det ei lang lista med bøker og verk som sannsynlegvis er dei reelle kjeldene til denne artikkelen, og burde i så fall stå under «Kjelder». Wikipedia på bokmål har heller ikkje oppgjeve fleire kjeldert, bortsett frå referansar i teksten. Me har ingen referansar for eit einaste ord av det som står i innleiinga. Og kjelder treng me, både fordi mange fakta om Sovjetunionen kan vera kontroversielle og fordi faktaopplysningar generelt må kunna etterprøvast. Eg har alt retta ei galen /upresis faktaopplysning i innleiinga. Historie-bolken er det så vidt eg kan sjå ingen kjeldetilvisingar for, og det finnest mange opplysningar der som er nøydde til å ha konkrete referansar. Og når det gjeld det emnet finnest det flust av gode kjelder ein kan visa til.
«alle aspekt av det økonomiske livet vart styrt sentralt frå hovudstaden Moskva» er ei setning som sannsynlegvis er feil, men som me ikkje kan retta fordi me ikkje veit kor påstanden kjem frå og kva dei autoritative kjeldene eigentleg seier.
Under Emigrasjon: «antisionistiske kampanjar frå styresmaktene, på grensa til å vere antijødiske» er både unøytralt og upresist. Wikipedia kan ikkje forklara og har ikkje forklart kor grensa for å vera antijødisk går.
Under Politikk: «Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk (...)» Omgrepet marxismen-leninismen vart først brukt då Stalin overtok makta, og denne setninga må skrivast om dersom ho skal vera rett. Politikk-seksjonen bør skrivast på nytt. Det står til dømes ingenting om sovjeta, som var meint å vera det politiske fundamentet for samveldet, og som staten hadde namn etter.
Under Økonomi: «sentralstyrt økonomi – såkalla planøkonomi» - Planøkonomi er ikkje i seg sjølv verken meir eller mindre sentralstyrt enn marknadsøkonomi. Skilnaden er at planøkonomi er planstyrt, medan marknadsøkonomi er marknadsstyrt. Det er andre mekanismar som avgjer om økonomien er styrt lokalt eller nasjonalt.
Under Utdanningssystem: «Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald» - Ikkje kontroversielt i det heile. Men er det noko å fortelja om? Gjeld ikkje dette alle land som har eit utdanningssystem?
Me treng fleire bakgrunnsartiklar. Det vert vist til utdjupande artiklar som ikkje finst og som neppe vert utdjupande på ei god stund, under mange av avsnitt-overskriftene. I tillegg bør forløparen Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken ha i det minste ein kort artikkel. --Tannkrem 12. januar 2011 kl. 14:26 (CET)[svar]
Hei Tannkrem, jeg kommer med noen kommentarer her siden jeg er hovedbidragsyter (ca. 80 % tenker jeg) på bokmålswikipedia:
  • Bøkene under «Bakgrunnsstoff» er ikke brukt som kilder til artikkelen, de ble faktisk lagt til etter at artikkelen var ferdigskrevet. Generelt om fotnotebruk/referanser: Jeg synes ikke 51 fotnoter i en artikkel på 120kB er ekstremt lite, selv om det er noe mindre enn hva jeg vanligvis legger meg på. Hvis det er spesielle opplysninger du lurer på hvor kommer fra er det god mulighet til at jeg kan finne frem til kilden, dersom det er i de delene av artikkelen jeg stod bak. Akkurat avsnittet om «Historie» var delvis der fra før jeg begynte å skrive, og er delvis hentet fra engelsk Wikipedia. I de oversatte delene har ikke tatt med referansene oppgitt på en.wiki, ut i fra prinsippet om å ikke oppgi referanser en ikke selv har lest og verifisert. (Hvor lurt sistnevnte er kan jo forsåvidt diskuteres, men selv føler jeg det gir en falsk trygghet å oppgi referanser man ikke har sett selv. Ingen referanse er bedre en en feilaktig referanse.)
  • Utdanning: Det er vel ingen selvfølge at læreplanene kommer fra sentralt hold? For eksempel i USA bestemmes disse på delstats- eller til og med på fylkesnivå. Jeg vet ikke helt hva som er den vanligste modellen rundt om i verden, men vi bør ikke automatisk anta at det vanlige er styring fra sentralt hold.
  • Til de andre punktene dine er jeg i det store og hele enig, og håper du kan rette opp det du synes er problematisk. Da skal jeg i såfall ta endringene over til bokmålswiki igjen (det er dette som er så fint med wiki-modellen ). Hilsen --Kjetil_r 16. januar 2011 kl. 17:01 (CET)[svar]
Når det gjeld kjelder så er litt av poenget nett dette at dei som har omsett artikkelen til nynorsk kanskje ikkje har lese kjeldene du har brukt. Ved eit tidlegare høve vart det oppdaga masse faktafeil i ein kandidatartikkel, etter gjentekne omsetjingar frå språk til språk (utan at det dermed er sagt at eg trur denne artikkelen har faktafeil). Dei fleste opplysningar er jo relativt ukontroversielle og treng ikkje eigen referanse, men det er ein fordel om ein leksikonlesar kan dobbeltsjekka informasjonen med eitt eller anna autoritativt verk ved behov. Dei andre innvendingane mine treng me, som du seier, berre litt godt gamaldags arbeid for å retta opp. Men det spørs om eg har tid med det første. --Tannkrem 17. januar 2011 kl. 10:32 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Elsa Laula Renberg[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Artikkelen er omsett frå bokmål, kor han allereie er ein anbefalt artikkel. Jon Harald Søby (diskusjon) 12. oktober 2021 kl. 09:15 (CEST)[svar]

Han ser ut til å oppfylla alle krava, bortsett frå å ha få raude lenkjer. Det ville vore bra om nokre av desse blei fylte ut, kanskje særleg dei om sentrale samiske organisasjonar og hendingar, som Lapparnas Centralförbund og Samemøtet i 1917. --Ranveig (diskusjon) 12. oktober 2021 kl. 11:34 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Julesongar[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Han er god, har mykje blått og mange tilleggsartiklar. Eg veit ikkje heilt om han er klar, men nominerer han mest for å sjå kva de andre synest. Er han passeleg eller for lite omfattande? --EIRIK\diskusjon 21. desember 2008 kl. 21:10 (CET)[svar]

Historia til julesongane har fleire fasar, det kjem ikkje artikkelen ordentleg godt inn på. Det er meir å seie om 1900-talets nissesongar (som denne artikkelen unøyaktig har plassert på 1800-talet). Så fullgod er han ikkje enno. Men han har ein stilig tabell, der vi sjølve kan velje sorteringsparametrar. Om vi kan greie å gjere artikkelen betre utan at han vert unødig lang, vert han knallgod. --Knut 21. desember 2008 kl. 21:49 (CET)[svar]
Orsak? Kva er unøyaktig? Frå 1800-talet tok ein til å skriva sekulære julesongar i Europa, medan trenden tydelegvis nådde Noreg på 1900-talet. Eg synest også artikkelen er på god veg, men han treng songar frå fleire land. --Ranveig 23. desember 2008 kl. 13:43 (CET)[svar]
Setninga om nissesongane var unøyaktig før denne endringa. Med det internasjonale perspektivet som Ranveig har, er avsnittet kanskje like unøyaktig etter endringa. - Knut 28. desember 2008 kl. 11:54 (CET)[svar]
Jau, det blir litt feil. Men alle «tala» i desse avsnitta er litt forvirrande, så det er nok best om det heile blir skrive litt om. --Ranveig 28. desember 2008 kl. 12:00 (CET)[svar]
Vart det betre eller verre etter mi endring? --EIRIK\diskusjon 14. januar 2009 kl. 18:31 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Roald Jensen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Har ikkje lese gjennom denne artikkelen før! Han har lege her nokon år, men han har godt språk, fyldige kjelder, held seg til saka og er interessant å lesa. Det einaste han manglar er bilete. Eg meiner difor at dette er ein god artikkkel.

Moro! Eg skreiv i utgangspunktet denne artikkelen på engelsk wikipedia og når eg var sånn nokolunde nøgd vart den omsatt til nynorsk. Eg har leita etter bilete, men dette har vore resultatlaust. Dette er nok ein periode der det er svært vanskeleg å finna frie bilete til, men om nokon klarer det ville det vore veldig kjekt. Avsnittet om tida i Hearts kunne og vore meir fyldig. Her er dei norske kjeldene dessverre tynne, og eg har ikkje fått tilgang på sjølvbiografien. Rettetast 3. juli 2011 kl. 15:02 (CEST)[svar]
Ja, dette er ein velskriven artikkel (eg syntest han var spanande sjølv om eg ikkje er særleg interessert i fotball). Passe lang er han òg. Men dei raude lenkjene skjemmer litt, me burde kanskje få på plass nokre av dei først? --Ranveig 7. juli 2011 kl. 23:10 (CEST)[svar]
Dét er ein god idé. HallvardLid 4. august 2011 kl. 12:33 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Lastebil[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Eg meiner dette kan bli ein god artikkel. Nokre fleire bør lese igjenom men utgangspunktet er framifrå. Artikkelen er lang, men han er godt avgrensa i tema. Hogne 3. mai 2011 kl. 08:26 (CEST)[svar]

Trur du har rett i at han kan bli god! Det eg ser, er at han treng ein gjennomgang på trykkfeil og skrivefeil fyrst. Deretter kan røystinga starta, etter mi meining! HallvardLid 12. mai 2011 kl. 00:34 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]

Moglege kandidatar[endre wikiteksten]

Har du sett ein artikkel som er temmeleg god, men ikkje sikker på om han når heilt opp? Slit du med kandidatsystemet? Før han opp på denne lista og få andre til å gjera jobben!