Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Karl Marx

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Karl Marx[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein lang artikkel, omsett frå bokmål av meg, språkvaska av Erling, og er dessutan ein kjerneartikkel. Martin NH 17. juli 2008 kl. 23:22 (CEST)[svar]

Berre kjapt: Eg vil ikkje røysta for denne artikkelen så lenge artikkelen om marxisme er så dårleg som han er. Skal lesa gjennom denne artikkelen når eg får tid. --Tannkrem 18. juli 2008 kl. 11:57 (CEST)[svar]
Godt poeng, er det ynskjeleg med ei omsetjing av den engelske versjonen? I så fall kan eg prøve meg på ei omsetjing av den. Martin NH 18. juli 2008 kl. 16:51 (CEST)[svar]
Eg har alt (i dag) utvida artikkelen om marxisme med tilfang frå dansk wikipedia. Sjølvsagt kan han utvidast endå meir, men sjå på han slik han er no først. --Erling 18. juli 2008 kl. 17:26 (CEST)[svar]
Sjå det, eg tykte artikkelen ser bra ut no. Det kan eventuelt fyllast på med info frå en etter kvart. Martin NH 18. juli 2008 kl. 17:32 (CEST)[svar]

Difor røystar eg mot:

  • Særleg innleiinga har store manglar.
    • "mest kjend for handsaminga av klassekampen". Nei, han er mest (eller iallfall like mykje) kjend for analysen og kritikken av den kapitalistiske økonomien.
    • Dette avsnittet: "Den fyrste setninga i verket Det kommunistiske manifest, «Det går eit spøkjelse gjennom Europa – spøkjelset til kommunismen», er illustrerande for innverknaden hans i politisk og sosial ideologi." seier meg svært lite. Setninga seier faktisk absolutt ingenting om det ein leksikonlesar er interessert i å vita når han slår opp på Karl Marx i eit leksikon, med mindre Nynorsk Wikipedia vil at lesarane våre skal tru at Marx var eit spøkjelse. Sitat skal heller ikkje setjast om.
    • "I levetida si var Karl Marx ein relativt ukjent person utafor visse sosialistiske krinsar" er ein meiningslaus påstand. Ukjende personar vert ikkje jaga ut av land etter land medan dei leier store kommunistparti.
    • Så står det om påverknaden Marx har hatt i verda, og det er lista opp "Russland. Aust-Europa, Kina, og delar av den tredje verda elles". Men også arbeidarrørsla i den vestlege delen av verda har jo vore sterkt influert av Marx. Dei har berre ikkje fått statsmakt, om ein då ser vekk frå sosialdemokratiske parti som seinare har gått vekk ifrå målet om sosialisme /kommunisme. Generelt kan det vel òg diskuterast kor mykje påverknad Marx eigentleg hadde på t.d. Mao sitt Kina, utover det å setja ord på noko som tidlegare hadde vore ein slags utopi.
    • Innleiinga seier ingenting om det viktigaste verket hans, Das Kapital, og nn: har heller ikkje ein artikkel om dette verket, som burde vera ein viktig sideartikkel til denne, om han ein gong skulle nå opp til det ønskte nivået.
    • Oppramsinga av namn i siste avsnitt av innleiinga er òg temmeleg uinteressant om ein vil vita noko om Marx som person, som filosof, økonom, politikar eller forfattar. Og det er vel gjerne slikt ein ynskjer å vita i innleiinga til ein leksikonartikkel om mannen.
    • Når innleiinga gjev inntrykk av at det viktigaste (det einaste) ein kan læra av Marx handlar om klassekampen og om sosialismen, er det merkeleg å ikkje inkludera Engels. Første setninga i artikkelen om Engels gjev mykje meir etterretteleg og forståeleg informasjon om denne delen av Marx sitt arbeid.
  • Avsnitta under overskrifta "Familien og byen" handlar korkje om familie eller by, men utelukkande om kva religion faren valde, og kvifor. Eg ser ikkje kvifor dette er viktig nok til å starta artikkelen med, særleg når Marx ikkje eingong var spesielt religiøs.
  • Kjeldelista seier ikkje noko om at artikkelen er omsett frå bokmål. Martin NH fortel oss heller ikkje om han har sjekka kjeldene. I det heile ser det ut til at litteraturlista på nb: berre er ei lang lista med litteratur, og ikkje har særleg mykje å gjera med kva som reelt sett er brukt som kjelder. Og då er det berre folk som veit mykje meir enn meg om Marx som eigentleg kan vurdera kor korrekt artikkelen er.
  • Artikkelen nådde heller ikkje opp til det høgaste nivået av utmerkingar på nb:, der han har vorte jobba med i eitt og eit halvt år, noko som i seg sjølv bør fortelja oss at artikkelen ikkje er god nok.
  • Språket flyt ikkje godt nok, og ber preg av at dette er ein omsett artikkel.

Det er ein lang og informativ artikkel. Men det at ein artikkel er lang er ikkje nok til å merka han som "God". Det er flott at nokon gidd å setja om brukbare artiklar frå nb: og andre stader, men artikkelen treng mykje meir arbeid for å verta utvald som ein av dei aller beste me har. Ein bør vera litt meir kritisk enn dette, både til den opphavlege artikkelen og si eiga omsetjing, før ein legg dei inn på kandidatsida, synest eg. --Tannkrem 21. juli 2008 kl. 22:04 (CEST)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]