Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/London

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

London[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Artikkelen er omsett frå ein anbefala artikkel på Wikipedia - bokmål. Martin NH 11:29, 12 mai 2008 (CEST)


Denne artikkelen har eit problem. London er ikkje berre byen, men på ein måte også stadane i byen. Kan ein sei ein artikkel med raudlenkjer til Madame Tussauds, Buckingham Palace, Big Ben, London Bridge og Tower Bridge er ein ekte Londonartikkel? Der ein har lenka er det enkelte plassar til spirer, som London Underground og Themsen. Artikkelen verkar vetug den, men det er ein kritisk mangel på tilhøyrande artiklar. Etter mi meining bør vi vente med å godkjenne denne artikkelen til ein del anna er tilgjengeleg her. --Krekling 00:02, 14 mai 2008 (CEST)

Har no laga artiklar på dei raude lenkjene du peikte på. Spirene, og dei nyleg lagde artiklane, skal eg utvida etter kvart. Martin NH 21:15, 14 mai 2008 (CEST)
Ja, no ser det mykje betre ut. :) Fint arbeid! --Krekling 14:56, 15 mai 2008 (CEST)

Ein kommentar til Anders si innvending: Dersom han meiner Charles Dickens - eller andre - treng ei internlenkje, så putt hakeparentesene på plass sjølv! Dette er eit dugnadsarbeid, og ikkje ein disputas der doktoranden skal gjere alt sjølv! For øvrig ventar eg med å røyste; det er ikkje nok at han er omsett frå ein 'anbefalt' bokmålsaartikkel, omsette artiklar må løfte seg litt over originalen for å få stjerne. Synst no eg. --Knut 17:02, 15 mai 2008 (CEST)

Har putta tilbake lenka no, skjønar ikkje kvifor det ikkje var hyperkobling på den. Er dessutan einig med det Knut påpeikar. Martin NH 17:05, 15 mai 2008 (CEST)
Knut: Når nokon fjernar hyperkoplinga til Dickens (blant anna) med samandraget "fjerner Irrelevante lenkjer", då går eg ut ifrå at vedkommane verkleg tykkjer at lenkjene ikkje er relevante. Ikkje er eg einig, og ikkje tykkjer eg ein god artikkel skal tvinge folk til å bruke søkefeltet for å lese meir om eit emne. Skal ein då ha ein redigerings"krig" over ingenting, eller ein dialog (eller disputas som du flåsete kallar det) først? Det var vel ei misforståing ettersom det ser ut som skribenten fjerna meir enn han ville, men ein oppklårande dialog er det eg føretrekkjer. Meir tid og krefter er det vel ikkje naudsynt å nytte. Anders 20:26, 16 mai 2008 (CEST)
Greitt; eg var ikkje redd at tilbakeføring av hakeparentesar ville bli tatt ille opp - elles er eg samd i det du skriv. --Knut 20:54, 16 mai 2008 (CEST)
Berre for å oppklare: Denne lenka blei fjerna med ei feiltaking, då nokre andre blei fjerna. Eg orsakar det som skjedde. Martin NH 22:05, 16 mai 2008 (CEST)

Slutter meg til Knut her: Artikkelen er svært lovande, med det meste på plass og lesbar lengd, men manglar endå litt omhug for å bli god med stjerne. Eg har desse innvendingane:

  • Demografi har litt mykje detaljert statistikk under Nasjonalitet og etnisitet. Dette er interessant stoff som også kan drøftast historisk, men då må det absolutt flyttast til ny artikkel.
  • Administrasjon kunne vore litt lengre. Ein bør kunne finna ut kva bydelane i London heiter, kanskje bør dette stå i ein eigen utfyllande artikkel om geografi i London el.l. Eg hadde venta å finna desse under Geografi, no er dei nemnde under Administrasjon. Kanskje kan det stå ein setning kvar stad?
  • «Attraksjonar i byen» er ei litt uheldig overskrift, me er ikkje Wikitravel. «Viktige bygg», kanskje? Då kan me få med min favoritt, Sylteagurken, også.

Til slutt er språket greitt, men eg la merke til litt smårusk då eg faktisk gjekk inn og skreiv noko, så ein bør sikkert sjå over heile teksten med strengt blikk. --Ranveig 17:44, 15 mai 2008 (CEST)

Har prøvd å fikse litt på innvendingane, er dei slik som du tenkte? Dersom ikkje må du berre endra det slik du ville ha det. Ein språkvask kunne artikkelen absolutt trengt. Ein blir litt ordblind når ein omset så lange artiklar. Martin NH 18:11, 15 mai 2008 (CEST)
Eg ventar litt med å stemme, men eg trur eg kjem til å stemme for etter at artikkelen har fått modnast litt. Skal prøve å bidra litt sjølv. --Bep 18:16, 15 mai 2008 (CEST)

Fin artikel, men jeg synes dog at indledningen bør gøres lidt længere for at blive en god artikel. Man burde også lave en uddybende artikel til Londons historie, da afsnittet i artiklen er ret kort. --Hejsa 19:33, 15 mai 2008 (CEST)

Å lage ein eigen historieartikkel til London har vore i planane mine. Til helga set eg i gong arbeidet med å omsetje bokmålsartikkelen, som er lang og utfyllande. Martin NH 20:38, 15 mai 2008 (CEST)
Denne artikkelen er no ferdig, og det ligg ei lenkje til denne under historiedelen. Martin NH 23:13, 17 mai 2008 (CEST)

Setninga «I 1940-åra førte andre verdskrig, og vidare lovgiving omkring det grøne beltet, til at veksten stoppa opp.» er nokså uforståeleg dersom ein ikkje kjenner til Patrick Abercrombie og planen hans. Her bør det stå litt om tanken bak The green belt, og kor det ligg. --Ekko 20:21, 15 mai 2008 (CEST)

Personleg kjenner eg ikkje til tanken bak det grøne beltet, så om nokon gjer det er det veldig greit om dei kan utfylle informasjon her. Martin NH 20:39, 15 mai 2008 (CEST)
Du finn noko om det her. --Frokor 20:45, 15 mai 2008 (CEST)
Og meire her. --Ekko 20:57, 15 mai 2008 (CEST)
Laga no ei spire om det grøne beltet, og hyperkobla til denne frå den aktuelle setninga. Dersom de vil utvide han, må de berre det. Martin NH 22:22, 16 mai 2008 (CEST)

Dette var bra. Men korfor er ikkje referansane (fotnotane) tekne med i omsetjinga? Det er like viktig med kjelder og bakgrunnsinnformasjon på nynorsk som på bokmål! -Knut 20:36, 18 mai 2008 (CEST)

Etter mi meining gjer omsettaren rett. Ein skal ikkje nytte referansar ein ikkje sjølv har lese. --Ekko 20:41, 18 mai 2008 (CEST) Men når det er sagt så burde det ha vore ein enkel sak for omsettaren å lese dei sjølve. --Ekko 20:43, 18 mai 2008 (CEST)
Utan referanselista er artikkelen dårlegare enn originalen han er omsett frå. -Knut 20:54, 18 mai 2008 (CEST)
Det er sant det som Ekko skriv. Eg hadde ikkje tilgang til internett då eg omsette artikkelen, og kunne derfor ikkje sjekke opp desse referansane. Ein gong eg får tid til det kan eg gjere det, og legge dei til i artikkelen. Martin NH 21:32, 18 mai 2008 (CEST)
No har eg lese og kopiert inn mange av referansane i artikkelen frå Wikipedia på bokmål. Martin NH 19:25, 19 mai 2008 (CEST)

No oppfyller røystinga kravet om fire eller meir røyster for og ingen mot for å bli ein god artikkel. Martin NH 20:57, 19 mai 2008 (CEST)

Dessutan har eg no gjort endå fleire av hyperkoplingane blå. Martin NH 19:00, 23 mai 2008 (CEST)

Røysting[endre wikiteksten]

  1. For For. J. T. Salte (diskusjon) 23:00, 13 mai 2008 (CEST)
  2. For For Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST) Artikkelen seier (som rett er) at Charles Dickens satte London på det litterære verdskartet, utan å spandere lenkje på fyren? Har me blitt gnitne på utlenkjer no? Greitt nok at Dickens ikkje heilt har artikkelen han fortener enno, men svensk wp har mykje meir som kan omsetjast om han... Anders 16:13, 15 mai 2008 (CEST)
  3. For For --Bep 23:31, 17 mai 2008 (CEST)
  4. For For --Hejsa 14:13, 18 mai 2008 (CEST)
  5. For For --Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST) No tykkjer eg artikkelen byrjar å oppfylle krava til å bli ein god artikkel. Martin NH 16:05, 18 mai 2008 (CEST)
  6. For For --Ranveig 18:55, 18 mai 2008 (CEST)
  7. For For --EIRIK\diskusjon 21:39, 18 mai 2008 (CEST)
  8. For For --Knut 20:38, 19 mai 2008 (CEST)
  9. For For --Sigmundg 19:34, 23 mai 2008 (CEST)
  10. For For --Frokor 22:10, 23 mai 2008 (CEST)