Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Sayyid Qutb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sayyid Qutb[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Grundig kjeldebasert artikkel som forklarer noko av bakgrunnen for islamismen. --Ranveig 13:35, 24 september 2007 (CEST)

Eg har sett artikkelen før, men først no har eg lese han. Artikkelen er svært interessant, og innhaldet er godt, men for å få stjerne må det arbeidast med lenkjene. Det er vel semje om at dei fleste sentrale lenkjer skal vere blå (ha innhald), og tilsvarande at andre artiklar skal peke til denne. Eg vel derfor å vente med å røyste. - Knut 16:33, 25 september 2007 (CEST)
Enig med Knut. Særleg bør det vera støtteartiklar på Asyut, Wafd-partiet, Al-Azhar, Dar al-'Ulum, eksistensialisme, materialisme, Hasan al-Banna, Gamal Abdel Nasser og jihad. Eg skjønar ikkje heilt kvifor ord som blad, plage, trældom og fengsel treng å vera peikarar i denne artikkelen. Ekko 17:59, 25 september 2007 (CEST)
La forsåvidt merke til det der, eg og, men viss eg skulle venta til eg hadde dekka alle dei store manglane først, ville det nok teke eit år til før artikkelen i det heile blei nominert. Manglande peikarar frå andre artiklar er eit stort problem som eg ikkje tenkte på. Dei bør inn frå til dømes islamisme, finst det forslag til fleire? --Ranveig 18:07, 25 september 2007 (CEST)
Gamal Abd al-Nasser må ha medansvar for at dødsdomen mot Sayyid Qutb vart effektuert, og det kunne vere verd ei linje i Nasser-artikkelen, og om nokon greier formulere den, vert det ei lenkje til. -- Knut 19:45, 21 desember 2007 (CET)

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For Det er enno mykje raudt, men nok blått til at lesaren får innsikt i framandt, men viktig, stoff. - Knut 20:36, 15 desember 2007 (CET)
  • For For Etter å ha tenkt meg om er eg samd med Knut. Men det hadde vore fint om nokon hadde tatt tak i dei raude peikarane. Då hadde me hatt mange gode artiklar om den arabiske verda! --Ekko 22:15, 15 desember 2007 (CET)
  • For For Interessant artikkel. Det hadde teke seg fint ut med fleire blå lenkjer, som Knut og Ekko nevner, men artikkelen i seg sjølv er flott! --Frokor 22:31, 15 desember 2007 (CET)
  • For For Spennande og informativ artikkel. --Otzi123 16:23, 21 desember 2007 (CET)
  • For For Dei raude skal bli blå, men det at artikkelen viser fram område me har lite om kan vel også reknast som eit pluss. --Ranveig 17:24, 21 desember 2007 (CET)