Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Sovjetunionen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Sovjetunionen[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Omsett frå ein utmerka artikkel på bokmål. Etter ei skumlesing ser det bra ut. Martin 8. januar 2011 kl. 23:29 (CET)[svar]

Innvendingar
Artikkelen er informativ og godt skriven og har ikkje noko stor politisk slagsida verken eine eller andre vegen. Men han treng noko meir arbeid og gjennomgang. Eg har gått gjennom mesteparten av artikkelen og har nokre innvendingar. Det som må på plass før eg vil røysta for artikkelen er kjeldene (stor jobb!) og viktige bakgrunnsartiklar.
Eg synest at nokon bør sjå på kjeldegrunnlaget og få inn meir av kjelder og referansar. Under «Bakgrunnsstoff» står det ei lang lista med bøker og verk som sannsynlegvis er dei reelle kjeldene til denne artikkelen, og burde i så fall stå under «Kjelder». Wikipedia på bokmål har heller ikkje oppgjeve fleire kjeldert, bortsett frå referansar i teksten. Me har ingen referansar for eit einaste ord av det som står i innleiinga. Og kjelder treng me, både fordi mange fakta om Sovjetunionen kan vera kontroversielle og fordi faktaopplysningar generelt må kunna etterprøvast. Eg har alt retta ei galen /upresis faktaopplysning i innleiinga. Historie-bolken er det så vidt eg kan sjå ingen kjeldetilvisingar for, og det finnest mange opplysningar der som er nøydde til å ha konkrete referansar. Og når det gjeld det emnet finnest det flust av gode kjelder ein kan visa til.
«alle aspekt av det økonomiske livet vart styrt sentralt frå hovudstaden Moskva» er ei setning som sannsynlegvis er feil, men som me ikkje kan retta fordi me ikkje veit kor påstanden kjem frå og kva dei autoritative kjeldene eigentleg seier.
Under Emigrasjon: «antisionistiske kampanjar frå styresmaktene, på grensa til å vere antijødiske» er både unøytralt og upresist. Wikipedia kan ikkje forklara og har ikkje forklart kor grensa for å vera antijødisk går.
Under Politikk: «Partiet såg på seg sjølv seg som marxist-leninistisk (...)» Omgrepet marxismen-leninismen vart først brukt då Stalin overtok makta, og denne setninga må skrivast om dersom ho skal vera rett. Politikk-seksjonen bør skrivast på nytt. Det står til dømes ingenting om sovjeta, som var meint å vera det politiske fundamentet for samveldet, og som staten hadde namn etter.
Under Økonomi: «sentralstyrt økonomi – såkalla planøkonomi» - Planøkonomi er ikkje i seg sjølv verken meir eller mindre sentralstyrt enn marknadsøkonomi. Skilnaden er at planøkonomi er planstyrt, medan marknadsøkonomi er marknadsstyrt. Det er andre mekanismar som avgjer om økonomien er styrt lokalt eller nasjonalt.
Under Utdanningssystem: «Læreplanane i skulen var styrde frå sentralt hald» - Ikkje kontroversielt i det heile. Men er det noko å fortelja om? Gjeld ikkje dette alle land som har eit utdanningssystem?
Me treng fleire bakgrunnsartiklar. Det vert vist til utdjupande artiklar som ikkje finst og som neppe vert utdjupande på ei god stund, under mange av avsnitt-overskriftene. I tillegg bør forløparen Den russiske sosialistiske føderative sovjetrepublikken ha i det minste ein kort artikkel. --Tannkrem 12. januar 2011 kl. 14:26 (CET)[svar]
Hei Tannkrem, jeg kommer med noen kommentarer her siden jeg er hovedbidragsyter (ca. 80 % tenker jeg) på bokmålswikipedia:
  • Bøkene under «Bakgrunnsstoff» er ikke brukt som kilder til artikkelen, de ble faktisk lagt til etter at artikkelen var ferdigskrevet. Generelt om fotnotebruk/referanser: Jeg synes ikke 51 fotnoter i en artikkel på 120kB er ekstremt lite, selv om det er noe mindre enn hva jeg vanligvis legger meg på. Hvis det er spesielle opplysninger du lurer på hvor kommer fra er det god mulighet til at jeg kan finne frem til kilden, dersom det er i de delene av artikkelen jeg stod bak. Akkurat avsnittet om «Historie» var delvis der fra før jeg begynte å skrive, og er delvis hentet fra engelsk Wikipedia. I de oversatte delene har ikke tatt med referansene oppgitt på en.wiki, ut i fra prinsippet om å ikke oppgi referanser en ikke selv har lest og verifisert. (Hvor lurt sistnevnte er kan jo forsåvidt diskuteres, men selv føler jeg det gir en falsk trygghet å oppgi referanser man ikke har sett selv. Ingen referanse er bedre en en feilaktig referanse.)
  • Utdanning: Det er vel ingen selvfølge at læreplanene kommer fra sentralt hold? For eksempel i USA bestemmes disse på delstats- eller til og med på fylkesnivå. Jeg vet ikke helt hva som er den vanligste modellen rundt om i verden, men vi bør ikke automatisk anta at det vanlige er styring fra sentralt hold.
  • Til de andre punktene dine er jeg i det store og hele enig, og håper du kan rette opp det du synes er problematisk. Da skal jeg i såfall ta endringene over til bokmålswiki igjen (det er dette som er så fint med wiki-modellen ). Hilsen --Kjetil_r 16. januar 2011 kl. 17:01 (CET)[svar]
Når det gjeld kjelder så er litt av poenget nett dette at dei som har omsett artikkelen til nynorsk kanskje ikkje har lese kjeldene du har brukt. Ved eit tidlegare høve vart det oppdaga masse faktafeil i ein kandidatartikkel, etter gjentekne omsetjingar frå språk til språk (utan at det dermed er sagt at eg trur denne artikkelen har faktafeil). Dei fleste opplysningar er jo relativt ukontroversielle og treng ikkje eigen referanse, men det er ein fordel om ein leksikonlesar kan dobbeltsjekka informasjonen med eitt eller anna autoritativt verk ved behov. Dei andre innvendingane mine treng me, som du seier, berre litt godt gamaldags arbeid for å retta opp. Men det spørs om eg har tid med det første. --Tannkrem 17. januar 2011 kl. 10:32 (CET)[svar]

Røysting[endre wikiteksten]