Wikipedia:Gode artiklar/Kandidatar/Vassdamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vassdamp[endre wikiteksten]

Kommentarar[endre wikiteksten]

Ein gjennomarbeid artikkel som forklarar fysikk både enkelt og riktig. --Ekko 14:30, 15 april 2007 (CEST)


Det står

"Tettleik

Vassdamp er lettare, eller har mindre tettleik, enn luft. Dette fører til at under like temperaturforhold vil vassdampen stige i forhold til lufta."

Dette er ikkje rett. Det er mot all kjend fysikk. Gassblandingar skil seg ikkje etter molekylvekt. Tenk på dette: Om dei skilde seg slik, ville den nedre delen av lufta rundt oss vera mest karbondioksid og oksygen. Nitrogenet ville stiga opp.

Håkon Hope hhope@mac.com

Sjølvsagt er det rett. Sjå til dømes her. Tankegangen din er likevel ikkje feil, men du har gløymt ein avgjerande faktor: omrøring. På grunn av omrøring i lufta vert nitrogen og oksygen blanda saman. Hadde det ikkje vore noko form for omrøring hadde det du seier vore riktig. Oksygen og nitrogen er nesten like tunge, så desse er derfor lette å blande saman. Vassdamp er derimot så pass mykje lettare enn desse to (altså lufta) at han vil stige. Høgt i atmosfæren, over turbopausen, skjer akkurat det som du seier fordi det ikkje lenger er omrøring. --Frokor 5. mars 2009 kl. 20:11 (CET)[svar]

Svar

Sjølvsagt finst det gassar some er "lettare enn luft." (Legg til nitrogen og blåsyre (HCN) og ta bort "illuminating gas" frå lista i referansen.) Det er best å skilja mellom store luftmassar i atmosfæren og små gassmengder, som i eit hus eller eit laboratorium. Om ein slepp vassdamp inn i eit rom med luft (same trykk og temperatur) vil vassdampen stiga ei stund, det er rett nok. Men på stutt tid vil gassdiffusjon gjera at alle gassane vert til ei homogen blanding. For små molekyl er diffusjon oftast mykje viktigare enn konveksjon. I ein lufttett, godt varmeisolert silo fyllt med luft vil ikkje lufta skilja seg etter molekylvekt. Ei slik skiljing ville gjera at entropien minka, t.d. Termodynamikken seier at det ikkje hender i ein naturleg prosess. Det skal mykje større tyngdekraft til for å få til noko som kan målast. (Sjå gass-sentrifuger for uranfluorid!) På "kanten" av eit vakuum vil du få meir av lettare molekyl. Dette har mindre med tyngdekraft og meir med diffusjonsfart å gjera. På den andre sida, er det snakk om store luftmasser med mykje vassdamp, kan dei ha lægre tettleik enn luft med mindre vassdamp, og kan stiga. Her vinn konveksjon over diffusjon, av di det er snakk om store volum. Det er ikkje det at det finst "holer" med berre vassdamp.

Om diffusjon, sjå til dømes http://lartpc-docdb.fnal.gov/0002/000230/001/Diffusion%20pf%20gases%20in%20air,%20Fermilab%20conf%2005-635-AD%20.pdf Forfattarane er ikkje heilt støe i fysikken (ikkje i språket heller). Hadde dei skjøna fysikken betre, hadde resultata ikkje vore uventa for dei.

Hovudpoenget her er at det som er sagt under "Tettleik" er ufullstendig, på ein misvisande måte. HH.

Røysting[endre wikiteksten]

  • For For - --Ekko 14:30, 15 april 2007 (CEST)
  • For For - --Hogne 15:25, 15 april 2007 (CEST)
  • For For --EIRIK\diskusjon 09:56, 27 april 2007 (CEST)
  • For For --Ranveig 13:19, 4 august 2007 (CEST)
  • For For -- Knut 17:56, 4 august 2007 (CEST)