Wikipedia:Grunnprinsipp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Retningslinene til Wikipedia stør seg på fem viktige grunnprinsipp som seier noko om ideala for verket.

BluePillar.png Wikipedia er eit oppslagsverk skrive for lesarar. Det byggjer på stoff frå generelle leksikon, spesialiserte oppslagsverk, faglitteratur, fagtidsskrift og almanakkar. Artiklane skal vera nøyaktige og saklege, og skal derfor ikkje innehalda personlege synspunkt eller erfaringar, ny forsking eller liknande.
GreenPillar.png Wikipedia har ein nøytral synsvinkel, og artiklar skal så langt som råd få fram ulike standpunkt.
YellowPillar.png Wikipedia er fritt tilgjengeleg. Alt innhald er gjort tilgjengeleg under Creative Commons Namngjeving-Del på same vilkår 3.0 Unported og kan brukast vidare av andre.
OrangePillar.png Wikipedia har reglar for oppførsel. Respekter andre brukarar, ikkje øydelegg artiklar, prøv å semjast der det er usemje, og ta alt i beste meining.
RedPillar.png Wikipedia har ikkje permanente reglar bortsett frå desse fem prinsippa.