Wikipedia:Kjelder

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Systematisk kjeldebruk er viktig.

Alt som blir lagt inn på Nynorsk Wikipedia, må ha kjelder — du må seia kvar du har opplysingane frå, både når du skriv ein ny artikkel, og når du legg inn tilleggsstoff. Dette vil auka truverdet til artiklane for lesarar og andre skribentar, og gjera eventuelle faktakonfliktar lettare å løysa. Me føretrekkjer skriftlege kjelder, men om slike ikkje finst, kan du visa til andre former for medium eller, i særskilde høve, lokalkunnskap.

Om du omset frå Wikipedia på eit anna språk, må du oppgje dette. Tek du formuleringar frå ein annan tekst, må desse ramast inne av sitatteikn («») og du må oppgje kjelda nær sitatet. Det finst fleire hjelpemiddel for rett kjeldebruk. Vel den som passar din artikkel. Sjå gjerne på kva andre gjer, prøv deg fram, og spør andre om hjelp om det går i ball.

Bruk av ulike kjelder[endre | endre wikiteksten]

Når ein bruker ei fri kjelde[endre | endre wikiteksten]

Tekst som er «i det fri», anten fordi han er så gammal at han ikkje er verna av opphavsrett, eller fordi eigaren har frigjeve han, kan brukast direkte i ein artikkel om du ønskjer det. Du må framleis oppgje kjelde. Om teksten er frigjeven under ein viss lisens, må du passa på at du følgjer lisensen. Denne må passa med Creative Commons-lisensen til Wikipedia (CC-by-sa 3.0).

Wikipedia på alle språk er døme på frigjevne kjelder, og blir ofte brukt som hjelp til å skriva artiklar. Bruk gjerne malen {{omsett}}, som kan setjast inn ved hjelp av hjelpeboksen ein får opp nedst på sida når ein endrar ein artikkel. Trykker du på til dømes {{liminn:omsett|nb}} blir ein enkel utgåve av malen «limt inn» på sida. For meir om denne malen, sjå mal:omsett.

Når ein bruker ein kjelde med vanleg opphavsrettsvern[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste tekstar er verna av opphavsretten, og kan ikkje brukast eller omsetjast direkte. Du kan trekka ut fakta og bruka dei i din eigen tekst, men prøv å frigjera deg frå kjeldene dine og skriva nytt. Om du siterer formuleringar frå slike tekstar, må du merka desse med sitatteikn og opphav.

Korleis oppgje kjelder[endre | endre wikiteksten]

Kjeldeliste[endre | endre wikiteksten]

For korte artiklar kan det vera nok å oppgje kva ein har brukt som kjelder, i ei punktliste nedst i artikkelen. Ulike malar kan hjelpa deg til å formatera dei på rett måte, til dømes {{citation}} (for dei fleste type kjelder), {{kjelde bok}} (for bøker brukt som kjelde) {{kjelde www}} (for nettstader), osb. Du kan også formatera dei manuelt, sjå under.

Notar i teksten[endre | endre wikiteksten]

Ein god måte å oppgje nøyaktig kvar kva opplysing kjem frå, er ved hjelp av notar[1] like etter ord eller setningar.[2] Desse legg du inn ved hjelp av <ref> før og </ref> etter merknaden du vil leggja inn. Nedst i artikkelen kan du så leggja inn ei liste, som regel formatert med mindre skrift ved hjelp av {{fotnotar}} eller {{fotnoteliste}}. Notar med skrift i vanleg storleik får du med <references/>.

  1. Dette er ein note midt i teksten.
  2. Her har me brukt references i vanleg skriftstorleik.

Same noten kan nyttast fleire gonger om du gjev han eit namn. Første gongen du bruker han, skriv du til dømes <ref name="Namn">Referanse</ref>. Neste gong treng du berre skriva <ref name="Namn"/>. Denne noten vil då peika til det same som den første.

Notar og punktliste saman[endre | endre wikiteksten]

Ofte kan det vera nyttig å ha korte notar i teksten som viser til den fullstendige kjelda i kjeldelista. Dette kan gjerast ved å skriva kortversjonen av kjelda direkte (t.d. Øgrim 2000 s. 6), eller ved å bruka ein annan mal som knyter noten saman med kjelda. {{Harvard}}/{{Harvnb}} i noten og {{citation}} gjer dette automatisk.

Manuell formatering[endre | endre wikiteksten]

Om du heller vil formatera for hand, utan malar, kan du til dømes gjera det slik:

  • Om kjelda er ein nettstad, skriv du [http://www.lenkja.com forklåring].
  • Bokkjelder kan oppgjevast på fleire måtar, det vel artikkelforfattaren sjølv. Ein måte å oppgje ei bokkjelda på, er:
    • Forfattar. ''Tittel'' Opphavsstad Utgjevingsårstal: Forlag. ISBN nummer. Dette kan til dømes sjå slik ut: Jakob Sande. Gåsa, katten og hanen Leikanger 2006: Skald. ISBN 82-7959-060-9.

Kjelder i redigeringssamandraget[endre | endre wikiteksten]

Om du gjer ei mindre endring som det ligg ei eller to spesifikke kjelder bak, kan du nemna denne i redigeringssamandraget, helst samstundes som du nemner kva innhald du endra eller la til.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]